– Eg opplever at vi er lydhøyre
Vedlikehaldet i Equinor har heller blitt betre enn dårlegare dei siste åra, meiner mediekontakt Morten Eek.
peranders@dagogtid.no
– I fjor var det fleire hendingar enn det vi meiner er akseptabelt. Og dette er ting vi må jobbe med, seier Morten Eek, mediekontakt i Equinor.
– Når det gjeld brannane på Tjeldbergodden og Melkøya, har vi enno ikkje fått konklusjonar frå granskingane.
– Har du ingen tankar om kva som kan liggje bak ulukkene?
– Vi vil ikkje konkludere før granskingane ligg føre.
– Equinor har hatt ei rekkje store kostnadskutt sidan 2014. Det er freistande å tenkje at kutta kan ha gått på tryggleiken laus?
– Vi har sett etter ein mogleg samanheng mellom kostnadskutt og hendingar, og dei granskingane vi har gjort, har ikkje vist ein slik samanheng. Endringar for å redusere kostnader skal ikkje svekkje tryggleiken.
– Konserntillitsvald Owe Ingemann Waltherzøe sa i desember at det er ein ukultur når det gjeld tryggleiksarbeidet i Equinor. Om det stemmer, er det alvorleg?
– Vi oppfattar ikkje at det er nokon ukultur i selskapet, og meiner vi har ein god dialog med verneapparatet. Det kan vere ulike syn på endringar i organisasjonen, men eg opplever ikkje at tryggleiken er nedprioritert.
– «Økonomi kommer foran sikkerhet og store kostnadskutt har ført til at det blir skjøvet på nødvendig vedlikehold», sa Waltherzøe.
– Eg kjenner meg ikkje att i det. Det er ikkje ein motsetnad mellom meir effektivt vedlikehald og sikkert vedlikehald, tvert imot. Å drive meir prioritert vedlikehald kan styrkje tryggleiken.
– I fjor var det òg sterk auke i varsel om alvorlege hendingar til Petroleumstilsynet?
– Det kan kome av at vi har ein god kultur for å rapportere om hendingar og tilløp til hendingar. Og det er noko vi ønskjer. Men vi hadde hendingar i fjor som viste at vi ikkje er i mål med tryggingsarbeidet vårt.
– «Tilpasninger for å ivareta forretningsmessige mål kan få konsekvenser for sikkerhet og arbeidsmiljø, og påvirke evnen til å forebygge storulykke», skreiv Petroleumstilsynet om Equinor i fjor. Er det rett eller feil?
– Å unngå storulukker er det viktigaste vi jobbar med kvar dag. Heldigvis er det mange år sidan siste storulukke på norsk sokkel. Men etter ein haust med fleire hendingar tett på kvarandre, forstår eg at dette blir adressert.
– Petroleumstilsynet koplar kostnadskutt til risikoen for ei storulukke. Er det rett eller feil?
– Det må Petroleumstilsynet vurdere. Tilpassingar i organisasjonen skal ikkje redusere tryggleiken. Og over dei siste tiåra har selskapet vårt hatt ein god trend når det gjeld alvorlege hendingar. Men når vi opplever hendingar som i haust, kan vi ikkje slå oss til ro med historikk og statistikk.
– Fagforeiningane meiner at verneomboda får mindre tid enn før til vernearbeid. Det må vel gå ut over tryggleiken?
– Eg opplever i hovudsak at vi har ei verneombodsteneste som fungerer godt.
– Petroleumstilsynet skreiv dette om Equinor i fjor: «Vi har avdekket konflikt mellom vernearbeid og faglig arbeid. Det vil si at det ikke sikres nødvendig tid til vernearbeid.»
– Ja, vi har fått eit pålegg frå Petroleumstilsynet om manglande arbeidstakarmedverknad i eit tilsyn dei har gjort. Og vi skal gjere eit arbeid på dette saman med vernetenesta.
– I ei rekkje tilfelle har Petroleumstilsynet påvist avvik på Equinor-anlegg, utan at desse har blitt følgde opp. Har ikkje Equinor respekt for Petroleumstilsynet?
– Det vil eg avvise. Petroleumstilsynet følgjer oss nøye og kritisk. Så har det vore nokre avvik som tilsynet har bede oss ordne, der vi ikkje har gjort ein god nok jobb. Det må vi lære av.
– I 2019 skreiv Riksrevisjonen at «Petroleumstilsynets tilsynspraksis har hatt begrenset effekt på selskapenes oppførsel.» Kjenner du deg att i det?
– Vurderinga til Riksrevisjonen må Petroleumstilsynet kommentere. Eg opplever at vi er lydhøyre og i all hovudsak rettar opp det tilsynet påpeikar. Men det er tilfelle der vi ikkje har gjort det, og det fortener vi kritikk for, seier Morten Eek i Equinor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi oppfattar ikkje at det er nokon ukultur i selskapet.
Morten Eek, pressekontakt i Equinor
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.