Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Jarnbane til Tromsø kjem

Ei jarnbane til Tromsø kjem stadig nærare. Bannerføraren er politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her er Nordlandsbana endå ein gong stengd på grunn av snøras. Men med mange nok tunnelar og bruer vidare til Tromsø vert det sikkert mindre av slikt.

Foto: Per-Inge Johnsen / NTB

4952
20210430

Samtalen

Skjalg Fjellheim

redaktør

Aktuelt

Stadig fleire politiske parti vil ha jarnbane til Tromsø

jon@dagogtid

Forlenging av Nordlandsbana til Tromsø var ein steindaud idé i fleire tiår. Så fekk avisa Nordlys ny politisk redaktør, Skjalg Fjellheim. I tillegg etablerte avisa ei eiga debattplattform, Nordnorsk debatt. I åra etter har Fjellheim og mange med han med mykje patos agitert for jarnbane til Tromsø, og takka vera Facebook har debatten om bana breidd seg over heile landet.

Stadig fleire vert for, og det trass i at bana kjem til å kosta minst 135 milliardar, er samfunnsøkonomisk svært ulønsam og kjem til å frakte langt færre passasjerar enn 20-bussen mellom Skøyen og Galgeberg i Oslo.

– Kor mykje støtte har du i nord for dette prosjektet ditt, Skjalg?

– Meiningsmålinga i alle tre valkrinsane i nord syner ei støtte på 70 til 80 prosent for å forlengja bana til Tromsø. Ei måling frå i oktober i fjor, der det var 3000 respondentar, synte også ei slik støtte. Prosjektet har altså stor folkeleg oppslutning her nord.  

– Men du minner om Nordlands trompet i patosen din. Kvifor er dette så viktig for deg?

– For meg handlar dette om ei forteljing om likeverd i Noreg. Det handlar om at Noreg skal vera heilt og ikkje delt. Nei, eg talar ikkje for Finansdepartement, eg er politisk redaktør i Nordlys og skildrar dei langsiktige interessene for landsdelen. Denne bana burde ha kome før andre verdskrigen. Ei slik bane viser omverda at Noreg har langsiktige strategiske interesser i nord.

– No er du litt umoderne. Jau, fyrste verdskrigen vart delvis utløyst av togtabellar. Før krigen vart det lagt jarnbaner tvers gjennom Sentral-Europa og Russland for at ein raskt skulle kunne mobilisera. Gjekk soldatar om bord i eit russisk tog, måtte tyskarane gjera det same skulle logistikken gå i hop. Den tida er vel over?

– Jau, men eg meiner ein kan sjå ei slik jarnbane som hevding av suverenitet i Nord-Noreg. Det vil vera ei symboltung markering frå den norske fellesskapen i det arktiske Noreg, ikkje på grunn av samfunnsøkonomi, men av di landsdelen er Noregs geopolitiske mest pressa område. Eg tenkjer på dette som ei nasjonsbyggjande forteljing. I tillegg har bana no vorte ein del av sentrum–periferi-konflikten. Det er endå ein grunn til at eg trur bana kjem. Di fleire leiarar Aftenposten, Dagens Næringsliv og Trygve Hegnar skriv mot prosjektet, di meir trygg vert eg på at bana kjem.

– Men ho kjem til å få færre passasjerar enn 20-bussen i Oslo, som du sjølv har budd i. Eller trur du bana får fleire enn den bussen?

– Nei, eg trur ikkje det. Eg har ikkje det synet. Eg seier at eg har andre syn. Skal vi leggja samfunnsøkonomiske omsyn til grunn, vert ho ikkje bygd. Då Nordlendingforeningen i Kristiania på slutten av 1800-talet sa at det måtte koma ei Nord-Noreg-bane, argumentererte far til Nordlandsbana, Ole Tobias Olsen, for at bana måtte gå heilt til Tromsø, for som han sa, det handla ikkje om å frakta personar, det handla om å få fisken ut av Nord-Noreg.

– Men banenettet i Oslo kan ikkje frakta fersk fisk raskt nok frå nord og vidare. Der må ein prioritera folk?

– Kva er dette snakket om Oslo heile tida? Bygg dobbeltspor på Ofotbana. Fisken skal til Sverige, Finland, Russland. Dette Oslo-maset er provinsielt. No vil dei byggja ein terminal for fersk fisk på Gardermoen som skal taka mot all ferskfisken frå nord. Kvifor det? Vi skal fly fisken direkte til destinasjonen frå flyplassar i nord til fjernmarknader og frakta han på jarnbane til granneland. Oslo er berre ein omveg i denne samanhengen.

– Men du er vel ikkje så naiv at du trur at når Ap har vedteke at dei vil ha ei konseptutgreiing for bane til Tromsø for å sjå om ho kan koma inn i den neste NTP-en, så er det eit ja-vedtak?

– Nei, nei. Vegen til eit nederlag for jarnbane til Tromsø går via NTP-ar. Men no skal ei ny regjering forhandla fram ei regjeringsplattform. Der trur eg faktisk at det vert semje om eit eller anna, kanskje ei eiga stortingsmelding om prosjektet og ikkje som ein del av NTP.

– Du vil at det skal verta det same som for Follobana, at det vert ein egen post på statsbudsjettet?

– Ja, det er den einaste farbare vegen. Det vil kome masse protestar. Og så vil mange seia at Nord-Noreg kjem til å kunna få mykje betre prosjekt. Eg kjem til å fella tårer over all omsorga som Nord-Noreg då vil få. Men eg er ikkje av dei som trur at vi får éi krone ekstra i investeringar om vi ikkje får bane til Tromsø. Det er ei sterk kjensle av utanforskap i nord. Då kan ein ikkje som Erna koma farande med idear om førarlause vogntog fulle av laks. Ingen som har køyrt i ei snøbye på ein dårleg fylkesveg, vil møte eit av desse førarlause vogntoga til statsministeren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Di fleire leiarar Aftenposten, Dagens Næringsliv og Trygve Hegnar skriv mot prosjektet, di meir trygg vert eg på at bana kjem.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis