JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Vi treng fleire universitet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2996
20240705
2996
20240705

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Utdanning

Redaktør Svein Gjerdåker brukar leiarplass i Dag og Tid 21. juni til å påpeike at Høgskolen i Innlandet (HINN) er på veg inn i universiteta sine rekker. Eg takkar for gratulasjonen, og ønskjer å svare på eit par av spørsmåla redaktøren stiller.

Gjerdåker forstår ikkje kvifor landet treng fleire universitet. «Vi har alt ti frå før. Det må vera mange nok i eit lite land», skriv han.

Frå min ståstad, litt ute i periferien i dette landet, ser landskapet og problemstillingane noko annleis ut.

Befolkninga i Innlandet har til dømes blant landets høgste del eldre og lågaste del yngre. Me har spreidd busetnad og Noregs lågaste utdanningsnivå. Samstundes har regionen store moglegheiter og ambisiøse strategiar for vekst og utvikling inn i ei berekraftig framtid. Men skal regionen lukkast, krevst det større kompetansemiljø og vekst med rot i forskingsbasert kunnskap.

Det er her me som universitet skal spele ei meir betydingsfull rolle enn det me gjer i dag. Ei akkreditering som universitet vil gjere tydelegare kva me er og kva me gjer: altså ein institusjon som tilbyr eit breitt spekter av utdanningar på alle nivå, med høg kvalitet i undervisning og forsking.

Me trur at ein universitetsstatus vil gjere oss meir attraktive i rekruttering av studentar og tilsette, og føre til enda meir samarbeid med nærings- og arbeidsliv.

Med universitetsstatus følgjer ein større autonomi når det gjeld å utvikle studieporteføljen vår. Denne ønskjer me å utvikle i samspel med nettopp arbeids- og samfunnsliv i Innlandet, der me allereie har tette relasjonar og gode erfaringar å byggje vidare på.

Som redaktøren er inne på, vert vår sektor stadig meir internasjonal. Det vert auka konkurranse om forskingsmidlar og rekruttering av både studentar og medarbeidarar. For å kunne bidra til å løyse lokale og nasjonale utfordringar gjennom forsking og utdanning, er me avhengige av å delta på den globale arenaen. Å «melde seg ut» er ikkje eit alternativ for institusjonar som vil bety noko.

Med universitetsstatus trur eg altså at me får ei ekstra kraft til å vere ein pådrivar og bidra til å løyse utfordringar i vår eigen region. Men me skal også vere ein bidragsytar å rekne med nasjonalt, og innan enkelte område også internasjonalt.

Redaktøren oppfordrar høgskulesektorane til å satse på å verte betre høgskular, framfor universitet, av omsyn til studentane. Eg kan forsikre om at ved HINN skal me ikkje slutte med god undervisning sjølv om me vert universitet – heller ikkje på profesjonsutdanningane våre. Tvert imot: Me skal i enda større grad tilby forskingsbasert undervisning. Det betyr ikkje at desse utdanningane skal verte mindre praksisretta. Men at studentane skal møte oppdatert kunnskap!

Og det treng det litle landet, og ikkje minst Innlandet, i tidene som kjem.

Peer Jacob Svenkerud, rektor ved Høgskolen i Innlandet

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Me trur at ein universitetsstatus
vil gjere oss meir attraktive i rekruttering av studentar og tilsette.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis