– Det held med éin myndigalder
Fem parti på Stortinget vil la 16-åringar røyste ved kommune- og fylkestingsval. Mari Holm Lønseth meiner det er uklokt.
Foto: Stortinget
Samtalen
Mari Holm Lønseth
Stortingsrepresentant for Høgre
Aktuell
Røysterett for 16-åringar
Samtalen
Mari Holm Lønseth
Stortingsrepresentant for Høgre
Aktuell
Røysterett for 16-åringar
jesper@dagogtid.no
Denne veka fremja Venstre med støtte frå Raudt, SV, Arbeidarpartiet og MDG eit framlegg om å gje røysterett til 16-åringar ved kommune- og fylkestingsval. Onsdag vart saka diskutert på Stortinget – då med eit negativt utfall. Dimed kan norske tenåringar sjå langt etter direkte politisk medverknad med det første.
I fleire andre europeiske land har 16-åringane alt høve til å røyste. I Austerrike vart valalderen sett ned til 16 år på alle nivå i 2007. Den tyske regjeringa har tidlegare i år gått inn for å senke røysterettsalderen til 16 år på alle nivå. I somme delstatar er det mogleg alt i dag. Også i Skottland kan 16-åringar røyste ved lokalval.
Mari Holm Lønseth er stortingsrepresentant for Høgre og medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen.
– Røysterett for 16-åringar, for eller imot?
– Eg er imot. Det held med éin myndigalder. Fleire argument talar imot, men eg meiner det aller viktigaste er at 16-åringar ikkje kan stå på ei valliste. Om ein skal kunne røyste, meiner eg ein òg må vere valbar. Dei to tinga heng saman.
– Men då kan ein jo berre seie at 16-åringar vert valbare?
– Det er ikkje det framlegget som er oppe til debatt no.
– Prøveprosjektet ved kommunevala i 2011 og 2015 synte at det var fleire 16-åringar enn andre førstegongsveljarar som røysta. Syner ikkje det at det er stor politisk interesse i denne gruppa?
– Sjølv om prøveprosjektet frå nokre år sidan synte ganske høg valdeltaking blant 16-åringane, var ikkje det ein langvarig effekt. Det var mykje fokus på 16-åringane den gongen. Difor vart valdeltakinga i denne gruppa også høg. Vi politikarar må derimot generelt verte flinkare til å nå ut til førstegangsrøystarane og kommunisere politikken vår betre.
– Fleire europeiske land, deriblant Austerrike og Skottland, har innført røysterett for 16-åringar på ulike nivå. Forskinga derifrå syner at det har godt effekt på lang sikt. Kan ikkje røysterett for 16-åringar føre til auka politisk deltaking i denne gruppa?
– Forskinga er sprikande på dette feltet. Basert på erfaringane her i Noreg, meiner eg det ikkje er grunnlag for å senke røysterettsalderen.
– Somme peiker på at 16-åringar er storforbrukarar av kommunale og fylkeskommunale tenester. Bør dei ikkje då få høve til å ha eit ord med i spelet?
– Det argumentet kan du like godt nytte om både 14- og 15-åringane. Dei er kanskje dei som er i nærast kontakt med sosialtenestene våre. Eg meiner likevel det er ryddigast å la grensa gå ved myndigalderen.
– På mange område er 16-åringar alt myndige. Dei kan verte dømde, ta mopedlappen og betale skatt.
– Først som 18-åring er du fullt ut vaksen. Då kan du kjøpe alkohol og ta førarkort til bil. Vi må ha éin alder for kva tid ein vert myndig. Då meiner eg det er rett at røysterettsalderen går der.
– Kvifor er akkurat 18 år den rette alderen?
– Vi må berre setje grensa ein stad. Fram til no har 18-årsgrensa fungert godt.
– Mange av dei største problemstillingane vi står overfor i dag, vedkjem i aller høgste grad framtida til dei aller yngste av oss. Ta til dømes klimakrisa. Er ikkje det ein vektig grunn til at dei skal få vere med å bestemme?
– Det er fullt mogleg å ha noko å seie utan å kunne røyste. Vi må lytte til barna, det meiner eg er viktig. Så er det røysterett på kommunalt nivå det vart røysta over på Stortinget no. Lokalt vert unge menneske alt i dag inkluderte i den politiske prosessen gjennom ungdomsråd rundt om. Vi i politikken har eit ansvar for å lage politikk som gagnar dei yngste, men òg til å forklare politikken.
– Eit hyppig argument mot røysterett for 16-åringar er at dei er for umodne. Er ikkje det eit argument som like godt kan slå attende på mange vaksne menneske?
– Det er eit argument eg ikkje har lyst til å bruke. Det finst mange fornuftige 16-åringar. For meg er hovudpoenget at ein må vere valbar og myndig for å kunne røyste.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om ein skal kunne røyste, meiner eg ein òg må vere valbar. Dei to tinga heng saman.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.