Vikingane og Skandinavia
Viking
Eg har to merknader til oppslaget om John Linds forsking på ordet viking:
1. Lind har rett i at a) ordet viking i kjeldene er nøytralt når det gjeld etnisitet og b) ofte er brukt om ikkje-skandinavar, at ordet i kjeldene c) tyder sjørøvar; og d) at folk i Skandinavia ifølgje kjeldene ikkje oppfatta seg som vikingar, men slost mot vikingar. Poeng b) – d) er velkjende blant filologar og historikarar. Men a) kjenner dei kanskje dårlegare, trass i at det vart påvist av Fell i 1986, samtidig som alle poenga nok er lite kjende av arkeologar og folk flest. Linds bidrag er derfor viktig.
Heller ikkje etymologien, som eg har forska på, ser ut til å knyte ordet viking til Skandinavia. Ingen ting i kjeldene knyter det til Vík på Skagerakkysten. I gammalengelsk finn vi ordet viking heimla før vikingtida, og den lydlege forma det har der, tyder på at ordet fanst så tidleg som på 400–500-talet, altså før seglet kom til Nord-Europa. Då er det rimeleg å avleie det av verbet vike, som svært tidleg vart brukt om turnus. Ordet veke, som har samband med dette verbet, uttrykker at vekedagsgudane avløyser kvarandre i ein turnus (Ó_insdagr, _órsdagr, osb.). Veke vart òg brukt om den gamle distanseeininga på sjøen, og der gjeld turnusen venteleg roing. Før seglet rodde folk svære skip opp og ned kysten, eller til England. Slike lange roferder må ha vore prega av korleis mannskapet avløyste kvarandre ved årene, og det er grunn til å tru at å fara í víking opphavleg sikta til dette. I så fall tydde det bokstavleg å fara på skifting, avløysing, medan ein víkingr var ein som fór på ei slik skifte-ferd – heilt uavhengig av kva etnisk bakgrunn han hadde.
2. Likevel er ikkje dagens kopling av ordet viking og skandinavar gripen ut or lufta, slik ein kan få inntrykk av at Lind meiner. I dei norrøne tekstane blir víkingr oftast brukt om skandinavar, og utrykket (fara) í víking blir berre brukt om skandinavar, så vidt eg kan sjå. Dei gammalengelske kjeldene er mykje knappare; fleire er reine gloselister. Men hos Ælfric og i Anglo-Saxon Chronicle går det fram at det er skandinavar som er wicingas, og i Widsith er wicingas brukt om eit folkeslag. Dette folkeslaget er rimelegvis skandinavane, sidan det fyrst og fremst var dei som kom til England og herja på den tida, slik som elles i Nord-Europa. Wicingas / víkingar tydde i regelen ikkje skandinav, berre sjørøvar. Men sjørøvarar var oftast skandinavar den gongen.
Eldar Heide er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?