– Ei avgjerd som ikkje var rett
Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner det i dag er openbert at avgjerda om å gå til krig i Libya i 2011, ikkje var rett.
Knut Arild Hareide meiner det i 2011 var vanskeleg å forstå at ein del av Noregs alliansepartnarar i Libya hadde andre motiv enn å verne sivilbefolkninga.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
Libya
eva@dagogtid.no
– Ettertida har synt at situasjonen i Libya ikkje var slik vi trudde, og at dei som var med i alliansen, hadde eit større mandat – for å seie det på ein fin måte – enn det dei gav uttrykk for. Det må vi ta lærdom av for framtida.
Det seier tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide om den norske deltakinga i bombeåtaka mot Libya våren og sommaren 2011.
I boka Libya. Krigens uutholdelige letthet, som kom ut førre veke, tek elleve norske forskarar eit oppgjer med det dei meiner er manglande offentleg debatt om den norske deltakinga. Dei hevdar at norske politikarar ikkje sette seg godt nok inn i situasjonen i Libya før dei vedtok å delta. Dei hevdar òg at Noreg såg vekk frå at allierte land hadde andre mål med bombinga enn berre å verne sivile, som var det FN-resolusjonen gav mandat til, og at norske styresmakter heller ikkje synte vilje til å ta ansvar for at operasjonane heldt seg innanfor FN-mandatet.
– Vanskeleg å forstå
Hareide overtok som KrF-leiar ein månad etter at Noreg gjekk med i krigen, og var ikkje sjølv med på å ta avgjerda. Hadde han vore det, trur han at han ville støtta opp om den norske deltakinga, slik dåverande KrF-leiar Dagfinn Høybråten gjorde.
– Operasjonane hadde folkerettsleg grunnlag gjennom FN, og Nato stilte seg bak. På det tidspunktet var det òg vanskeleg å forstå at ein del av alliansepartnarane hadde andre motiv. I dag er det lett å vere ærleg og seie at det var ei avgjerd som ikkje var rett, men eg forstår likevel avgjerda ut frå kunnskapen og informasjonen ein sat med den gongen, seier han.
Dagfinn Høybråten ønskjer sjølv ikkje å kommentere saka.
– Eg kommenterer generelt ikkje slike spørsmål fordi eg no er i ei anna rolle, skriv han i ei tekstmelding.
– Må ta ansvar
Dag og Tid har prøvd å kontakte alle politikarane som var ansvarlege for avgjerda om å gå til krig, og bede dei svare på dette spørsmålet: «Med det vi veit om situasjonen i Libya i dag, meiner du framleis det var rett av Noreg å vere med på bombeåtaka mot Libya våren og sommaren 2011?» Førre veke fekk og trykte vi svar frå fleire av regjeringsmedlemmene i 2011 og frå Karin S. Woldseth, som var stortingsrepresentant for Frp i den perioden. Blant dei var det fire som i dag meiner Noreg ikkje burde ha delteke i bombeåtaka i Libya.
Ein av dei var noverande SV-leiar Audun Lysbakken. Kristin Halvorsen, som var SV-leiar då Noreg gjekk til krig, syner til same svar som Lysbakken.
Ola Borten Moe (Sp), som vart olje- og energiminister like før norske fly vart sende til Libya, meiner det i etterpåklokskapens lys er lett å resonnere rundt om det var rett eller ikkje å sende fly.
– Situasjonen var dramatisk for sivilbefolkninga i Libya under Gaddafi. Men med utgangspunkt i korleis det er der no, kan vi ikkje seie at det har vorte særleg betre. Eg trur den viktigaste lærdomen Noreg og Vesten kan trekkje frå Irak, Afghanistan og Libya, er at militær intervensjon i den delen av verda ikkje legg grunnlag for demokratisering, betre forhold for sivile eller ei positiv samfunnsutvikling. Det var ei politisk avgjerd å sende norsk militært personell inn i konflikten med dei risikoane det inneber. Det er dimed også ei politisk oppgåve å ta ansvar for den avgjerda som vart teken. Det må alle som var ein del av avgjerda den gong, gjere, meg sjølv inkludert, svarar han.
Taust frå fleire
Med unntak av Hareide i KrF og Karin Woldseth i Frp har det ikkje lukkast Dag og Tid å få svar frå andre av opposisjonspolitikarane frå den gongen.
Rune Alstadsæter, som er statssekretær for statsminister Erna Solberg, skriv at «vi har ikke lest boken ennå, og har ingen kommentar nå».
Frå Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande har det ikkje kome nokon respons, trass i at Dag og Tid gjentok førespurnadene på e-post og i tekstmeldingar i over ei veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ei politisk oppgåve å ta ansvar for den avgjerda som vart teken.
Ola Borten Moe
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.