Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kina har sine eigne ambisjonar og sin eigen agenda, og Noreg burde vere på vakt. Det seier Torbjørn Færøvik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3633
20170922
3633
20170922

Økonomi

eva@dagogtid.no

– Eg synest vi burde hatt garden mykje høgare oppe overfor Kina. Landet representerer ei politisk retning og ein tradisjon som er heilt framand for oss. I tillegg er landet så stort at vi kjem i ein sårbar situasjon i jamføring. Saman med norsk naivitet får vi ein kombinasjon som kan vere skadeleg, seier Kina-kjennar og forfattar Torbjørn Færøvik.

Han har skrive fleire bøker om historia til Kina, og nølar ikkje med å sjå dei kinesiske utanlandsinvesteringane som politisk strategiske.

– Europa og USA er langt framme på det teknologiske området. Kinesarane kan hoppe over mange år med forsking og store utgifter ved å posisjonere seg i Europa og skaffe seg ein blåkopi av det som skjer her, som dei kan nytte til eigne føremål. Dei er jo spesialistar på å kopiere andre, og det å få tilgang til teknologien i Europa er veldig viktig for dei. Særleg når det gjeld militær teknologi. Men å sleppe kinesarane til på dette feltet er svært urovekkjande. Sjølv om dei er ein samarbeidspartnar for Europa, er dei også ein potensiell rival i ei eventuell global konflikt, seier han.

– Kor statleg styrde trur du investeringane er?

– Mange kinesiske selskap kjem i kamuflasjeuniform i Europa. Dei etablerer seg under nye namn, som gjer det vanskeleg å etterspore opphavet i Kina og kva dei eigentleg steller med. Det har vore den store hovudpina for vestlege organisasjonar som skal etterprøve og prøve å følgje med på kva som skjer. Generelt er kinesiske styresmakter opptekne av å posisjonere seg for råvaretilgang, særleg i den tredje verda, og for avansert teknologi, som er det vi snakkar om i Europa og USA, seier han.

– Kinesarane er veldig smarte heile tida. Ein må nesten beundre dei for at dei er så flinke å sno seg i vest og å finne dei svake punkta.

Færøvik følgjer det som no skjer i EU med interesse, og seier det er på høg tid at det vert teke grep for samordning og meir kontroll av investeringane, både i EU og i Noreg.

– Mykje av den aukande interessa frå Kina for investeringar i strategiske industriar som forsvar, militær og høgteknologi, har føregått under radaren i EU. Enkelte land har i dag ingen instans til å kontrollere dei kinesiske investeringane. Ein kan også spørje seg om Noreg er nok på vakt. Også her har det dei seinare åra vore ulike kinesiske framstøytar for å kome i posisjon til avansert teknologi. Huawei er ein stor operatør som byggjer ut det norske mobilnettet. Kor riktig er det at ein kinesisk aktør skal byggje ut og halde ved like det norske mobilnettet? Sett at det kneler i ein krisesituasjon?

Færøvik seier norske styresmakter også burde vere varsame med eksponeringa overfor Kina etter at det politiske forholdet er såkalla normalisert igjen.

– Det er ein slags Kina-rus og Kina-feber etter det som skjedde i desember i fjor. Norske delegasjonar reiser til Kina, det vert skåla og ete fine middagar, og alle er veldig glade. I ein slik situasjon er det alltid ein fare for å gå for langt, seier han.

– Kva er faremomenta?

– Noreg er ein del av ein vestleg allianse, og Kina er ikkje det. Dei har sine eigne ambisjonar og sin eigen agenda, og i ein potensiell konflikt mellom Vesten og Kina kan vi kome i fare for å ha late vår eigen teknologi og kunnskap kome Kina til gode. Vi må ikkje heller gløyme at Kina er eit hardt diktatur som reint politisk står langt frå Noreg, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Kor riktig er det at

ein kinesisk aktørskal byggje ut og

halde ved like det

norske mobilnettet?

Torbjørn Færøvik

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis