JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Minner om kommunisttida

Undergravinga av rettsstaten i Polen er langt viktigare enn riksrettssaka mot Trump, meiner jussprofessor Eirik Holmøyvik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2551
20200131
2551
20200131

peranders@dagogtid.no

– Den politiske kontrollen med domstolane i Polen no minner om kommunisttida, seier Eirik Holmøyvik. Han er jussprofessor ved Universitetet i Bergen og har følgt utviklinga i Polen tett dei siste åra som medlem av Veneziakommisjonen, eit rådgjevande organ under Europarådet.

– Sjølvstendet til domstolane er under press i mange land for tida, men Polen er ekstremt. Regjeringspartiet prøver no å få total kontroll med domstolane, og er i ferd med å lukkast. Og reaksjonane i andre land er oppsiktsvekkande svake, seier Holmøyvik. Han undrar seg over den sparsame merksemda kring åtaka på rettsstaten i Polen.

– Riksrettssaka mot Trump blir dekt opp og ned i media i Noreg. Men det som skjer i Polen, er mykje viktigare, og det skjer rett utanfor døra vår.

Sett frå eit land som Noreg er det ikkje så lett å skjøne kor viktige uavhengige domstolar er for demokratiet, meiner Holmøyvik.

– I mange parlamentariske demokrati har domstolane ei viktig rolle som motmakt. Det gjeld særleg dei konstitusjonelle domstolane, som kan stogge politiske vedtak som bryt med grunnlova. Men vi har ingen slik domstol i Noreg.

– Demokrati er eit lett prinsipp å skjøne og legitimere. Det er vanskelegare å forklare legitimiteten til uavhengige domstolar?

– Ja, det er nok det. Men han er rotfesta i maktfordelingsprinsippet, som går attende til 1700-talet. Domstolane skal sikre at retten er lik for alle, og hindre vilkårleg maktmisbruk. Grunnlovsfar Christian Magnus Falsen formulerte det slik at «lovene, ikke menneskene, skulle regjere». Uavhengige domstolar skal vere garantien for at alle blir handsama i samsvar med lova, ikkje ut frå innfalla til politikarar. Men det er jo abstrakt. Spør du folk om å forklare maktfordelingsprinsippet, ristar truleg dei fleste på hovudet.

Nedbygginga av rettsstaten i Polen er ikkje berre eit problem for polakkane, men eit eksistensielt trugsmål mot EU, meiner Holmøyvik.

– EU avheng av at rettsavgjerdene i ein medlemsstat er gyldige også i andre statar. Da må ein ha tillit til at domstolane i kvart land er uavhengige. Det som skjer i Polen, er eit direkte åtak på EU, og langt meir alvorleg enn brexit. Dei juridiske verkemidla er uttømde, og berre realpolitikk og økonomiske sanksjonar står att. Og eg er ikkje sikker på at dei europeiske statane er villige til å ta i bruk slike verkemiddel. Eg er ikkje særleg optimistisk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis