– For lite konkurranse
Meir konkurranse i alle ledd i den norske marknaden vil hjelpe på matprisane, seier Anders Nordstad.
Onsdag 1. februar sette fleire daglegvarekjeder opp prisane.
Foto: Heiko Junge / NTB
Samtalen
Anders Nordstad
landbruksbloggar og tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Aktuell
Matvareprisane

sofie@dagogtid.no
Det har vore store oppslag i media med varsel om prisauke på mat. Kvifor stig matprisane, og kven er det som bestemmer kor mykje maten skal koste? Ifølgje Anders Nordstad, landbruksbloggar og tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, er det korte svaret daglegvarekjedene.
– Graden av reell konkurranse skal bidra til at prisane ikkje blir høgare enn naudsynt. Men ulike aktørar og matnæringa byrjar no å forstå at det ikkje er så mykje konkurranse i daglegvaremarknaden.
– Matprisane kan endrast to gonger i året, 1. juli og 1. februar. Då er det forhandlingar mellom dei store matkjedene, importørar, grossistar, produsentar og leverandørar. Fungerer dette systemet, meiner du?
– Eg veit ikkje kvifor me gjer det på den måten. At prisane blir sette to gonger i året, er ei sanning med modifikasjonar. Daglegvarekjedene endrar utsalsprisane ofte og mykje. Det står sjeldan i samsvar med forhandlingane. Dei forhandlar vel så mykje om andre ting, til dømes kor mykje dei ulike leverandørane skal betale for å ha hylleplass i butikken. Viss ein verkeleg vil kutte kostnader i dette systemet, ville eg ha starta der. Det er klart at dette bidreg til å gjere maten dyrare.
– 1. februar viste det seg at Kiwi ikkje skrur opp prisane, i motsetnad til Rema 1000 og Coop Extra. Er Kiwi døme på at det ikkje er naudsynt at matprisane aukar så mykje?
– Det får me sjå på. Daglegvarekjedene endrar prisane frå time til time, så eg ville sett an korleis det blir om nokre veker eller månader. Me kan vere ganske sikre på at når me samanliknar prisane på varer i ulike butikkar om nokre månader, vil det ikkje vere store forskjellar mellom kjedene.
– Reitan er rangert som Noregs nest rikaste, og eigar i Norgesgruppen, Johan Johannson, er Noregs fjerde rikaste, ifølgje Kapital. Kva meiner du om at konserna og eigarane sit med så store overskot, mens folk flest får mindre å rutte med?
– Og eg vil legge til at råvareprodusentane går i minus. Hadde dei berre drive daglegvarebutikkar, hadde det vore mindre problematisk, men det me ser innanfor dei fleste varekategoriane i daglegvarehandelen, er at dei et seg bakover i verdikjeda. Enten ved oppkjøp av produksjonsledd eller gjennom ulike EMV-konsept (eigne merkevarer, red. merk.). Etter kvart kontrollerer dei store delar av verdikjeda. Innan frukt og grønt kontrollerer Norgesgruppen og Reitan Bama og Gartnerhallen. Dei har skaffa seg full kontroll frå grønsaksprodusenten og fram til daglegvarebutikken. Det fører for det første til lite konkurranse mellom kjedene, rett og slett fordi det ikkje er nokon konkurranse. Dei har bygd kvar sine vertikale strukturar.
– Skil Noreg seg frå andre land på dette området?
– Det som er spesielt i Noreg samanlikna med andre land, er at både råvareprodusentane og norsk matvareindustri i det store og heile berre har Noreg som marknad. Ein tysk matprodusent på den andre sida kan, dersom Lidl eller andre ikkje betaler godt, selje produkta sine andre stader i Europa. Der er det jo heller ikkje tollbarrierar.
– Kva meiner du ein bør gjere for å få matprisane ned?
– Ein meir reell konkurranse i alle ledd i den norske marknaden ville hjelpe litt. På sikt trur eg at me må jobbe mot ein matproduksjon og ein måte å produsere mat på som forbrukar mindre energi.
– Du ønskjer deg meir konkurranse. Ville ikkje ei løysing då vere å fjerne importvernet?
– Viss ein ikkje ønskjer norsk matproduksjon, kan ein gjere det, ja. Men det å fjerne importvernet vil ikkje føre til lågare prisar. Daglegvarekjedene vil framleis freiste å hente ut det maksimale av kjøpekrafta vår. Ser me på to land i EU, der det er fri flyt av handel, er det slik at prisen på mat i Tyskland er ca. 60–70 prosent høgare enn prisen på mat i Polen. Eg kan ikkje kome til nokon annan konklusjon enn at det som bestemmer prisen på mat, er kjøpekrafta til befolkninga.
– Men dersom ein butikk kjøper inn billeg kjøt frå utlandet, vil jo matprisen gå ned?
– Det er ein illusjon. Dei vil sjølvsagt prøve å selje også dette til den høgste prisen kjøpekrafta vår tillèt.
– I kor stor grad merkar du sjølv dei høge matprisane på lommeboka di?
– Generelt vil eg seie at matkostnadene ikkje er dei største utgiftene i hushaldet vårt. Statistisk sett for landet vårt står mat for kring 11 prosent av utgiftene. Men eg følgjer med på prisane og kjøper mest mogleg reine råvarer, som ein ikkje har brukt like mykje energi på å lage, sett opp mot prosessert mat. Det tar noko lengre tid å lage mat då, men til gjengjeld er det sunnare for meg sjølv og for lommeboka mi.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det som bestemmer prisen på mat, er kjøpekrafta til befolkninga.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.