Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Flyplassen treng utbetring

Avinor meiner det er ein god idé å flytta flyplassen i Bodø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dag Falk-Petersen er konsernsjef i Avinor.

Foto: Avinor

3110
20200626
3110
20200626

Samferdsle

jon@dagogtid.no

I førre veke omtalte Dag og Tid kostnadssjekken som Holte Consulting har gjort av planane om å flytta flyplassen i Bodø 900 meter. Kostnaden vert om lag 6 milliardar, og Holte rekna seg fram til at alle pengane vart bortkasta. Flyttinga gjev ingen samfunnsøkonomisk verdi, meiner dei.

Det er Avinor som er faginstansen som driv flyplassen no, og som skal flytta han. Dag Falk-Petersen er konsernsjef i Avinor, som støttar flyttinga.

– Eg vil likevel understreke at det ikkje er Avinor som har sagt at det er trong for å flytta flyplassen. Det er det Bodø kommune som har ynskt. Men at det er trong for å utbetra flyplassen, er tvillaust. Han er frå 1950 og ligg på grunn som rører på seg. I 2014 såg vi på to alternativ: Anten å lata rullebana liggja der ho ligg, og grava ned til botnen, eller å flytta rullebana 60 meter mot sør. Då kom vi til at det truleg var billigare å flytta bana 60 meter, men no har vi kome til at det har omtrent same kostnaden.

– Men likevel har de laga eit alternativ som inneber å flytta flyplassen 900 meter?

– Ja, Bodø kommune har no når Forsvaret skal flytta, ynskt å frigjera store areal for byutvikling. Dette har Bodø fått støtte for både frå regjeringa og Stortinget i Nasjonal transportplan. Eg meiner det er meiningslaust å ha ein flyplass som i praksis vert liggjande midt i byen. I tillegg vil det å flytta han 900 meter få bort støyproblema. No flyg vi inn over tettbygde område, med ein ny flyplass flyg vi ut og inn over sjøen.

– Det var meir støy då Forsvaret var der, og offentlege prosjekt har det med å gå på ein budsjettsprekk?

– Vi i Avinor er flinke til å halda oss til budsjettet, vi plar ikkje gå på budsjettsprekkar. Vi har kome til at om vi skal vera på den gamle flyplassen, vil det gje oss ein kostnad på rundt 1,5 milliardar over 20 år. Desse pengane kan vi nytta til å byggja ny flyplass. I tillegg får vi truleg rundt 300 millionar for sal av dagens flyplass. Dimed kan vi leggja 1,8 milliardar på bordet. Det å flytta eller det å verta verande vert for oss eit nullsumspel.

– Men de er ikkje åleine om å betala?

– Nei, staten har sagt at han kan stilla opp med 2,2 milliardar, resten skal Bodø kommune dekkja. Både vi, Forsvaret og Bodø kommune har vore svært medvitne om å halda kostnadene nede. Og med denne løysinga får vi frigjort store areal, som kjem Bodø og innbyggjarane der til gode.

– Det du i grunnen seier, er at dette er ei rein politisk avgjerd og ikkje eit behov som Avinor har?

– Ja, vi kunne ha utvida den noverande rullebana og laga ekstra kapasitet. Så flyttinga er eit resultat av politiske føringar. Men du bør gå inn på Google Maps, så ser du kor god løysing det er å flytta flyplassen. Når han vert flytta ein kilometer mot sørausts, vert han liggjande på den andre sida av eit høgdedrag. Bodø vert ein mykje betre by av denne flyttinga. Flyttinga er fyrst og fremst byutvikling som vi støttar fullt og heilt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Bodø vert ein mykje betre by av denne flyttinga.

Dag Falk-Petersen, Avinor-sjef

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis