JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kvifor Trump truleg overlever

Ein skal aldri seia aldri, men om noko er sikkert i amerikansk politikk ved det komande årsskiftet, er det at
1) Representanthuset kjem til å reisa riksrettssak mot president Donald Trump før jul og 2) presidenten vert sitjande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I komitéinnstillinga som demokratane la fram tysdag 3. desember, resonnerer dei prinsipielt: Om det ikkje vert reist tiltale mot Trump, kan han tolka det som grønt lys for meir lyging, fleire skitne knep, meir maktmisbruk i eiga, personleg interesse og meir triksing og fiksing.

Foto: Loren Elliott / Reuters / NTB scanpix

4157
20191206
4157
20191206

Det må eit politisk jordskjelv til før to tredjedelar av medlemene i Senatet, det vil seia 67 av dei hundre senatorane, røystar for å avsetja han.

Skulle han gå ut av striden med eit så stort mindretal som 34 mot 66 røyster, kan han likevel halda fram som statssjef.

Sjølv med ein så skrinn og veik redningsplanke for den 45. presidenten i USAs historie må vi oppleva eit reint samanbrot i det republikanske partiet, som har simpelt fleirtal i Senatet. Lite, om noko, tyder på at vi kan få ei slik utvikling ved inngangen til valåret 2020. Stikk i strid med det dei fleste i USA venta, og mest alle utlendingar som utropte seg sjølve til ekspertar, trudde, gjorde den sjølvrådige og kyniske eigedomsmagnaten seg raskt til herre og eigar av det republikanske partiet. Der saka no går over til justiskomiteen i Representanthuset, vil riksrettstiltalen verta utforma – eit nederlag for Trump. Når voteringa til slutt kjem, vil Trump få fleire enn dei 34 røystene han treng for å overleva – ein siger. Og alle, ikkje minst han sjølv, kan ta fatt på valkampen fram til det normale presidentvalet om elleve månader. Korleis utfallet vert der, er det i dag uråd å seia noko om. I alle fall er det uklokt og usikkert å våga seg på det.

Republikansk kritikk

Men det skal han ha: Heller ikkje denne første veka i desember har han gjort det lett for seg. Han har brukt staben i Det kvite huset på måtar som ikkje berre demokratane, men også mange republikanarar finn kritikkverdige. Suverent har han neglisjert påbodet frå Representanthuset om å utlevera dokument til Kongressen. Korkje Richard Nixon eller Bill Clinton risikerte noko slikt, for det er i strid med det som står i den amerikanske grunnlova om sjølve riksrettsinstituttet. Truleg vert det eit eige tiltalepunkt mot presidenten. Trump kjenner seg trygg på at dei få republikanske senatorane som har ein god del å kritisera han for, vil stå fast på det synet at noko, kanskje mykje, burde ha vore gjort annleis. Men synderegistret er etter deira meining ikkje så grovt at det gir grunn til å kasta han ut av Det kvite huset.

Her går det eit djupt skilje mellom dei to store partia. Demokratane kan telja røyster, dei òg, og dei ser at i dag er den republikanske falanksen stor nok til å berga Trump. I den komitéinnstillinga som demokratane la fram tysdag 3. desember, resonnerer dei prinsipielt: Om det ikkje vert reist tiltale mot Trump, kan han tolka det som grønt lys for meir lyging, fleire skitne knep, meir maktmisbruk i eiga, personleg interesse og meir triksing og fiksing. Det vil ha fylgjer ikkje berre for perioden fram til 20. januar 2021 – eller 20. januar 2025 dersom han vert attvald no i november – men for USAs historie i fleire seinare presidentperiodar. Det er godt tenkt, og det har ankerfeste i dei tankane som dei amerikanske grunnlovsfedrane gjorde seg for 250 år sidan.

Eitt atterhald

Det kan vera klokt å ta eitt atterhald: Det kan ramla enda fleire grinande skjelett ut av dei skåpdørene som Trump og venene hans nektar å opna. Tysdag dukka det opp ei liste over framståande Trump-allierte som hadde ringt til folk i krinsen rundt presidenten på tidspunkt som er interessante i lys av riksrettsførebuingane og det spelet som Trump systematisk har drive. Men vi veit ikkje kva som vart sagt eller kven som sa kva. Og duger det da som prov og som grunnlag for å setja eit valresultat ut av kraft?

Ja, ville mange av grunnlovsfedrane truleg ha sagt. Men dei har ikkje røysterett i dag. Det har republikanarane i Senatet i 2019–2020, og dei seier nei. Da hjelper det ikkje at knapt ein einaste av dei er på det same intellektuelle nivået som George Washington, John Adams, Alexander Hamilton eller William Jefferson.

Det er lenge sidan.

Per Egil Hegge er tidlegare redaktør og kommentator i Aftenposten og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det kan ramla enda fleire grinande skjelett ut av dei skåpdørene som Trump og venene hans nektar å opna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis