Rapporten Nedgang i fruktbarheten fra 2010 (mai 2017), gjort for Statistisk Sentralbyrå, syner at kvinner ventar lenger enn tidligare med å få barn. Samstundes får færre meir enn to barn. Det resulterer i eit rekordlågt samla fruktbarheitstal i 2016 på 1,71 barn per kvinne. Vi må tilbake til 1986 for å finne eit like lågt tal.
Rapporten, som er skrive av Trude Lappegård og Lars Dommermuth, koplar fertilitetsnedgangen til finanskrisa og den generelle økonomiske situasjonen på arbeidsmarknaden i Noreg. Forskinga viser at arbeidsløyse på samfunnsnivå har fått større verknad etter 2010, fordi dei unge i område med høg arbeidsløyse vel ikkje å få barn.
Den andre årsaka er at vegen inn i arbeidslivet er meir avgjerande enn før. Det å vere i arbeid og å ha samla seg opp arbeidserfaring blir sett på som viktigare. Dette kan også tyde på at det har blitt vanskelegare å få fotfeste i arbeidsmarknaden. Forskarane finn at kvinner som er i arbeid, har mykje høgare sjanse for å få sitt første barn, enn dei som ikkje er i arbeid.
Høgare utdanning er dessutan ei drivkraft bak auka gjennomsnittsalder for førstegongsfødande. Kvinnene som får flest barn, er generelt lågare utdanna og er oftare tilsette i kvinnedominerte yrke.
Nedgangen i tredjegongsfødslar skildrar forskarane som ein generell trend på tvers av ulike grupper i samfunnet. Trenden har blitt forsterka sidan 2010. Då fekk norske kvinner i gjennomsnitt 1,98 barn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rapporten Nedgang i fruktbarheten fra 2010 (mai 2017), gjort for Statistisk Sentralbyrå, syner at kvinner ventar lenger enn tidligare med å få barn. Samstundes får færre meir enn to barn. Det resulterer i eit rekordlågt samla fruktbarheitstal i 2016 på 1,71 barn per kvinne. Vi må tilbake til 1986 for å finne eit like lågt tal.
Rapporten, som er skrive av Trude Lappegård og Lars Dommermuth, koplar fertilitetsnedgangen til finanskrisa og den generelle økonomiske situasjonen på arbeidsmarknaden i Noreg. Forskinga viser at arbeidsløyse på samfunnsnivå har fått større verknad etter 2010, fordi dei unge i område med høg arbeidsløyse vel ikkje å få barn.
Den andre årsaka er at vegen inn i arbeidslivet er meir avgjerande enn før. Det å vere i arbeid og å ha samla seg opp arbeidserfaring blir sett på som viktigare. Dette kan også tyde på at det har blitt vanskelegare å få fotfeste i arbeidsmarknaden. Forskarane finn at kvinner som er i arbeid, har mykje høgare sjanse for å få sitt første barn, enn dei som ikkje er i arbeid.
Høgare utdanning er dessutan ei drivkraft bak auka gjennomsnittsalder for førstegongsfødande. Kvinnene som får flest barn, er generelt lågare utdanna og er oftare tilsette i kvinnedominerte yrke.
Nedgangen i tredjegongsfødslar skildrar forskarane som ein generell trend på tvers av ulike grupper i samfunnet. Trenden har blitt forsterka sidan 2010. Då fekk norske kvinner i gjennomsnitt 1,98 barn.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.