JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Framgangspartiet

Det ligg mange reisedøgn bak framgangen til Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet.
Dag og Tid vart med på eitt av dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg var med i Høgre då eg kom hit, men i år skal eg røyste Sp for fyrste gong, seier Bjørn Brandvoll (t.v.).

Foto: Eva Aalberg Undheim

12021
20190830
12021
20190830

Lytt til artikkelen:

Politikk

eva@dagogtid.no

– Eg var med i Høgre då eg kom hit, men i år skal eg røyste Sp for fyrste gong. Dei jobbar for saker eg forstår.

Orda kjem frå Bjørn Brandvoll (80), austlending og tidlegare major, som no er busett i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Han er ein av dei meir enn hundre personane som har møtt opp på plenen utanfor Coop marked i Hornindal sentrum ein tysdag i august for å møte Sps lokale listekandidatar og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Fleire bed om å få ta bilete saman med Vedum. Brandvoll slår av ein prat med han.

Skal vi tru meiningsmålingane, kan Senterpartiet om halvanna veke gjere sitt beste kommuneval nokosinne. Skulle den nyaste kommunemålinga Ipsos har gjennomført for Dagbladet slå til, kan partiet endåtil gjere det betre enn ved stortingsvalet i 1993, då det fekk 16,7 prosent av røystene.

Sp tek veljarar frå alle andre parti, frå Raudt til Frp. Kvifor skjer det, og kva kjem desse veljarane til å få att for å røyste Sp? Dag og Tid vart med Sp-leiaren på valkampreise i Møre og Romsdal ein dag for å prøve å finne svar.

På rams

Vedum byrjar ei åtte døgn lang valkampreise på Gardermoen i sjutida om morgonen. Ein liten skinnbag og ei svart notatbok til å skrive ned innspel og spørsmål er einaste bagasje. Argument og talepunkt skal det syne at han kan på rams. I løpet av dagen skal eg høyre han seie «tenester nær folk», «snakke med kvarandre» og «utvikle heile landet» så mange gonger at eg til slutt veit kvar han er på veg i det han byrjar på eit resonnement eller ein anekdote.

Så har Vedum òg reist landet rundt med same bodskap sidan han vart partileiar i 2014. Då var Solberg-regjeringa så vidt komen på plass, men alt den gongen kalla han Høgres politikk sentraliserande, distriktsfiendtleg og «en trussel mot det Norge vi kjenner og er stolte av».

Skifta parti

Høgre og Frp er blant partia som mistar flest veljarar til Sp. Det same er Ap, syner bakgrunnstal frå dei nyaste stortingsmålingane Norstat har gjort for NRK.

I Sykkylven kommune har Sp òg fått medlemmer frå andre parti, både frå Ap og frå KrF. To av dei nye kjem rett frå kommunestyregruppa til Ap. Therese Utgård er ein av dei, og ho er til stades når Vedum kjem innom for å møte lokale Sp-arar.

Utgård seier det er fleire grunnar til partiskiftet, men at frykta for å miste kommunale og fylkeskommunale tenester, som helsestasjon, skule og vidaregåande, er hovudgrunnen til at ho vil støtte opp om Sp. Ho uroar seg òg over at det er varsla kutt ved sjukehuset i Ålesund, og ho synest ikkje det er nok politiressursar i distriktet.

– Vi var heldige her i Sykkylven, for vi fekk behalde lensmannskontoret. Men eg har prøvd å ringje politiet her ein laurdagskveld då det var bråk, og då var det ingen på vakt, seier ho.

Eg spør kva ho ventar Sp kan gjere med dette.

– Eg har ingen illusjon om at Sp kan fikse alt, men partiet er ei motvekt til sentraliseringa. Så må vi sjølvsagt tenkje nytt. Vi kan ikkje ha alle funksjonar på alle sjukehus, eller postkontor overalt. Men no er det sentralisert for mykje og for raskt, og utan at folk som vert ramma, har vorte høyrde. Eg trur Sp kan bremse sentraliseringa, seier ho.

Ein av partikollegaene hennar er uroa for at Frp-folk òg skal melde seg inn i partiet.

– Det er bra Frp-arane røystar på oss, men dei bør ikkje få påverke politikken vår, seier han.

30 gonger nord

At eit parti veks i opposisjon, og at regjeringsparti opplever slitasje, er ikkje oppsiktsvekkjande. Men det er interessant at så mange av veljarane no samlar seg kring Senterpartiet, berre nokre år etter at partiet sjølv sleit med fallande oppslutning og medlemstal og harde konfliktar internt.

Erling Kjekstad, som i mange år har vore kommentator i avisa Nationen, kjenner Senterpartiet godt og meiner Vedum sjølv har ein stor del av æra for framgangen: Partileiaren har klart å få dei ulike fløyane i partiet til å jobbe godt saman, og han er god til å fanga opp stemninga i folket og har synt «ei unik evne til å kommunisere».

Dei siste åra har Vedum hatt om lag to reisedøgn i veka, for å verve medlemmer, byggje nye lokallag og snakke med folk. Berre det siste året har han vore rundt 30 gonger i Nord-Noreg, der Ap sitt politiske hegemoni no raknar og Sp kan verte største parti.

– Ikkje særleg grønt

Sp står for mange fram som eit tydelegare alternativ til regjeringa enn Arbeidarpartiet. Men kva kan forklare den store veljarovergangen frå Høgre og Frp til Sp?

Minerva-journalist og kommentator Jan Arild Snoen var sjølv Frp-medlem tidleg på 1990-talet. Han meiner misnøgde Frp-veljarar no ser mot Sp fordi partiet ikkje har markert seg som særleg grønt, og fordi Sp har tona ned den innvandringsliberale lina.

–?Kva med Høgre-veljarane som går til Sp?

– Sp har nok lukkast så godt med å framstille regjeringa som sentraliserande at høgreveljarar òg har bite på. Mange stader i landet er Sp òg eit relativt borgarleg parti, så avstanden til Høgre er ikkje så stor.

Snoen ser ikkje vekk frå at tilstrøyminga til Sp kan halde fram, heilt til partiet igjen får prøvd seg i regjering.

– Men så kjem det til å gå seigare, litt av same grunn som for Frp no: urealistiske forventningar, seier han.

– Må snu logikken

Kva ser Vedum føre seg at Sp skal bruke styrken til om partiet kjem i posisjon i 2021?

Eg spør han i bilen på veg frå ein valkampstopp til ein annan.

– Det overordna målet er at kommunar frå nord til sør skal ha grunnleggjande beredskap med tilgang til politi og ambulanse, og at vi ikkje skal flytte staten vekk frå små stader, seier han.

– Skal de gjenopne nedlagde lensmannskontor?

– Ja, vi vil føre meir ressursar og makt tilbake politiet lokalt. Vi vil òg byggje ned Politidirektoratet og ta frå politidirektøren makta til å kunne leggje ned tenestestader. Vi vil ikkje ha embetsmannsstyre i Noreg. Folkevalde eller statsråd i regjering, dei som kan kastast i val, skal ta avgjerdene. Difor vil vi òg gjere noko med føretaksmodellen i helsesektoren.

– Vil de leggje ned helseføretaka og gjenopne nedlagde fødeavdelingar?

– Ja, det er målet. I alle fall vil vi ikkje leggje ned fleire.

– Fødeavdelingar forsvann med Sp i regjering òg. Kan du garantere at det ikkje skjer igjen?

– Nei, det går ikkje. Vi er nesten det einaste av dei større partia som er imot helseføretaksmodellen, så endringar vert krevjande. Men det er målet. Når det gjeld fødetilbodet, vil vi fyrst forbetre følgjetenesta i ambulansane. Poenget er å ha grunnberedskap i heile landet. Vi har ikkje ei liste over alt det inneber, men vi vil snu logikken. Ikkje alt må samlast og gjerast større.

– Desse grepa kostar. Kvar skal de ta pengar frå?

– Det er mange grep som må gjerast. Mellom anna er det stort rom for å kutte i den statlege bruken av konsulenttenester, og i dei stadig større informasjonsavdelingane i departement og direktorat. Det vert ikkje mange milliardar, men milliardbeløp vert det. Så er det jo heller ikkje slik at logikken til Høgre, om at alt vert billegare om ein sentraliserer og slår saman, stemmer. Samanslåingar og nye fylkeshus har vore kostnadskrevjande og byråkratiserande. Ved mellom anna å stoppe presset mot kommunane om nye samanslåingar, sparar vi store summar som elles ville gått til konsulentrapportar, seminar og auka byråkrati, seier han.

Sp for fyrste gong

I Stranda kommune, som er neste stopp for Vedum, jobbar Sp-ordførar Jan Ove Tryggestad sjølv for samanslåing. Kommunen er i forhandlingar med Sp-styrte Sykkylven. Begge ordførarar trur det om nokre år vert vanskeleg å stå åleine. Stranda har i dag 4600 innbyggjarar, og det er ifølgje Tryggestad for lite og for sårbart med tanke på å skulle løyse større oppgåver innan helse og rehabilitering.

Kommunesamanslåing er òg tema når Vedum kjem til Hornindal, rett over grensa til Sogn og Fjordane. Skyene heng lågt og trugar med regn, og fleire av dei frammøtte har klumpa seg saman under partytelt. Leiaren for Hornindal Sp, Nils-Paul Haugen, innleier med å snakke om den komande kommunesamanslåinga med Volda, som Sp som einaste parti røysta imot.

Samanslåinga, som inneber at dei 1200 innbyggjarane i Hornindal skriftar fylke, vart vedteken av kommunestyret i 2016. Ved stortingsvalet året etter fekk Sp 47 prosent av røystene i kommunen, som var historisk høgt, og no er håpet å vinne ordførarposisjon i nye Volda kommune.

– Vi skal sjå framover og jobbe for at vi lukkast med samanslåinga til det beste for alle innbyggjarane, seier Haugen.

Vedum starta sjølv valkampen med å garantere at Sp skal motarbeide faktisk og økonomisk tvangssamanslåing av kommunar. Kva synest han om at Sp sine eigne ordførarar seier kommunane deira ikkje klarar seg åleine på sikt?

–?Dei vurderingane må gjerast lokalt. Men det har jo mykje å seie at regjeringa strammar inn økonomien til dei som vel å stå åleine, seier han.

Vil plante skog

– Vi lever i urolege tider, med klimakrise, store politiske endringar internasjonalt og folk på flukt. Vel er det lokalval, men er det kommunesamanslåingar og sentralisering som er dei viktigaste sakene å kjempe mot?

– Ja, for det handlar om marginalisering og at stadig fleire avgjerder vert tekne over hovudet på folk. Folkestyre og det å verte lytta til er blant grunnverdiane i det norske samfunnet, og det er ingen motsetnad mellom det og å vere oppteken av klimaet. Tvert imot. Om vi i diskusjonane om norske klimakutt ikkje inkluderer folk og hindrar grep som forsterkar sosiale skilnader, er det berre oppskrift på meir uro.

– Kvifor er ikkje klimasaka viktigare for Sp i valkampen?

– Det er ei kjempeviktig sak, men vi har andre klimasvar enn dei MDG, Venstre og ikkje minst regjeringa har. Nokre av klimatiltaka deira rammar svært usosialt, seier Vedum og brukar avgiftspolitikken for bil som døme.

– Vi har støtta elbilpolitikken, men vi er imot avgiftsauken for dei som ikkje har råd til å leggje om.

Sp sitt fremste klimatiltak er å plante og drive skog meir aktivt enn i dag, for å binde meir CO2, seier Vedum.

– Bør vi ikkje òg ta til å redusere forbruket?

– Det er eit av dei vanskelege spørsmåla. Eg trur ikkje det går å planleggje for eit samfunn der det breie lag skal sjå føre seg at levestandarden og velstandsutviklinga går ned, seier han.

– Ikkje noko svar

I Ørsta på kvelden får Vedum òg spørsmål om klima. Det er ope folkemøte og fullt hus på Ivar Aasen-tunet.

Vedum held ein førti minutt lang tale, utan manus. Innimellom anekdotar, forteljingar og kunnskapsquiz, som vekkjer stor latter i salen, skisserer han opp det han meiner er tre viktige politiske liner i norsk historie, som no er under press: viljen til å bruke statlege arbeidsplassar og offentleg sektor til å skape utvikling i heile landet, nasjonal kontroll over naturressursane og det å bruke skattepolitikken til å utjamne sosiale skilnader.

«Sp-kongen Vedum på lynvisitt sjarmerte ørstingane», skriv lokalavisa Møre-Nytt etterpå.

Marthe Styve Holte frå Folkestad er ikkje like nøgd. Ho stilte Vedum spørsmål om klima og fekk same svar som Dag og Tid: skogsatsing og utsleppsfrie nye bilar.

– Han svarte jo ikkje på spørsmålet, seier ho til Dag og Tid etterpå.

– Når vi ser dei store endringane som skjer, og utfordringane med flaum og ras, må vi ha fleire tiltak. Dette handlar ikkje om i kva grad folk har råd til å kjøpe dieselbil eller Tesla. Eg synest jo òg Sp burde våge å snakke om at forbruket vårt er for høgt. Det er det vi må gjere noko med, seier ho.

Holte er sjølv Sp-medlem og har vore det sidan ho melde seg inn i Senterungdomen som 15-åring.

– Men eg veit ikkje kva eg røystar no. Det er hemmeleg val, seier ho.

I det Vedum avsluttar arbeidsdagen og er på veg inn i bilen for å reise frå Ivar Aasen-tunet, ropar ho etter han:

– Trygve, du må ha fleire klimasvar!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg har ingen illusjon om at Sp kan fikse alt, men partiet er ei motvekt til sentraliseringa.

Therese Utgård, ny Sp-medlem

­– Han svarte jo ikkje på spørsmålet.

Marthe Styve Holte

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis