Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Folk i Haram er skuffa

Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter er ikkje nøgd med at Stortinget tvingar kommunen inn i Ålesund. Ein dårleg start på samarbeidet, meiner han. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

4944
20170303

samtalen:

Vebjørn
Krogsæter

Sp-ordførar i Haram kommune

aktuelt:

Haram er ein av 13 kommunar her i landet som blir slått saman med tvang

redaksjonen@dagogtid.no

Regjeringa har lenge hatt som mål å redusere talet på kommunar i landet. KrF har sagt nei til bruk av tvang, men Venstre sikra regjeringa fleirtal. Det gjer at 428 kommunar no blir reduserte til 358. 13 av desse gjennom tvang. 153 kommunar går frivillig inn i nye kommunar, mens ti er tydeleg imot samanslåing. Ein av desse er Haram kommune, med sine 9000 innbyggarar, som no blir slått saman med Ålesund.

Tre av nabokommunane til Haram – Skodje, Ørskog og Sandøy – har valt å slå seg saman med Ålesund, mens Sula og Giske har sagt nei. Det gjorde også Haram kommune i folkerøystinga i mai 2016, der berre 19 prosent sa ja til Ålesund som regionkommune.

– Mitt inntrykk er at folk i Haram no er svært skuffa. Ålesund kan ende opp med ein fjerdedel av befolkninga i fylket. Sjølv om ei kommunesamanslåing kan ha fordelar, vil det ikkje bli betre tenester eller betre lokaldemokrati, seier ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp).

– Haram er jo ein livskraftig kommune med skipsverft. Er dette ei årsak til ønsket om å stå åleine?

– I dei siste åra har det vore ei endring i næringslivet, og mange har flytta hovudkontoret til Ålesund. Det er sikkert varierande kva folk legg vekt på, men mykje handlar om å vere redd for å miste det ein har. Innbyggarane har ulike meiningar i dei ulike valkretsane: Jo nærmare Ålesund du bur, jo meir positiv er du til samanslåing.

– Kvifor vil ikkje du bli ein del av storkommunen Ålesund?

– Eg fryktar meir sentralisering og at kommunale arbeidsplassar vil bli sentraliserte. Vi har ei god arbeidsdekning og eit godt tenestetilbod i Haram, sjølv om ein gjerne køyrer innom fleire kommunar i løpet av ein dag. Dei siste to åra har kommunen vore gjennom ein prosess der vi har vurdert fordelar og ulemper ved samanslåing, og likevel endar vi opp med samanslåing gjennom tvang. Eg fryktar at vårt velfungerande lokaldemokrati vil verte svekt, og at det lokale engasjementet blir redusert når ein på Stortinget ikkje høyrer på kva folket seier.

– Du seier til Aftenposten onsdag at dette er uforståeleg og ein avtale gjort på bakrommet i Stortinget, som ein taktisk manøver. Kva synest du om tvangsbruken?

– Tvang er ei dårleg løysing. Når kommunane har jobba med å finne vegen sjølv, og så får vi ei 180 gradar vending på slutten, er det ein dårleg start på samarbeidet framover. Det vil ikkje styrke deltakinga, og det vil skape politisk fragmentering. Stortinget burde lage strengare kriterium og så jobbe ut frå det.

– Men vil ikkje Haram kunne tene på å bli ein del av ein sterk kommune?

– Absolutt, og eg skal ikkje underslå fordelane. Det kan vere svært fornuftig å endre kommunekartet, men eg reagerer på tvangsbruken og på at prosessen vi har brukt på dette, ikkje blir tatt omsyn til. I Haram gjorde vi eit vedtak om å slå oss saman med Sandøy, men dei røysta for å slå seg saman med Ålesund. Høgre og Frp i Møre og Romsdal har gått sterkt inn for samanslåing, og konsekvensane vil bli meir fragmentering og at det blir vanskelegare å styre. Eg kunne tenke meg at vi fekk regionar og kommunar som liknar på kvarandre.

– Det er vel billegare med færre kommunar i landet. Er det då egoistisk å ville stå åleine?

– Eg veit ikkje om det er billegare, det vil tida vise, men ein kan ikkje konkludere med det utan vidare. Kanskje blir drifta billegare, men det vil ikkje den enkelte innbyggaren få glede av.

– Vil de stille krav for å gå inn i den nye kommunen, til dømes om målform?

– Haram kan ikkje stille nokon krav når Stortinget har gjort eit vedtak. Men vi har forventningar om at dei ulike kommunane vil imøtekomme kvarandre. Personleg er eg for nynorsk som administrasjonsspråk, men det spørst når Ålesund kommune er nøytral til målform, og det blir nytta bokmål i grunnskulen. I Haram nyttar derimot fire av fem nynorsk.

– Til hausten kan det bli regjeringsskifte. Trur du at samanslåinga då kan bli reversert?

– Det er ingen tvil om at samanslåinga no vil bli gjennomført. Eg trur at denne tvangsløysinga vil straffe Høgre, Frp og Venstre i kommande val, då det er ei upopulær avgjerd. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har uttalt at dei er opne for å kunne søke om oppløysing av dei 13 kommunane som no er slått saman gjennom tvang – viss det skulle bli regjeringsskifte.

– Kva vil du gjere med posisjonen din i lokalpolitikken framover?

– Det får vi sjå på. Sannsynlegvis vil eg prøve og involvere meg i det nye kommunestyret i 2020. Ein kan ikkje setje seg ned og vere sur, men forsøke å påverke der ein kan. Ordføraren i nye Ålesund kan altså kome frå Haram.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Eg trur at denne tvangsløysinga vil straffe Høgre, Frp og Venstre i kommande val»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis