Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

USAs feilgrep?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2737
20171215
2737
20171215

ISLAM

Redaktør Svein Gjerdåker er som mange andre med på kritikken mot USA og Israel i Dag og Tid 8. desember.

Det er utfatteleg at så mange i den vestlege, opplyste verda trur på dei islamske mytane om Israels ulovlege okkupasjon og brot på folkeretten. Israels folkerettslege grunnlag vart lagt av dei sigrande maktene ved avslutninga av 1. verdskrigen. Britane hadde lagt eit grunnlag i Balfour-deklarasjonen 1917, og det vart ei rekkje mindre konferansar fram til vedtaka i Paris i januar 1920 og i San Remo i Italia i april same år. Noreg fekk då suverenitet over Svalbard og Bjørnøya med meir. Den største endringa var at det tyrkiske imperiet hadde gått i oppløysing. Britane og franskmennene fekk då mandat over kvar sine deler med føremål å oppretta sjølvstendige statar. Det eine av britane sine område, kalla Palestina, skulle verta nasjonalheim for jødane. Det var desse vedtaka som vart gjeldande folkerett, og det heile vart stadfesta av Folkeforbundet i 1922. Britane skulle leggja til rette for jødisk innvandring og tett busetnad for jødane i dette området.

Britane kom fort under sterkt press frå islamistiske krefter i området. Det kunne ikkje tolast med ein stat av vantruande i eit område som i mange hundre år hadde lege under islam. Britane sin politikk i mandattida vart forma av dette. Dei la sterke restriksjonar på den jødiske innvandringa, noko som vart handtert sers umenneskeleg då 2. verdskrigen nærma seg. Derimot kunne arabarar strøyma til nokså fritt, og presset auka. Staten Transjordania (den andre sida av Jordanelva), seinare Jordan, vart delt frå og fekk om lag tre fjerdedelar av området. Men etableringa av den jødiske staten vart trenert. I november 1947 laga FN ein delingsplan for den siste fjerdedelen. Jødane godtok også denne under føresetnad av at arabarane gjorde det same. Men arabarstatane godtok det ikkje og svara med krig då staten Israel vart etablert i mai 1948. Denne delingsplanen vart difor ingen folkerett.

Derimot okkuperte staten Jordan områda Judea og Samaria som dei då kalla Vestbreidda, og jødane måtte vekk. For første gong på meir enn 3000 år vart Jerusalem tomt for jødar, etter at 25.000 jødar vart drivne ut av byen. I dei 19 åra fram til 1967 vart mellom anna 58 synagoger raserte og 38.000 jødiske graver vandaliserte.

Er ambassadeflyttinga uklok? I 1968 var det 21 statar som hadde ambassadar eller var diplomatisk representerte i Jerusalem. Men etter enormt arabisk press og bruk av oljevåpenet i 1973 vart desse skremde til å flytta til Tel Aviv. Når islamsk terror når Europa, ser alle at ein ikkje kan gje etter og lata desse kreftene rå her. Men når det gjeld Israel, er det uklokt å ikkje bøya seg for dei same kreftene?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis