– Fjernar barnetrygda utan debatt
– Me er inne i ein periode med gradvis avvikling av barnetrygda, seier Axel West Pedersen, forskar ved Institutt for samfunnsforskning.
Mange born frå familiar som ikkje har råd til å reisa på ferie, har nytta tilbodet om å feriera på Hudøy ved Tjøme.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix
SAMTALEN
Axel West
Pedersen
Forskar ved Institutt for samfunnsforsking
AKTUELL
Barnefattigdom

ottar@dagogtid.no
Frå 2001 og fram til 2015 har det vore ei tredobling av barnefattigdommen her i landet.
– Kva som har skjedd etter 2015, har me enno ikkje tal for, seier Pedersen.
Han var med i Barnefamilieutvalet som vart sett ned då Solveig Horne (Frp) var statsråd.
– Tidlegare var det vesentleg lågare fattigdom blant barnefamiliane enn i befolkninga elles. No er fattigdommen litt høgare blant barnefamiliane enn blant dei andre. Det er ei relativt dramatisk utvikling.
– Kor mange er råka av barnefattigdom?
– Har familien ei inntekt som er under 60 prosent av gjennomsnittsfamilien, vert dei definerte som fattige. Det vil seia at 10–11 prosent av norske barn er definerte som fattige. Men ein kan sjølvsagt diskutera om det er rett å bruka dette omgrepet. Statistisk sentralbyrå føretrekkjer å bruka «familiar med låg inntekt».
– Kvifor aukar barnefattigdommen?
– Det er fleire årsaker. Velstanden i Noreg har auka kraftig etter tusenårsskiftet. Eitt element i dette er at den kvinnelege arbeidsdeltakinga har auka. Tidlegare arbeidde mange kvinner deltid. No er det mange fleire gifte kvinner som arbeider fulltid. Det medverkar til at dei einslege forsørgjarane sakkar akterut i inntektsfordelinga, ettersom para har styrkt inntekta desse åra. I den same perioden har pensjonistane vorte vesentleg rikare, og det har medverka til auka gjennomsnittsinntekt. Også innvandringa spelar ei viktig rolle, men det er vanskeleg å seia kva som er den viktigaste faktoren for at barnefattigdommen aukar. Om lag halvparten av barna som lever i fattigdom, har innvandringsbakgrunn. Men det er ikkje nok til å seia at innvandringa er den dominerande årsaka.
– Du går i Dagsavisen inn for å dobla barnetrygda, som i dag er 970 kroner i månaden per barn?
– Sidan 1996 har barnetrygda vore den same. Det er lett å finna ut av kor stor barnetrygda hadde vore om ho hadde vorte oppjustert med pris- og lønsveksten i denne perioden. Hadde ein gjort det, ville fattigdomsraten ha vorte kraftig redusert. I dag trengst det ei dobling av barnetrygda om ein skal få ho opp på det nivået ho var på i høve til lønsnivået i 1996. Eg meiner at barnetrygda bør justerast opp til det nivået ho var på den gongen. Då eg var med i Barnefamilieutvalet, gjekk 14 milliardar til barnetrygd, og med ei dobling kjem ein opp i 28 milliardar kroner.
– Under Bondevik II-regjeringa var barnefattigdom eit langt viktigare politisk tema enn i dag?
– I valkampen i 2001 stod fattigdom på den politiske dagsordenen. Det vart hevda at ein måtte ha ein politikk for å kjempa mot fattigdommen, og det var noko nytt. Sentrumspartia og delvis Høgre byrja å bruka ordet i valkampen som ein kritikk mot politikken til Arbeidarpartiet. For første gong vart det laga ei stortingsmelding og ein tiltaksplan mot fattigdom. Bondevik-regjeringa laga også ein definisjon av fattigdom, og då valde dei ikkje EUs indikator, men definerte dei som hadde mindre løn enn 50 prosent av gjennomsnittsfamilien, som fattige. Men så tok Stoltenberg-regjeringa over i 2005 og uttalte at ho skulle avskaffa fattigdommen. Sidan den gongen har me ikkje hatt nokon reell definisjon av fattigdom, og diskusjonen har flata ut.
– Er det ikkje rart at rike familiar skal få like mykje barnetrygd som fattige?
– Fleirtalet i Barnefamilieutvalet meinte at ein burde behovsprøva barnetrygda og fjerna ho heilt for familiar som tente over 600.000 kroner. Det som ein sparte på det, kunne ein overføra til dei 25 prosenta som var fattigast. Men eg gjekk mot å inntektsregulera barnetrygda og meinte at det finst eit betre alternativ. Eg meinte at det er meir fornuftig å leggja ein flat skatt på alle. Ved ei slik proporsjonal skattelegging må dei rikaste barnefamiliane betala mest. Dei får framleis barnetrygd, men ein styrkjer inntektene til dei fattigaste familiane. Så langt har det ikkje vore stemning for å justera barnetrygda i takt med prisane og lønene. Difor har me i mange år vore inne i ei utvikling der barnetrygda gradvis vert avvikla. Dette har skjedd utan debatt, men ingen har sagt at dei går inn for å ta bort barnetrygda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Barnetrygda har stått stille sidan 1996.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.