JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Eit heimland til å gråta av

Bergingspakken som EU visstnok skal gje til Italia, er på godt over 2000 milliardar kroner. Mykje kan tyda på at han ikkje vil hjelpa særleg godt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frecce Tricolori, luftakrobatar i det italienske flyvåpenet, tok del i 74-årsfeiringa for republikken i år.

Foto: Alfredo Falcone/AP/NTB scanpix

11391
20200821

Italia

Etter covid-19 har EU vedteke å gje ein bergingspakke på 750 milliardar euro til Sør-Europa.

Italia skal få 209 milliardar, det meste som tilskot.

Alt i oktober må Italia ha søknader klare, krev avtalen. Spørsmålet er om Italia maktar det.

Lytt til artikkelen:

Italia

jon@dagogtid.no

Alle som har vore innom Biltema, Clas Ohlson eller ei røyrleggjarforretning, veit kva ein o-ring er. Det er gummipakningar av varierande storleik som er forma nett som ein o. Slike pakningar er nesten gratis. Du kan få kjøpt eit sett med 32 ulike storleikar for 219 kroner på Biltema. I fjor gjekk nobelprisen i økonomi til skaparen av o-ring-teorien, den i nobelsamanheng svært så unge Michael Kremer, som er professor i utviklingsstudiar ved Harvard.

I 1986 sat den då 21 år gamle Kremer og såg på pressekonferansen der granskingsrapporten om Challenger-ulukka vart lagd fram. Romferja «Challenger», som mange av oss hugsar, eksploderte i januar same år. Det var den store fysikaren Richard Feynman, som både var med på å utvikla atombomba og fekk nobelprisen, som snakka. Han hadde med seg ein o-ring som han pressa saman i ei tvinge. Så duppa han o-ringen i eit glas med isvatn og trekte gummiringen ut. O-ringen hadde vorte permanent endra. Ei pakning til eit par dollar tolte ikkje kulde, og lekkasjen det førte med seg, øydela eit romskip som hadde kosta fleire milliardar kroner.

Alt må vera godt

Kremer byrja å tenkja, og i 1993 hadde han teorien ferdig, ein teori som kan forklara mykje om han er rett. Teorien seier at alle delar av ein produksjonsprosess, eller for den del av eit samfunn, må fungera godt og ha høg verdi, elles kjem ikkje sluttproduktet til å ha høg verdi. Sagt enkelt, ei fantastisk steikjepanne er ikkje verd noko som helst om handtaket ramlar av. Kremer meiner teorien kan forklara kvifor nokre land vert stadig rikare og kan produsera stadig meir kompliserte produkt, og kvifor det i ei globalisert verd er slik at vinnarane tek stadig meir av verdiane av det som vert produsert.

Det hjelper til dømes lite at Kina byggjer fantastisk motorvegar i Afrika når Afrika manglar både bensinstasjonar og bilmekanikarar. Ein kirurg kan vera så god han berre vil, men utan skikkeleg utstyr får han til lite.

Teorien forklarar også kvifor dei beste advokatfirmaa i Noreg klumpar seg saman på Aker Brygge og i Vika, sjølv om husleiga er svært høg. Om to nyutdanna advokatar er nett like flinke, men den eine byrjar i Vika og den andre på Lillehammer, vil han som er i Vika, skapa langt høgre verdiar enn han på Lillehammer. Han i Vika kan spesialisera seg mykje meir i ein stor og kompetent fellesskap og kjem automatisk til å gjera det godt i eit rettsvesen som det norske, av di den norske rettsstaten og domstolsapparatet fungerer så godt.

Den store taparen

Då var førelesinga over. Men hugs dette: Di betre alle delar av eit samfunn fungerer, di høgre verdiar kan dette samfunnet skapa. Av dei rike landa i Vesten har Italia vore den store taparen dei siste 20 åra. Ja, når Storbritannia no har gått ut av EU, er Italia den tredje største økonomien i EU, men gjennom dei siste 20 åra har dei ikkje hatt vekst å snakka om. Produktiviteten står på dei fleste felt bom fast, og på ein del felt går han ned. I år kjem i tillegg gjelda til den italienske staten til å passera 160 prosent av verdiskapinga, BNP.

Det er som om Noreg i staden for eit oljefond på 10.000 milliardar hadde hatt ei statsgjeld på over 5000 milliardar. No har altså EU tilsynelatande lova Italia at dei skal få 209 milliardar euro i eit hjelpeprogram, brorparten i form av reine tilskot. Men om o-ring-teorien kan nyttast til noko, er det som døme på at utviklingshjelp ikkje fører så mykje godt med seg. For kvar skal en byrja når pakning etter pakning ikkje fungerer?

Wolfango Piccoli er ein av direktørane i det store globale rådgjevingsselskapet Teneo og held til i London, der han tilbyd analysar om Sør-Europa og Tyrkia for dei største selskapa i verda. Vil du ha tenestene til Teneo, må du betala 250.000 dollar i månaden, skal vi tru Wikipedia.

– Kvart år dreg 500.000 italienarar, dei unge og mest talentfulle, frå Italia og tek arbeid i andre land. Du kan vel seia at eg er eit like godt døme som ein annan. Eg kjem frå ein liten by utføre Bologna, det rikaste området i Italia, med ein levestandard på line med Bayern. Men kvar gong eg reiser heim, legg eg merke til at vi er litt fattigare og får litt dårlegare service.

Gratisreformer

Eg spør han om o-ring-teorien er relevant for Italia, og om pengane frå EU vil føra til betringar.

– Ja, teorien kan utan tvil nyttast på Italia. Det er for mange delar med låg kvalitet. Det kanskje største problemet i Italia er justissektoren. Saman med Hellas kjem Italia år etter år på botnen av alle internasjonale rangeringar. Det tek altfor mange år før ei sak vert avgjord. Det kostar investorar enormt med pengar og tid. Italia må få eit meir straumlineforma system, både når det gjeld tid, transparens og innsikt og ikkje minst innanfor lovverk og reguleringar. «Alle» veit at noko må gjerast. Vi treng ikkje pengar frå EU for å laga eit betre justissystem. Men det er ingen debatt om dette i Italia. Det same gjeld for kvinner i arbeidslivet. Italia har ein stor utappa ressurs der, men mødrer som ynskjer seg deltidsarbeid eller ein gradvis overgang frå heim til arbeidsliv, er langt på veg stengde ute frå arbeidslivet av sterke fagforeiningar. Heller ikkje det vert debattert. Det er heilt taust.

Det mest grunnleggjande problemet er den manglande produktivitetsveksten, meiner Piccoli.

– Jau, det er interesse for problemet mellom italienske økonomar, og det har kome analysar frå desse miljøa og ulike tenketankar. Internasjonalt er det mange regjeringar som har sett ned produktivitetskommisjonar. Ei rad ulike regjeringar har vore klare over problema, at italiensk næringsliv har gått i stå. Likevel har det ikkje vorte laga noka samla framstilling av problema. Det er svært mykje som kan gjerast og bør gjerast utan at det treng kosta noko som helst, men det vert aldri gjort. Reformene kjem ikkje. Eg ser ikkje noko lys i tunnelen.

Lovande eurokrise

Den siste gongen Piccoli hadde ei von om at Italia kunne endrast, var under eurokrisa. Då vart Silvio Berlusconi i 2011 tvinga ut og erstatta av den svært respekterte økonomen Mario Monti, som då han var EU-kommissær, nærast skapte EUs konkurransereglement, og som marknaden difor hadde høg tillit til. Året etter sa ein annan italienar, Mario Draghi, leiaren for Den europeiske sentralbanken (ECB), at han ville «gjera alt som gjerast kan for å berga euroen». Båe Mario-ane gjorde Italia ei bjørneteneste, seier Piccoli.

– Før Monti hadde eg ei von om at Italia ville verta reformert, sidan rentene marknaden kravde, var så høge. Pengane var borte. Men då Monti vart statsminister, leit marknaden på at han ville fiksa ting, og rentene gjekk ned før reformer vart vedtekne. Monti fekk gjennomført noko i løpet av dei to fyrste månadene. Så gav han opp. 60 prosent av dei framlegga han kom med i parlamenta, vart røysta ned. Deretter kom Draghi og sa at han ville trykkja uendeleg med pengar. Marknadspresset forsvann, og den siste sjansen til å reformera Italia glei bort.

Treng pengar

Når dette er sagt, er Piccoli på ingen måte avvisande til at Italia treng pengar. Italia har eit stadig dårlegare energisystem, dei ligg langt etter andre land når det gjeld breiband og fiber, vegane vert stadig dårlegare, og det gjennomsnittlege italienske sjukehuset er frå 1970 og ikkje tilpassa moderne helseteknologi.

– Men her støyter vi på to andre problem: Ja, ulike regjeringar har gjort noko dei siste åra, dei har overført stadig meir makt til regionane for å demma opp for misnøya frå Nord-Italia. Dei har mellom anna overført mykje av energi og samferdsle til regionane. Men både straumnettet, det sentrale vegnettet og jarnbanenettet er såkalla naturlege monopol. Dei må regulerast frå hovudstaden skal landet ha ein koordinert og effektiv infrastruktur. No er vi komne i den situasjonen at både hovudstaden og regionane vantar regulerings- og søknadskompetanse, og det liker ikkje Brussel. Når ein ikkje har byråkratisk kompetanse, kan ein ikkje vita kva ein treng pengar til, og korleis ein skal formulera ein søknad. Covid-19 som Roma sjølvsagt burde ha teke eit samla ansvar for, syner kor vonlaus stoda har vorte, med elendige sjukehus og elendig styring, regionalt og nasjonalt.

EU-kommisjonen seier dei vil ha søknader alt i oktober. Piccolo er redd for at korkje regionane eller Roma vil ha gode nok søknader til å få utbetalt pengar. Ja, politikarane og byråkratiet lagar stadig fleire reguleringar, men dei forstår ikkje at EU er bygd opp som eit reguleringssystem for auka konkurranse og auka transparens, seier han.

– Men lat oss seia at Italia får pengane etter oktober. Då kjem vi til det andre problemet: gjennomføringa av prosjekta. Italia har vorte stadig dårlegare her. Det er så mange styringslag som kjempar mot kvarandre: kommunar, regionar, mafia, byråkrati, Roma, private grunneigarar – lista er svært lang. Til slutt endar konfliktane i rettssystemet, som ikkje maktar å taka ei avgjerd før etter mange år, om nokon gong.

Familien vart feil

Samtalen vert så pessimistisk at eg etter kvart ynskjer at Piccoli skal finna litt von. Eg peikar på at i dei 30 fyrste åra etter krigen hadde Italia, og særleg Nord-Italia, høgre vekst enn til dømes Noreg, og at delar av Nord-Italia framleis er ei eksportmaskin.

– Ja, det er rett at særleg nord gjekk gjennom ein fantastisk vekst, og at nokre av verksemdene som kom ut av denne vekstperioden, framleis er verdsleiande. Desse byrja som familieverksemder, og mange av dei er framleis kontrollerte av familien som grunnla dei. Denne familiestrukturen gav ein utruleg fleksibilitet. Dei kunne levera svært raskt av di heile slekta gjekk saman om å produsera når etterspurnaden var der.

Dette var lenge bra, seier Piccoli, og kompetanse gjekk i arv gjennom generasjonar. Men det stadig sterkare internasjonale konkurranseklimaet, særleg EUs indre marknad, gjorde at mange verksemder til slutt vart konkurrerte ut.

– Familiane ville ikkje gje frå seg kontroll eller verta børsnoterte. Dimed fekk dei ikkje kapital, og dei makta ikkje å verta meir innovative, sidan innovasjon i ei moderne verd krev at ein opnar opp for andre og ny kompetanse. Familien som før var ein styrke, vart i ein open internasjonal konkurranse ein veikskap, noko o-ring-teorien illustrerer.

Gjeve opp

Piccoli trur at italienarar flest har gjeve opp.

– I fjor vart det fødd like få born som i 1880. Ingen snakkar om demografien, men alle veit at han er elendig. Dei unge vil vekk, og dei som er att, vil ikkje ha born. Etter det siste valet reverserte regjeringa store delar av pensjonsreformene som trass alt har vorte gjennomførte. Dei unge får ingenting. No snakkar regjeringa om skattelette, sidan Italia skal få pengar frå EU. Men i avtaleregelverket står det tydeleg og klart at pengane ikkje kan nyttast til skattelette. Eg græt for heimlandet mitt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ingen snakkar om demografien, men alle veit at han er elendig. Dei unge vil vekk, og dei som er att, vil ikkje ha born.

Wolfango Piccoli, direktør i råd­gjevingsselskapet Teneo

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis