Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Israel er blitt sterkt. Med det følgjer ansvar.

KIBBUTZ YIRON: Ada Sireni-Feinberg var med på stiftinga av Israel, og som ung verva ho seg i undergrunnsrørsla Palmach. Geir Olav Jørgensen møter Ada Sireni-Feinberg for å høyre meiningane hennar om situasjonen i landet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ada Sireni-Feinberg  bur i kibbutzen Yiron.

Foto: Geir Olav Jørgensen

10869
20190517

Bakgrunn

Ada Sireni-Feinberg

Alder: 88

Fødd: Roma

Bur: Kibbutz Yiron

Politisk plassering: til venstre

Geir Olav Jørgensen

Geir Olav Jørgensen er skjønnlitterær forfattar og har budd periodevis i Israel dei siste tjue åra, mellom anna på dei okkuperte Golanhøgdene.

Israelske monologar

Kva meiner israelarar om situasjonen i Israel? Geir Olav Jørgensen lar israelarar med ulik bakgrunn og ulike syn seie kva dei meiner. Denne veka: Ada Sireni-Feinberg

– Ada Sireni-Feinberg, kva tankar gjer du deg om livet i Israel?

Som 88-åring har eg lov å sjå tilbake på livet. Eg forstår ikkje kor det blei av tida. For det meste sit eg her i stolen, men heldigvis får eg enno bu heime. Eg ramla og skada hofta, og det har redusert meg. Eg, som alltid har vore uavhengig! Det er ikkje godt å vere avhengig av hjelp frå andre menneske.

I 70 år har eg budd i denne kibbutzen. I 1949 blei han etablert, og han ligg heilt på grensa til Libanon. Husa som du ser i skråninga på andre sida av gjerdet, høyrer til nabolandet. Eg var med på stiftinga, eg var ei av mødrene, så å seie. Dette er heimen min, men eg vaks opp i Italia. Dei første åra budde vi i Roma. Mor var israelar, fødd i dette landet før staten blei oppretta, «Palestina», som det heitte i dei dagar, under det britiske mandatet. Då ho reiste for å studere biologi ved Universitet i Roma, møtte ho far min, som var italienar. Ho var 18 år. Så snart ho var ferdig med utdanninga, gifta dei seg. Men då eg var ti månadar gamal, døydde far. Då same året hadde han fylt 31 år. Mor var 25 år og sat aleine igjen med barnet, men ho fekk god hjelp av familien hans. Etter ei stund valde ho likevel å vende tilbake til Palestina. Slekta på denne sida var religiøse jødar, men av det liberale slaget. På den italienske sida var dei bourgeoisie, borgarklasse, men av det gode slaget. Dei var ikkje snobbar, for å seie det slik.

I 1934 vende vi tilbake til Palestina, medan eg enno var ei lita jente. Vi blei buande i Tel Aviv fram til eg var 18 år, eg studerte der. Men den italienske sida av familien hadde påverka meg. Eg heldt fram med å reise til Italia, eg veksla mellom to land. Italia er den andre heimen min.

Eg hadde ein god barndom i Tel Aviv. Då eg var ferdig med skulen, blei eg med i ei slags speidargruppe for ungdom, og vi bestemte oss for å stifte ein ny kibbutz. Merk deg at dette var i 1947, før staten Israel hadde blitt fødd. Det fanst ei sivilteneste i dei dagar, sjølv om vi ikkje hadde eit eige land enno, og det blei forventa at unge jødar skulle ta del. Jentene måtte tenestegjere i kibbutz, og gutane måtte tenestegjere i ein politistyrke som britane kontrollerte. Men dei av oss som hadde større ambisjonar enn dette, søkte seg til Palmach.

Palmach var ein styrke som opererte under grunnen. Vi hadde jo ikkje offisielle militærstyrkar i 1947. Ideologien til Palmach høyrde til på venstresida. Medlemene trena og budde i kibbutzmiljø. Eg veit at Palmach blir sett på som ein kontroversiell styrke i utlandet. I Israel ser biletet annleis ut. Palmach stod bak ulike aksjonar, både mot britane og palestinarane, og eg veit at dei drap mange menneske. Men hugs at det var krigstid då eg var med. Vi sto andlet til andlet med ein fiende som ønskte å drepe oss. Då krigen først hadde brote ut, var det snakk om å overleve.

Over tid hadde det vore ein stor draum for meg å bli medlem i denne rørsla, og her møtte eg dei beste folka som Israel har å by på. Det har eg alltid sagt. Eg verva meg i Palmach saman med nokre vener, og byrja på arbeidet med å stifte denne kibbutzen her oppe i Galilea. Som sagt var vi unge, eg var berre 18 år. Vi visste ikkje mykje om livet, men vi var fulle av glede og entusiasme. Brått skjedde noko stort og dramatisk: Det blei vedteke av FN at det skulle etablerast ein ny stat i verda – Israel. Og med det same braut krigen ut i Galilea. Det var ikkje full krig, men tilhøvet endra seg drastisk mellom arabarane og oss, frå landsby til landsby, og vi som hadde verva oss i Palmach, kunne ikkje lenger arbeide med stiftinga av kibbutzen.

Etter ei stund braut den verkelege krigen ut, og vi hamna midt i striden. Der kom vi til å spele ei sentral rolle. Når eg brukar ordet «vi», tenkjer eg først og fremst på gutane, dei unge soldatane våre. Jentene tok ikkje del i krigen på det same viset, men vi spelte ei aktiv rolle bak linjene, mellom anna ved å få fram forsyningar og ved å hjelpe dei skadde. Det var ei anna tid. Eg har ikkje stått i bresjen for feminismen, men eg er feminist, og eg er glad for at også kvinnene i dette landet tar del i hæren i dag. Slik må det vere.

Tilbake til forteljinga: Vi hjelpte soldatane våre med det vi kunne. Krigen var under utvikling, og han blei tyngre for kvar dag som gjekk. Kvifor var rolla vår sentral? Fordi vi var der alt. Hæren kom til å trenge ein del tid på seg. Vi utgjorde ein hær før hæren kom på plass, kunne ein seie.

Rundt påsketider, som vi kallar pesach, gjekk det føre seg eit kraftig slag der begge sidene kjempa om ein viktig strategisk posisjon i nærområdet vårt. Slaget sto i Hula-dalen. Den morgonen mista tolv av våre livet, og hendinga var eit sjokk for oss. Det er ikkje mange frå gruppa vår som lever i dag, men for dei som enno lever, er dette eit ope sår. Snart kom vi til å miste fire soldatar til, og slik heldt det fram.

I dag spør eg meg sjølv: Korleis kunne vi miste så mange menneske rundt oss og gå vidare? I samtida snakkar ein om posttraumatisk stress, men slikt var det ikkje tale om då. Eg har prøvd å finne svar. Vi var unge, og då har ein eit anna mot. Dagane var pakka med hendingar som følgde i kjølvatnet av den nye staten som var blitt etablert. Brått blei undergrunnsrørsla vår rekna for å vere ein hær på offisielt nivå.

Vi hadde ikkje ein gong uniformer, og opplæring var det lite av. For det meste improviserte vi. Snart blei vi sende for å møte ein del av hæren som hadde fått skikkeleg trening. Der blei det forventa at vi skulle helse på militært vis, og det var det ingen som hadde lært oss, vi visste ikkje kva vi skulle gjere, eg hugsar at vi lo av kvarandre på oppstillinga.

Dei sende oss sørover til ørkenen for å kjempe vidare, og vi var med på fleire trefningar. Etter ei stund bestemte leiinga seg for å la oss som hadde vore med i undergrunnsgruppene, gå, sjølv om krigen heldt fram, og vi vende tilbake til Galilea for å fullføre arbeidet med å stifte kibbutz.

I dei dagar blei det stifta mange kibbutzar i nord. Den 20. mai 1949 kom vi hit. Vi var ikkje 18-åringar lenger, men vi var framleis unge – på trass av det som vi hadde vore gjennom. Vi visste lite om kva det innebar å drive ein kibbutz. Vi prøvde og feila, men sakte byrja resultatet å ta form.

Vi kom hit om våren, med fuglesongen, ei nydeleg tid i Galilea. Overalt blir det grønt, og blomane veks fram. Alle som var med i gruppa, hadde bakgrunn frå gode familiar, og når kvardagen kom over oss, var det mange som valde å dra sin veg, heim til foreldra. Det var éin ting å drøyme om å stifte kibbutz. Det var ei anna sak å drifte plassen over tid, med alt arbeidet og slitet som følgde. Mange vende heim igjen for å ta høgare utdanning, men eg blei verande. Den dag i dag er dette ein liten kibbutz. Men han er her, og eg er stolt og glad for å ha vore med på å stifte han.

Kva hadde eg tenkt dersom eg fekk sjå – då eg var ung – kva som kom til å bli av dette landet? Det som eg ser var ikkje draumen min. På eit vis er eg skuffa, for landet har blitt rasistisk, og rasisme er noko av det verste eg veit. I tillegg er det slik at dei religiøse kreftene held på å ta over landet.

Misforstå ikkje: Eg set pris på alle som har ei høgare tru. Alle må gjere som dei vil for meg, så lenge ein ikkje skader andre. Men i dag vil dei religiøse utøve for stort press på oss som ikkje følgjer religionen. Dei tar del i politikken, meir og meir. Ja, når eg høyrer dei snakke om gjenreisinga av det tredje tempelet, mistar eg forstanden. Som eg sa: «La alle leve som dei vil. Men ikkje prøv å rå over meg.» Det er det som hender, så eg er skuffa over utviklinga som landet tar no. Men biletet har alltid fleire sider. Israel er òg eit mirakel: I 1947 var det 600.000 jødar her. I dag er vi meir enn åtte millionar totalt, arabarane inkludert.

På kort tid bygde vi eit land, og ingen kan nekte for at det er ei bragd. Men det går altså ikkje i den retninga som eg hadde håpa på, slett ikkje.

Vi har ein vingard her i kibbutzen. Kvar haust, i høgtida sukkot, kjem vi saman for å smake på vinen og synge i lag. Sist heldt eg tale under denne seremonien. Då sa eg at eg håpar det ventar oss eit betre år. Men eg veit ikkje sjølv om eg trur på det. Som ung trudde eg på fred, men no er eg ikkje sikker. Eg trur jo på fred likevel, eg er nøydd til det, for det finst inga anna løysing. Når du spør meg kva eg trur om framtida til Israel, er dette det beste svaret mitt.

Eg er ein ivrig lesar av venstreavisa Haaretz. Det er ei avis som får fram elendet i dette landet. Les Haaretz, og du blir pessimistisk. Men eg vil vere optimist likevel. Eg føler meg heldig som blei fødd då eg blei fødd. Livet mitt og tida som eg levde i, har vore interessant. Eg har sett landet bli til, og eg blir ikkje sint når eg ser meg tilbake, sjølv om landet er som det er akkurat no. Undervegs har Israel blitt sterkt, og med styrke følgjer ansvar. Vi har ein sittande statsminister som eg ikkje toler. Den giftige blandinga som har oppstått mellom religionen og nasjonalismen kan bli farleg for oss. Rasismen vår spring ut av nettopp denne blandinga.

I mange år sat eg i parlamentet, og eg var med i det israelske arbeidarpartiet, Avoda. Eg kjende Golda Meir personleg. Eg kjende òg Menachem Begin, og hadde ikkje sansen for han som person. Men Begin var liberal når det kom til stykket, og som politikar var han god. Han er ein av dei største vi har hatt i landet, og samanliknar eg Begin med Benjamin Netanyahu, ser Begin verkeleg bra ut.

Til slutt vil eg komme med ei åtvaring: Utviklinga som går føre seg i Israel no, kan bli farleg. Sjå korleis vi fer fram mot palestinarane i dag. Her i Galilea bur det omtrent like mange jødar som palestinarar og drusarar. I kibbutzen vår har palestinarane gjort godt arbeid. Vi har mange i arbeid her, og dei er dyktige folk. Palestinarar driv kjøkenet i kibbutzen.

Vi blir nøydde til å ha med kvarandre å gjere, dette kjem vi ikkje utanom. Tjue prosent av folket i Israel er palestinarar, og vi undertrykker dei. Men dei har rett til å leve like fritt som oss.

Serien held fram

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Den giftige blandinga som har oppstått ­mellom religionen og nasjonalismen, kan bli farleg for oss.

Som ung trudde eg på fred, men no er eg ikkje sikker.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis