– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Samtalen
Jan Arild Snoen, skribent og forfattar. Han har skrive fleire bøker om USA og har nettopp gitt ut «Trump og fascismen».
Aktuell: Debatten mellom Trump og Harris

sofie@dagogtid.no
– Kamala Harris vart hylla etter debatten natt til onsdag. Ho vann debatten, meiner mange. Er du samd i det?
– Det er eg. Og det viser også meiningsmålinga til CNN. Kamala Harris dominerte debatten. Ho var på offensiven sjølv om Trump prøvde å slå tilbake og heile tida fekk siste ordet. Harris ser framover og peiker mot ein meir optimistisk bodskap. Eg synest ho fekk fram politikk i den grad ein klarar det i slike debattar. Det er ofte meir snakk om stil og personlegdom.
– Og Trump?
– Han verka meir negativ enn Harris. Det hjelpte ikkje at han heile tida fekk siste ordet. Men han gjorde det me kunne forvente. Han har nokre punkt han skal snakke om, ikkje minst innvandring. Så det heng ikkje alltid saman med det ein har spurt om.
– Harris svara heller ikkje alltid på det ho vart spurd om.
– Nei, det er vanleg i slike samanhengar, men ho var mindre på villspor enn Trump.
– Ordstyrarane faktasjekka påstandar undervegs. Det var berre Trump som vart utsett for dette. Han meinte debatten var tre mot ein. Er det noko hald i det?
– Han har eit poeng. Men dei fleste påstandane dei tok opp, var jo klare feil frå Trump, eit par ting kan vere diskutabelt. Her får media skulda uansett. Særleg frå demokratane har det vore klaging på at Trump kan seie det han vil, utan at nokon arresterer han for det. Ingen orkar lenger å ta tak i løgnene til Trump. Men hadde eg vore ordstyraren, hadde eg også prøvd å ta Harris eit par gonger.
– Vil Trump-veljarane vere nøgde med debatten?
– Valkampen dreier seg om to grupper. Kandidatane må sørgje for at dei som allereie er på lag, faktisk røystar. Åtaka hans mot Harris vil vere effektive overfor den gruppa. Den andre gruppa er dei som er usikre, ca. 10–15 prosent. Dette er den viktigaste gruppa, då kan det vere ein fordel med ein positiv bodskap. Eg trur Harris appellerte meir til desse veljarane under debatten. Trump appellerte til sitt grunnfjell, som han trur er nok til å vinne.
Foto: Civita
«Hadde eg vore ordstyraren, hadde eg også prøvd å ta Harris eit par gonger.»
– Trump får mykje kritikk i norske medium. Dekker me USA for einsidig i Noreg?
– Det er ikkje noko enkelt svar på det. Eg plar seie at mi rolle i 15 år var å prøve å forklare kvifor amerikanarar kunne røyste på republikanarar utan verken å vere dumme eller vonde, men så kom 2015 og eg skifta sympatiar. Men sjølv om Trump har vist at mange republikanarar er dumme eller vonde, gjeld det framleis ikkje for mange andre, så me kan ikkje stoppe der. Me blir farga av mediedekninga. Det er ca. 90 prosent mot og 10 prosent for Trump i Noreg. Slik har det vore lenge, så det er ikkje noko nytt. Med andre ord er det lite sympati for Trump i utgangspunktet. Me les jo reportasjar der støttespelarane til Trump blir intervjua. Det er stor interesse for kvifor dei røystar på han. Det hadde vore ein fordel dersom det var kvalitetsorgan og journalistar i Noreg som var for Trump, men det er vanskeleg å finne. Eg føler eg ikkje lenger kan fylle den rolla eg tidlegare hadde. Ofte fordi eg ikkje har tid til å forklare det eg er samd med Trump om.
– Du kan få plass her.
– Enkelt sagt er eg samd med Trump der han er meir tradisjonell republikanar. Som liberalist støttar eg, som Trump, lågare skattar og mindre reguleringar. Harris vil ha prisregulering på matvarer og utleigeprisar, det meiner eg og dei fleste økonomar er økonomisk galskap. Den auken ho vil ha i skatt på kapital, er langt til venstre politisk og mykje høgare enn i Noreg.
– Så kvifor støttar du likevel Harris?
– Ho støttar opp om det amerikanske demokratiet. Det gjer ikkje Trump. Ho støttar at USA skal ha ei aktiv rolle i verdspolitikken, tryggingspolitisk, og ho respekterer menneskerettane. Trump er på eit heilt anna spor og bryt radikalt med det republikanarane har stått for tidlegare.
– Norske medium dekker amerikansk politikk mykje. Men sit ein att med ei god forståing av politikken i USA?
– Ja, det meiner eg me kan gjere, dersom me brukar nok tid og får informasjonen frå mange kjelder. For å få særleg innsikt må ein nok oppsøkje nisjemedium, ikkje berre dei store.
– Kva politikk er det som deler amerikanarane mest? Og kor er det Harris og Trump kan hente veljarar for at valet skal gå deira veg?
– I amerikansk politikk handlar det mykje om person, og det dei kallar vibes. Skal dei fram eller tilbake, ha endring eller kontinuitet, er ein optimist eller pessimist osv. Men dei tre store sakene er økonomi, innvandring og abort. I 40 år har amerikanarane vore splitta på midten mellom pro-life og pro-choice. Men sidan høgsterettsdommen som forkasta «Roe mot Wade» i 2022, har fleire gått i liberal retning i abortspørsmålet. Sjølv blant republikanarane. Og så er det innvandringspolitikken. Det har vore ein stor auke i ulovleg innvandring. Det var ein avtale på veg til å bli godkjend i Kongressen, denne stoppa Trump. Han ønskte at dette skulle vere ein verkebyll for demokratane. Biden har gjort ein del tiltak på eiga hand som verkar. Det er fleire forteljingar her som amerikanarane kan velje å tru på eller ikkje sjå.
– Og økonomien. Under debatten blei Harris spurd om ho trudde amerikanarane hadde det betre no enn for fire år sidan. Det svara ho ikkje på. Har amerikanarar fått dårlegare økonomi dei siste fire åra?
– Dette er det viktigaste punktet for amerikanarar før valet. Me finn to heilt ulike forteljingar når det handlar om økonomi. Trump presenterer ein gullalder, mens demokratane seier dei arva utfordringar frå Trump. 2021 og 2022 var vanskelige år, som republikanarane vil snakke om, men det siste året har det gått mykje betre, og det vil demokratane snakke om. Det er eit misforhold mellom det me kan lese ut av statistikk, og kva amerikanarar flest meiner. Tala seier ikkje at det går dårleg med økonomien no. Bensinprisen er på veg ned, og renta kjem kanskje til å bli sett ned. Det kan endre oppfatninga av økonomien.
– Synest du Harris klarar å få fram kva ho står for?
– Nja, det er tydeleg at ho har justert seg frå 2019 og 2020, då ho trudde at den einaste måten å vinne valet på, var å gå til venstre. No skal ho mot sentrum. Så er spørsmålet om det er truverdig. Trump og pressa kjem til å pirke borti det. For litt sidan presenterte ho ein økonomisk plan som går i ulike retningar, men i hovudsak tilpassar ho seg veljarane i sentrum for å vinne.
– USA vart meir proteksjonistisk under Trump. Har det demokratiske og republikanske partiet kome nærare kvarandre i handelspolitikken?
– Biden har i stor grad vidareført handelspolitikken til Trump. Men det er forskjellar her. Trump snakkar om tollsatsar på 10–20 prosent for alle varer frå alle land. Det er noko anna enn tiltaka til Biden, som er meir målretta mot einskilde sektorar i økonomien. Harris går kraftig til åtak på desse tollsatsane Trump føreslår, så her skil handelspolitikken til dei to partia lag.
– Mange amerikanarar meiner Trump er meir truverdig når det gjeld økonomi. Kvifor det?
– Målingar viser at han har eit lite overtak på økonomi. Det handlar om kva historier som blir fortalde, kva tidsperspektiv folk har, og korleis dei tolkar kven som har skulda for inflasjonen etter 2019. Trump har klart å legge skulda på Biden, mens dei eigentleg må dele på det. Det blei pumpa mykje pengar inn i økonomien både under Trump og Biden.
– Popstjerna Taylor Swift publiserte eit innlegg på Instagram der ho støtta Harris. Vil dette påverke valet?
– Kjendisstøtte har vanlegvis ikkje målbar effekt. Men kan dette ha det? Ho er jo ei stor stjerne, men eg trur ikkje det blir utslagsgivande. Men eg vil ikkje heilt avvise det. Det går mot eit særs jamt val, og berre eit par promille her og der kan verte avgjerande.
– Kva er det som står på spel i dette valet?
– Her slår eg på stortromma. Eg har både skrive og sagt tidlegare at dette er det viktigaste valet for USA i manns minne. Ja, både for USA og for verda. For USA handlar det om det amerikanske demokratiet. Ikkje fordi Trump kjem til å avvikle det, men fordi han kjem til å overføre meir og meir makt til seg sjølv som president. Han er eit trugsmål mot dei demokratiske institusjonane i USA. Det vil vere eit trugsmål internasjonalt mot den liberale verdsordninga, der USA er ein garantist for sine allierte, for stabilitet, relativt fri handel og ofte, men ikkje alltid, ein pådrivar for menneskerettane. Kva vil skje med Ukraina? Og vil han forsvare Taiwan? Det er ein stor risiko for at verda vil endrast til fordel for Russland og Kina dersom Trump sigrar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE