Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Palestinarane har tapt

Donald Trump har lagt fram ein fredsavtale for palestinarane.
– Det heile er noko stort tull, seier professor Hilde Henriksen Waage.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tysdag presenterte Donald Trump og Benjamin Netanyahu det dei kalla ein fredsplan for Midtausten. Representantar for ei rekkje arabarstatar var til stades for å støtta avtalen.

Foto: Joshua Roberts / Reuters / NTB scanpix

4732
20200131

SAMTALEN

Hilde Henriksen Waage

Professor ved Universitetet i Oslo

AKTUELT

Donald Trump har presentert eit framlegg til avtale mellom palestinarane og Israel

jon@dagogtid.no

Tysdag la Donald Trump og Benjamin Netanyahu fram det dei kalla ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane, som dei to sa skal få ein ny stat på Vestbreidda med Aust-Jerusalem som hovudstad.

Hilde Henriksen Waage er historieprofessor ved Universitetet i Oslo og har skrive mykje om konflikten mellom Israel og palestinarane.

– Kvifor kjem denne planen nett no?

– Denne planen har vore varsla i tre år no. Donald Trump har lova at han skal leggja fram hundreårets fredsplan. Det er nærliggjande å tru at planen kjem av to grunnar: Den eine er at Benjamin Netanyahu for tredje gong på kort tid prøver å verta attvald. Han har ikkje makta å danna fleirtalsregjering. Dessutan har han desse korrupsjonsskuldingane hengande over seg. Slik sett er dette ei utstrekt hand til Trumps god ven, Netanyahu.

– Og den andre grunnen?

– At Netanyahu også kan spela rolla som Trumps nyttige idiot. Han må stilla opp nett når Trump har mest bruk for han. For som vi alle veit: Også Trump ønskjer å verta attvald, og Trump har no fått større problem med riksrettssaka enn det såg ut til for berre kort stund sidan. Den tidlegare tryggingsrådgjevaren John Bolton har skrive eit manus, og lekkasjane frå dette manuset er ikkje bra for Trump. Det aukar risikoen for at Bolton vert kalla inn som vitne. Trump har no trong til noko grandiost for å avleia det som har vorte ein vanskeleg innanrikspolitisk situasjon.

– Men sjølve planen? Både Netanyahu og Trump seier at no skal palestinarane få Aust-Jerusalem som hovudstad.

– Eg slit med å seia kva eg verkeleg meiner om dette. Trump seier så mykje som ikkje har rot i røyndomen, og her motseier han i tillegg seg sjølv. På den eine sida har han sagt at USA ser på Jerusalem som Israels udelelege hovudstad, og har lagt ambassaden dit. På den andre sida seier han no at palestinarane skal få Aust-Jerusalem som hovudstad. Det er, for å seia det rett ut, noko stort tull. Som alle som har vore i Jerusalem veit, er no den austlege delen annektert av Israel. Men no har Trump eller ein eller annan rådgjevar fått den ideen at dei vil taka eit område aust for den store muren, eit område som aldri har vore ein del av Jerusalem, og kalla det Aust-Jerusalem.

– Men i eit tenkt tilfelle, kva vil skje om dette området vert hovudstad?

– Det vil seia at berre dei som er på austsida, vil kunne koma inn i denne tenkte hovudstaden. Alle dei som bur på den andre sida av muren, vil altså ikkje få høve til å vitja sin eigen hovudstad. Det er sprøtt. Men dette kallar altså Trump ein genistrek. I røynda er denne «planen» eit brot på all folkerett. Dessutan er det ikkje nokon avtale, som Trump kallar det, det er eit amerikansk-israelsk diktat.

– Vi seier at du har rett, at dette berre er politisk spinn. Israelarar flest er med åra nokså kyniske vortne, dei ser vel tvers gjennom dette «tullet», som du kallar det?

– Eg er samd i at dei har vorte kyniske, men eg langt frå sikker på om israelarar flest ser det slik som du seier dei ser det. Eg er der mykje av tida, og min konklusjon er at ja, dei ser palestinarane som bur på den vestlege sida av muren, men dei som er på austsida, bryr dei seg ikkje om. Dei er ikkje-eksisterande. Israelarane er aldri på den sida, og det er dei ikkje mellom anna av di det står fareskilt overalt. «Du kan verta drepen om du dreg over» og så bortetter. Eg trur dei fleste ser på dette som ei pragmatisk løysing, som ein måte å verta kvitt problema med palestinarane på.

– Kva er fordelane for Israel?

– At Israel no får halda på alle dei ulovlege busetjingane, som alt har vegar og tunnelar inn til Israel. Dessutan kan dei med denne planen fritt dyrka Jordandalen, som har den mest fertile jorda. For også Jordandalen skal annekterast. Ikkje nok med at palestinarane vert presenterte for eit diktat, dei misser òg matfatet sitt.

Så då kjem det ingen intern motstand i Israel mot denne planen?

– Det gjer det nok, motstanden kjem til å koma frå ytre høgre. Dei vil seia at Netanyahu har gjeve vekk altfor mykje. Dei vil ha heile landet, ikkje berre dei beste bitane.

– Kva slags motmakt kan vi då venta mot planen?

– Det kjem inga motmakt. USA er ålmektig. Palestinarane har tapt kampen om landet totalt. Legg merke til at både Egypt og Saudi-Arabia har sagt at palestinarane seriøst bør vurdera dette «fantastiske» tilbodet. Palestinarane har ingen vener med makt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I røynda er denne «planen» eit
brot på all folkerett.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis