– Aldri for seint
Nye teknologiar gjer angrepsflata større, og det hastar å gjere tiltak, seier Stig Rune Sellevåg.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og forsvarsminister Bjørn Arild Gram tek imot rapporten «Sikkerhetsfaglig råd – Et motstandsdyktig Norge» av direktør i NSM Sofie Nystrøm.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Samtalen
Stig Rune Sellevåg
forskingsleiar ved avdeling for Totalforsvar ved FFI
Aktuell
Rapporten frå Nasjonalt tryggingsorgan

sofie@dagogtid.no
Tysdag 9. mai la Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) fram rapporten «Sikkerhetsfaglig råd – Et motstandsdyktig Norge». Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har bidrege og sett på teknologiske og samfunnsmessige utviklingstrekk som er særleg viktige for nasjonal tryggleik. Stig Rune Sellevåg er forskingsleiar ved avdeling for Totalforsvar ved FFI og ansvarleg for oppdraget. Han har også delteke i prosjektgruppa til NSM.
– Noreg er eit av dei mest digitaliserte landa i verda. Kva er det med den teknologiske utviklinga som gjer oss sårbare?
– Først vil eg nemne at den teknologiske utviklinga er viktig for offentleg og privat verdiskaping og opnar mange nye dører. Men på same tid følger det med utfordringar. Utviklinga skjer raskt, og det er vanskeleg å seie noko om teknologiske trendar. Då blir det også vanskeleg å sjå føre seg kva risikoar og utfordringar ein kan vente seg.
– Men noko veit ein?
– Ja, det eine er knytt til fleirbruksperspektivet. At teknologien kan brukast til utvikling av militære våpensystem eller utnyttast av kriminelle og andre trugsmål. Det er difor viktig å ha kontroll på teknologiutviklinga og at teknologien ikkje blir spreidd til aktørar som kan skade dei nasjonale tryggingsinteressene våre. Det andre er at ny teknologi gjer angrepsflata større. Me må passe på at me ikkje blir avhengige av kritiske komponentar som blir laga i land me ikkje har sikre samarbeid med.
– No går me snart over til 5G-nettet som vil danne basis for dei fleste kommunikasjonstenestene. Kva nye utfordringar kan me møte når me tar dette i bruk?
– Klarer me å utvikle det på ein god måte, vil det gi oss fleire føremoner. Det vil også styrke tryggleiken vår. Men her legg me mange egg i éi korg, det er mange samfunnstenester som kjem til å bruke 5G, så me er nøydde til å ha eit forsvarleg tryggingsnivå, slik at tenesta kan oppretthaldast i fredstid og krig.
– Kva tiltak tilrår du blir gjorde for at me lettare kan stå imot trugsmål utanfrå?
– Då vil eg vise til NSMs tryggingsfaglege råd som legg fram tre overordna målsettingar som eg meiner står seg godt, og som er gode råd. Dei går på situasjonsforståinga og responsevna til styresmaktene, sikring og systematisk styring av tryggleik hos verksemdene, og at befolkninga er årvakne og har sterk motstandskraft. Meir konkret under dette finn me dei tolv strategiske tryggingsmåla som NSM gir.
– Når me ser på kor fort den digitale utviklinga går, og kor fort tryggingssituasjonen endrar seg i Europa, er det ikkje for seint å sette i gang med tiltak no?
– Det at me er seint ute, betyr berre at det hastar meir. Kanskje kan me tenke nytt og kreativt, slik at me kan ta igjen gapet på ein raskare og meir effektiv måte. Men det er aldri for seint å gjere tiltak.
– Kva er det viktigaste som er gjort for å styrke den norske beredskapen dei siste ti åra, meiner du?
– Det har vore eit kontinuerlig arbeid med å styrke samfunnstryggleiken og styrke digital tryggleik. Noreg har gjort mykje. Den utfordringa me står i no, er at den tryggingspolitiske situasjonen er så skjerpa at det me har gjort tidlegare, ikkje er nok. Slik både NSM og forsvarskommisjonen har peika på, krev det kraftfulle tiltak for å styrke den nasjonale tryggleiken og forsvaret av landet.
– Var du overraska over funna til forsvarskommisjonen og NSM?
– For oss som er i miljøet, så var det ikkje noka overrasking. Det kjem mange rapportar no framover som har den same bodskapen.
– FFI har peika på rombaserte tenester som ei viktig prioritering framover. Det er jo noko som kan vere fjernt for mange av oss.
– Både fjernt, uforståeleg og usynleg. Me forstår nok ikkje kor avhengige me faktisk er av desse tenestene. Berre tenk på at dette er tenester som bidrar til å bestemme posisjon, navigasjon og sette nøyaktig tid. Dette er særs viktige funksjonar i eit moderne samfunn. Rombaserte tenester blir viktigare for oss, og då blir naturleg nok også romtryggleik det.
– Kjem dei fleste trugsmåla mot Noreg innanfrå eller utanfrå?
– Det må Etterretningstenesta og PST svare på. Det eg vil seie, er at dei alvorlegaste trugsmåla me står overfor, ikkje tar omsyn til korkje landegrenser eller sektorgrenser, noko som gjer dei krevjande å ta tak i.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.