JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Verdikampen

«Diverre sit verken reinen eller laksen på Stortinget. Heller ikkje myra eller edellauvskogen.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3360
20241011
3360
20241011

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Natur

«Vestlandet er ... ja, det er jo fin natur, men først og fremst verdiskaping.» Slik omtrent starta energiminister Terje Aasland opningsinnlegget på konferansen «Kraft i vest» i september.

Opningsreplikken til Aasland sa mykje. Krafttilgangen var føresetnaden for framleis verdiskaping på Vestlandet. Salen var ikkje i tvil: Utbygging var nødvendig for framtidig velferd. Og tok Vestlandet sin del av ansvaret, var potensialet for energi og industri enormt.

Hjå Aasland hadde natur ingen annan verdi enn den økonomiske. Kanskje til nød om han var veldig vakker. Vakker natur kan ein tene pengar på. Og kanskje kan også ein statsråd frå Arbeidarpartiet kjenne eit stikk av sentimentalitet ved synet av omfattande naturøydeleggingar. Kven veit?

Men mange av oss vil seie at naturen også har andre verdiar enn dei reint økonomiske. Vi har dei som er direkte verdifulle for oss menneske: økosystemtenester, effektar for psykisk helse, kulturell tilknyting til landskapet, fridom og livskvalitet i inngrepsfri natur.

Så kan ein trekke det endå vidare. Vi deler naturen med mange ikkje-menneskelege livsformer. Har dei nokon gyldige krav på eksistens i naturen – og har denne nokon verdi? Har reinen på fjellet eller mosen i myra gyldige krav? Eller får dei berre den verdien som vi menneske gir dei? Debatten kring vår siste villrein i Rondane viser at sjølv her sit det langt inne å gjere sjølv svært små offer.

Ikkje-økonomiske verdiar er vanskelege å formidle og enda vanskelegare å kvantifisere. Det er likevel noko vi turnerer i det daglege. På dei fleste juridiske og politiske område er verdiar sentrale og ivaretatt. I økologien, derimot, har vi eit politisk og juridisk underskot.

Det ikkje vere slik. Fleire ikkje-menneskelege subjekt har juridiske rettar. Både husdyr og laboratoriemus har rettsvern. Også den høgst abstrakte storleiken aksjeselskap er ein juridisk person. Så då kan vel eit økosystem få visse rettar også? Historisk har rettar vore kjempa fram. Historisk har kvinnerørsla og minoritetar reforhandla rettane sine gjennom politisk kamp. Diverre sit verken reinen eller laksen på Stortinget. Heller ikkje myra eller edellauvskogen.

Det er ikkje tilfeldig at det er slik. Dei økonomiske naturinteressene er rikt representerte i makta sin sal. Kraftbransjen får stor forståing hjå dei største politiske partia, og staten er sjølv ein stor aktør.

Men myndigheitene si oppgåve er å ivareta fleire verdiar og behov. Når staten er ein næringsaktør, sviktar han dette ansvaret.

Og når vi snakkar om verdiar, så må vi også snakke om det konkrete. Når vinden blæs over lyngheiene og heiloa klynkar vemodig, ja, så er det som eg kjenner vemodet i kroppen. Når vi øydelegg naturen ikring oss, raserar vi heilt konkrete verdiar – vi blir fattigare. I prosessen mister vi kontakten med landet og kulturhistoria vår. Og vi undergrev livsgrunnlaget til dei vi deler naturen med.

Det var ingen heiloer på dei strigla presentasjonane til «Kraft i vest». Det var ingen myrer, rein eller edellauvskog heller. Men dei finst, dei har verdi, og dei bør ha rettar. Miljøkampen er ein verdikamp. Ein kamp for livets vilkår – vårt eige inkludert.

Kristian K. Starheim er lærar og forfattar og utdanna molekylærbiolog og filosof.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis