Velkomen tilbake til EFTA!
Demonstrantar på veg til parlamentsbygninga i London under ein protestmarsj mot den britiske utmeldinga av EU, 9. september. Innmelding i EFTA er eitt av alternativa for eit Storbritannia utanfor EU.
Foto: Scanpix / Reuters / Tolga Akmen
BREXIT
Dag og Tid stiller 15. september spørsmålet «kan EFTA-medlemskap bli ei mellombels løysing for britane på veg ut av EU?» Ja, og det kan også verte ei varig løysing, der Storbritannia går inn igjen i frihandelsforbundet som dei i si tid etablerte saman med mellom andre Noreg. Noreg må sjå dei nye mogelegheitene som brexit gjev for å bygge nye avtalar og samarbeid utanfor EU.
Der mange i EU tek til orde for å straffe britane for deira avgjerd som suveren nasjon, bør vårt fokus vere å ivareta samhandel og samarbeid mellom Noreg og Storbritannia – det land i verda som vi dei seinare år har eksportert mest til, og som vi har eit nært tilhøve til historisk, økonomisk og tryggingspolitisk. Når britane forlèt EU, får dei igjen kontroll med forvaltning av fiskeressursane og det vert viktig å finne felles strategiar mellom anna når det gjeld fiskeriforvaltning i våre havområde. På landbruksområdet har vi tidlegare funne gode løysingar i EFTA. EFTA-konvensjonens artikkel 8 har ei langt tydelegare vektlegging av omsynet til ein nasjonal landbrukspolitikk enn det tilfellet til dømes er i artikkel 19 i EØS.
I teorien kan Noreg vere heilt ferdig forhandla med britane om ein handelsavtale den dagen dei går ut av EU og signere han same dag. Vidare bør Noreg gjere det klart at britane er hjarteleg velkomne tilbake til EFTA. Førebuande traktattekstendringar for å mogeleggjere britisk medlemskap i EFTA burde ha starta for lenge sidan!
Det britiske folk har sagt nei til EU akkurat som det norske folk har gjort. Deira statsminister har sagt nei til EØS og ynskjer ein betre avtale med EU som ivaretek deira nasjonale suverenitet. Slik Storbritannia og Noreg i fellesskap etablerte EFTA som eit alternativ til EUs forløpar EEC, bør vi igjen bruke høvet til å bygge eit alternativt samarbeid mellom sjølvstendige land i Europa. Viktige prinsipp for eit slikt samarbeid bør vere nei til overstyring frå Brussel, regulert flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft, nasjonal styring og kontroll over våre naturressursar, ein sjølvstendig valuta og finanstilsyn og ei sjølvstendig stemme i internasjonale fora. Fleire land vil kunne finne interesse i dette. EU er inga suksesshistorie – verken økonomisk eller politisk.
Det ligg an til at brexitforhandlingane kjem til å verte svært betente, og regjeringa oppfører seg som om Noreg har valt side i striden som EUs kompanjong. Det er i strid med norske interesser. Når skal Bakke-Jensen forstå moglegheitene som brexit gir?
Sigbjørn Gjelsvik er nyvald stortingsrepresentant for Sp i Akershus og tidligare leiar i Nei til EU.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.