– Det var deira eiga skuld
Som representant på vippen har Amineh Kakabaveh svensk politikk i sine hender.
Den svenske regjeringa på veg mot mistillitsrøystinga i Riksdagen mot justisminister Morgan Johansson (i midten).
Foto: TT / Reuters / NTB
Samtalen
Amineh Kakabaveh
uavhengig medlem av Riksdagen i Sverige
Aktuell
Tyrkia stikk kjeppar i hjula for den svenske Nato-søknaden

jesper@dagogtid.no
Tysdag vart det stilt mistillitsforslag mot den svenske justisministeren på grunn av handsaminga hans av gjengkriminaliteten i Sverige. Heilt uavhengig av saka var det knytt stor spenning til mistillitsforslaget. Riksdagsmedlem Amineh Kakabaveh truga nemleg med å røyste imot regjeringa – noko som ville ha leidd Sverige inn i ei ny regjeringskrise, av di statsminister Magdalena Andersson hadde stilt kabinettsspørsmål.
Sjølv om ho er eit uavhengig medlem av Riksdagen, har Kakabaveh stor påverknad på den svenske rikspolitikken. Regjeringa er nemleg heilt avhengig av hennar røyst for fleirtal i parlamentet. Sist haust sikra ho fleirtal for Magdalena Andersson i statsministervalet.
Fram til 2019 var Amineh Kakabaveh ein del av Vänsterpartiet. Før det skapte ho uro i partiet ved å gå i rette med religiøs æreskultur.
Foto: Sveriges Riksdag
– Kva er det Tyrkia krev av Sverige for å opne døra til Nato?
– Mykje av den tyrkiske motstanden kjem av Sveriges støtte til kurdarane. Erdogan vil framstille alle motstandarar av den autoritære, islamistiske og kvinnefiendtlege politikken hans som terroristar. Difor vil han kaste forsvarsministeren vår, og han vil ikkje at eg skal vere riksdagsmedlem, berre på grunn av det kurdiske opphavet mitt. Eg er fødd i den kurdiske delen av Iran, og eg er svensk statsborgar og svensk riksdagsmedlem. Kva har eg med Tyrkia å gjere?
– Du har ein særskild avtale med den svenske regjeringa. Kva går den ut på?
– Fleire parti i Riksdagen støttar den kurdiske saka i Syria av di dei sigra over IS. Sosialdemokratane støttar òg kurdarane. Men før statsministerrøystinga fann eg ut at etterretningstenesta vår, Säpo, i samarbeid med Tyrkia terrorstempla eit hundretal asylsøkjarar frå mellom anna Rojava. Det har enorme konsekvensar på individnivået. Eg syntest det var urettvist. Om vi har mistanke om at ein person er terrorist, må dette prøvast for svenske domstolar. Vi kan ikkje støtte folk med den eine handa og så kalle menneske frå same organisasjon for terroristar. Avtalen seier at folk som søkjer opphald her, skal prøvast på våre rettsstatlege premissar. Dei er ikkje terroristar, dei er fridomsforkjemparar. Det forargar Erdogan, så klart.
– Du er imot eit svensk Nato-medlemskap. Kvifor det?
– Eg tykkjer Sverige fortener alliansefridom. Verda treng fleire diplomatar, meir fred og nedrusting. Om vi som ein trygg og demokratisk nasjon ikkje fremjar det, kjem vi til å skape meir utryggleik for andre i verda. Dei har sett kva Nato har gjort i Irak og Afghanistan. Kvifor skal vi då sende våre kvinner og menn til andre land for å ta livet av seg sjølv? Vi skal bidra med fred og tryggleik.
– Etter at Russland har gått til uprovosert åtak på eit anna land, vil mange meine at eit Nato-medlemskap vil føre til meir tryggleik?
– Nato-spørsmålet er så visst påskunda av det ulovlege åtaket på Ukraina. Men Putin kan ikkje bombe eit anna land no når han ikkje eingong klarer ta seg av Ukraina. Vi har inga grense og berre vatn mellom oss. I tillegg har Sverige verdas nest mest moderne våpenarsenal etter USA. Vi kan ikkje late oss kue av tanken på at vi kjem til å døy om Putin berre sender eit par ubåtar eller fly. Sverige vil verne seg. Kvar einaste av oss er klar til å forsvare landet om naudsynt. Men vi er ikkje der enno. Dessutan skapar Nato-søknaden meir uro enn tryggleik på heile kontinentet. Den tryggleikspolitiske ordninga har USA sjølv skapt etter den kalde krigen. Eit Nato-medlemskap er det først og fremst næringslivet som vil ha, ikkje politikken. Å selje våpen er viktig for Sverige. Putins aggressive politikk må ein ta på alvor. Men når alle investerer i våpen, opnar det døra til ei heilt anna verd. Våpen drep menneske. Det har eg sjølv erfart.
– No har du ei litt spesiell rolle i Riksdagen og for regjeringa?
– Eg er partilaus, men eg kan påverke med røysta mi. Og eg har ikkje sklidd inn i Riksdagen på eit bananskal. Eg var seks år då eg protesterte mot regimet i Iran, og tretten då eg fekk ein dødsdom. I 35 år har eg kjempa for kvinners rettar, demokrati og menneskerettar både i Midtausten og i Sverige. Så eg er ikkje ein person som berre er i politikken for å prate. Eg har eit samvit og eit ansvar som medborgar. Difor nyttar eg røysta mi for demokratiet.
– Men er det demokratisk at éin enkelt representant har så mykje påverknad i eit så viktig spørsmål?
– Eg venta i sju månader på at regjeringa skulle gjennomføre det dei lova når det gjeld den kurdiske saka. Men eg venta og venta. I mars, i april og i mai åtvara eg om at eg ville røyste imot regjeringa i alle avgjerande røystingar om dei ikkje svarte. Difor vart det så turbulent. Det var deira eiga skuld.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har ikkje sklidd inn i Riksdagen på eit bananskal.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»