JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Meiningslaust å straffe sjuke

Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

8104
20241101

Samtalen

Ronny Rene Raveen, forfattar og tidlegare politimann. Arbeider i dag med førebygging av kriminalitet og rus.

Aktuell: Rusreforma

sofie@dagogtid.no

Skal ein avkriminalisere eller legalisere narkotika? Fungerer straff, og kven skal definerast som rusavhengige? Regjeringa la førre veke fram ei stortingsmelding om rusmiddelpolitikk. Dei vil ikkje avkriminalisere bruk og oppbevaring av narkotika til eige bruk. Til neste år kjem regjeringa med forslag til lovendringar i ein eigen lovproposisjon.

Ronny Rene Raveen har skrive boka Blålys og kokain. En politimanns vei inn i rusen – og ut av den. No arbeider han med førebygging av kriminalitet og rus.

– Kva meiner du er viktig i rusmiddelpolitikken?

– Eg er for ei total avkriminalisering av rusavhengige. Men kven skal definere det?

– Ja, det lurer eg også på, eller meir korleis ein skal definere det. Når blir ein rusavhengig?

– Eg skal ikkje definere det, men det må vere mogleg å løyse eit så enkelt juridisk teknisk problem. Når ein har funne ei løysing, må dei som skal handheve lova, få opplæring.

– Kva med unge menneske som eksperimenterer med rus?

– Eg er for ei total avkriminalisering også for unge, opp til 25 år, men det skal ha nokre konsekvensar. Forvaltningsmessige konsekvensar. Unge menneske treng rettleiing og reglar.

– Forvaltningskonsekvensar, kva legg du i det?

– Eit prikksystem, til dømes, slik me har på førarkort. Prikkane skal aldri på rullebladet og vil forsvinne etter ein avtalt periode der ein har vist endring. Skal me ha slike reglar, treng me at all narkotika er kriminalisert. Høvet for oppfølging og konsekvensar fell bort dersom narkotika ikkje er ulovleg.

– Men straff kan verke mot si hensikt dersom vedkomande eigentleg treng hjelp? Mange slit med traume? Bør dei ikkje heller få hjelp enn prikkar?

– Det er ikkje heilt rett. Forsking viser at for gjengangarar fungerer ikkje straff – altså dei rusavhengige – men for førstegongsbrukarar fungerer straff godt og har normdannande og avskrekkande effekt. Det er meiningslaust å straffe folk som er sjuke, men for alle andre vil det ha avskrekkande effekt.

– Kvifor ikkje berre legalisere narkotika?

– Med mine eigne erfaringar og dei erfaringane eg har med å vere i rusmiljø, er det eit samfunn eg ikkje vil ha. Å drikke fire pils og å ta fire linjer med kokain er ikkje det same. Amfetamin er ein drivar for kriminalitet, enten rusmiddelet er lovleg eller ikkje.

– Legalisering kan jo føre til mindre kriminalitet, om narkotikaen blir distribuert i kontrollerte former?

– Korleis veit me det? Korleis veit me at det blir slik? Det har ikkje blitt slik i USA, tvert imot. Nokon seier det er fordi det ikkje er legalisert i alle delstatane, dei gjettar på ting dei ikkje anar noko om. Ein er ikkje villig til å erkjenne at stoffet i seg sjølv er ein drivar for kriminalitet. Me må ta vekk den kriminelle økonomien til gjengane, seier folk. Pisspreik, då har du ikkje peiling på kva det vil seie å vere kriminell, dei finn berre ei anna inntektskjelde.

– Men narkotika er ei viktig inntektskjelde.

– Ja, og kokain er kanskje den største inntektskjelda for kriminelle, iallfall kan det sjå slik ut for dei svenske gjengane. Men skal me berre legalisere alt, då? Dersom me legaliserer cannabis, skal staten stå for produksjonen? Det blir utopisk. Det blir jo til slutt marknadskreftene som skal regulere det, og då blir narkotika eit middel for pengar. Eg er totalavhaldsmann, det er noko eg har valt, det har sjølvsagt betydning for kva eg meiner. Eg prøver likevel å vere objektiv. Men me må vere ærlege om kva konsekvensar narkotika har. Ein blir ikkje narkoman av å røyke hasj éin gong, men gjentar ein dette over tid, blir det eit kjempeproblem. Hadde det ikkje vore for alle desse negative konsekvensane av rus, så hadde rus vore vanvitig positivt.

Ronny Rene Raveen har skrive boka «Blålys og kokain. En politimanns vei inn i rusen – og ut av den». No arbeider han med førebygging av kriminalitet og rus.

Foto: Heide Marie Goperod

– Unge Høgre-leiar Ola Svenneby peikar på at Sverige har hatt ein like stor auke i kokainbruk som Noreg, trass i at dei har strengare ruspolitikk. Spelar det då noka rolle å endre politikken her?

– Eg er ikkje sikker på at det politikarane meiner og vedtar, har så stor innverknad på dei store tala i land som Sverige og Noreg. Me må spørje oss sjølv kvifor me skal ha ein ruspolitikk. Jo, det er for å verne dei svake og dei som ikkje kan verne seg sjølv. Barn, rusavhengige. Dei kan me verne gjennom lover, reglar, førebygging, avkriminalisering, hjelp og behandling. Då er det meiningslaust å legge ned dei beste rusbehandlingssentera i Noreg. Fullstendig galskap.

– Kva rolle har narkotikaen spelt for deg?

– Alle menneske møter på motgang i livet, om det er død, skilsmisse eller annan type motstand. Då har ein to alternativ, enten å vere i det eller å utvikle seg som menneske – og det vil gi deg livskvalitet. For meg var rusen mitt fall, min nemesis. Den motstanden bidrog til at eg blei det menneske som eg er blitt no.

– Det får det jo nesten til å høyrast positivt ut?

– Ja, men det er fordi eg har hatt flaks og overlevd, eg kunne like gjerne vore daud.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl legg fram stortingsmeldinga «Trygghet, fellesskap og verdighet. Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet, del I» 25. oktober.

Foto: Thomas Fure / NTB

– Noreg ligg på tredjeplass i Europa i kokainbruk. Kvifor har det vore så stor auke i bruk av narkotika i Noreg, meiner du?

– Ser ein på enkelte grupperingar, til dømes ungdom på vestkanten i Oslo, er me nok ikkje på tredjeplass, men på førsteplass i kokainbruk. Det er mange årsaker til auken. Det eine er måten me festar på. Alkohol passar særs godt saman med kokain og motsett. Kokain dempar dei negative verknadene av alkohol og aukar dei positive, og alkohol dempar dei negative verknadene av kokain. Tilgangen har auka, det blir rapportert om store mengder kokain til Europa. Noreg har kanskje blitt eit transittland for resten av kontinentet. Svenske gjengar kjem inn i landet. Mange unge opplever at det er fritt fram. Det har aldri vore snakk om å legalisere noko som helst i Noreg, men eg har tatt for gitt at alle forstår forskjellen på avkriminalisering og legalisering. Det er ikkje sikkert at alle har gjort det. På den andre sida trur eg ikkje ungdom i stor grad bryr seg med kva politikarar skriv og meiner. Her kjem popkulturen inn. Artistane syng om kor kult det er å bruke kokain. Dei negative sidene ved kokain kjem raskt, og dei blir det ikkje snakka om. Eg kallar det «kokain-ko-ko».

– Kva med rolla til politiet og måten dei handterer narkotikaproblematikken på?

– Politiet har vore usikre på rolla si etter at Riksadvokaten kom med eit skriv der han innskjerpa føresegna. At skrivet kom, var både riktig og bra. Men på grunn av det har ein del politifolk ikkje orka å kontrollere som dei gjorde før.

– Det gir ikkje meining for meg at skrivet er positivt, når politiet ikkje lenger tør bruke verkemiddel dei før hadde til rådvelde for å etterforske narkotika. Til dømes ransaking.

­– Det var husransakingar og prøver der det var mistanke, men som ikkje hadde heimel i lov. Det kom ei nødvendig innskjerping, men då må det også kome opplæring. Det gjorde det ikkje.

– «Alt over null gram skal vere straffbart», seier justisminister Emilie Enger Mehl. Er du einig i det?

– Eg er både einig og ueinig. Her kjem me til kjernen om kvifor ting har blitt komplisert i Noreg. Det er ganske resurssterke krefter som står bak legaliseringsbølgja. Eg har sjølv vore med på dette. Tidlegare var eg særs liberal, eg gjekk frå å vere ein konservativ politimann, til å bli rusavhengig og så liberal. No har eg endra standpunkt igjen.

– Kva var det som gjorde at du endra standpunkt?

– Det var då eg såg korleis rusavhengige påverka dei pårørande. Eg arbeider med unge menn som er avhengige av narkotika. Dei kjem frå resurssterke familiar. Eg såg at familiane leid mest, ikkje dei rusavhengige. Rus er ikkje berre ei privatsak. Me snakkar altfor lite om kven me blir når me rusar oss. Ta crack eller kokain. Eg vil for all del ikkje ha folk som nyttar dette rundt barn. Me blir andre typar menneske, og det skapar drifter i oss som blir nesten umoglege å kontrollere. Barn fortener vern. Samfunnet må verne dei mot dei vaksne som rusar seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis