🎧 Saka som ikkje vil døy
Tre forfattarar prøver å setja punktum for politivaldsaka i Bergen.
Lite tyder på at dei vil lukkast.
Frå pressekonferansen i Media City Bergen tysdag denne veka. Frå venstre sjefredaktør Frode Molven og forfattarane Tom Kristensen, Per Christian Magnus og Bjarne Kvam.
Foto Anne Iversen / Vigmostad Bjørke.
Politivaldsaka
Gunnar Nordhus og Edvard Vogt la i 1981 fram ein rapport der det vart påstått at bergenspolitiet var særs valdeleg.
Politiet i Oslo etterforska skuldingane og kom til at dei var utan hald.
Nordhus og Vogt fekk ros og erstatning frå Justisdepartementet, som sa dei hadde gjennomført godt forsking.

Lytt til artikkelen:
Politivaldsaka
jon@dagogtid.no
Fyrst ein litt personleg inngang: Unge lesarar veit neppe kor stor den såkalla politivaldsaka i Bergen var. Underskrivne drog i militære sumaren 1987. I troppen min var det to litt ekspansive og kanskje ikkje heilt truverdige bergensarar. Dei fekk straks spørsmål om dei hadde vorte banka opp av politiet. Det stadfesta dei. Dei påstod at dette var norma om ein kom i kontakt med politiet i Bergen. Vi andre var litt imponerte over dette. For vi hadde aldri opplevd noko så tøft når vi møtte lokale lensmenn og politi. Men, visste vi og dei fleste med oss, Bergen var ein annan stad.
I alle høve, boka Politivoldsaken, Norges største forskningsskandale kom ut tysdag. Ho er skriven av Bjarne Kvam, tidlegare Bergens Tidende-journalist og no advokat med doktorgrad, Per Christian Magnus, leiar av Senter for undersøkjande journalistikk ved Universitetet i Bergen, og Tom Kristensen, spenningsforfattar og økonom. Målet med boka er å setja punktum for politivaldsaka som har rulla og gått heilt sidan 1981. Alt no kan vi slå fast at forfattarane har mislukkast. Ei rekkje av dei som er nemnde i boka, protesterer kraftig mot hovudtesen, at rapporten «Voldskriminaliteten og dens ofre», skriven av studenten Gunnar Nordhus og sosiologen Edvard Vogt, var forskingsjuks.
Samarbeid eller ikkje?
I rapporten skreiv Vogt og Nordhus at dei hadde samarbeidd med 61 private ålmennlækjarar og 125 tannlækjarar i bergensområdet som hadde registrert valdsskadar. Forfattarane seier dei har snakka med 20 av dei som framleis er i live og skal ha samarbeidd med Vogt og Nordhus. Ingen av dei seier dei kan hugsa å ha vore med på eit slikt samarbeidd. Dei 20 seier vidare at dei ville ha høyrt om eit slikt samarbeid, sidan miljøet i Bergen var tett og lite på den tida. Dette er nye opplysningar. Bergens Tidende (BT) har i ettertid ringt 17 av desse. Nokre seier dei har snakka med forfattarane, men eit fleirtal seier anten at dei ikkje kan hugsa å ha møtt forfattarane, eller dei avviser det totalt. Alle seier rett nok at dei ikkje var med på ei kartlegging i regi av Vogt og Nordhus. Etter BTs oppslag har forfattarane lagt fram intervjunotat som syner at dei som ikkje hugsar å ha snakka med forfattarane, vart intervjua i 2014 og 2015. «Etter å ha tenkt meg om, er jeg ganske sikker på at jeg snakket med Bjarne Kvam om dette i forbindelse med boken, men jeg husker ikke når det var», seier Truls Breyholtz, som var leiar for Tannlegeforeningen i ei årrekke no til BT.
I alle høve stadfestar dei som BT har intervjua, det Kvam og Magnus påstår: at det ikkje var noko samarbeid, og at påstandane i valdsrapporten på dette feltet dimed er svindel. I denne saka går vi ut frå at det som står i boka, i hovudsak er rett. Men vi har ikkje ettergått påstandane og sitata. Det meste av boka er i alle høve bygd på opne og tilgjengelege kjelder. Det er ein god del ny informasjon i boka, men her konsentrerer vi oss om hovudlinene. Teorien til forfattarane er at så godt som ingen tok seg bryet med å lesa rapporten som tok for seg politivald i Bergen i 18 månader i 1974 og 1975, mellom anna av di rapporten var på 12.160 sider. Eitt av indisia på manglande lesing vart lagt fram på pressekonferansen. Kvam viste der fram tabellar om tannlækjarbehandling heilt tilbake til 1960-åra, og at ei rekkje av tabellane i rapporten synte det same, berre med ulik periodisering. Ein statistikar kunne òg fortelja at han hadde vore involvert i arbeidet med tabellane. Han hadde fortalt Nordhus at alle desse tabellane han hadde tinga, var tull og tøv, og at Nordhus var i ferd med «å dumma seg ut». Nordhus hadde avviste han.
På sparket
Debatten om valdsrapporten, som vart samanfatta i ei bok av Vogt og Nordhus, starta i debattprogrammet På sparket den 8. oktober 1981. Vogt og Nordhus kunne fortelja at materialet deira indikerte at det truleg var éin valdsepisode per dag i regi av politiet i Bergen, og at valden ofte hadde bestialsk karakter. Truleg hadde ingen, sett vekk frå Vogt og Nordhus, lese heile rapporten, knapt nok delar av han, sidan han var nytrykt, men alt dagen etter gjekk den absolutte nestoren og autoriteten innanfor juss i norsk etterkrigstid professor Johs. Andenæs ut og sa:
«Voldsundersøkelsen i Bergen representerer et stort arbeid som en absolutt bør ta alvorlig. Jeg mener det ville være en tanke at Justisdepartementet nå oppnevner et par uhildede personer til å gå gjennom ikke bare boka, men hele forskningsprosjektet for å vurdere det materialet som er lagt fram. Jeg er overbevist om at politivold er mer utbredt enn det vi gjerne vil tro.» Ei rekkje av kollegaene til Andenæs ved Universitetet i Oslo sa det same. Politimeisteren i Bergen, Sigurd Müller, avviste rapporten, men han òg ville ha ei gransking: «Vi står overfor et ondsinnet angrep på politikorpset. Boken kan ikke godtas som vitenskapelig forskning når det gjelder avsnittet om politivold. Det må mer karakteriseres som mistenkeliggjøring på sviktende grunnlag. Vi må nå få granske dette materialet!»
Anders Bratholm
Det vart ei gransking i regi av Andenæs’ nære kollega professor Anders Bratholm. Debatten vart prega av steile frontar, i hovudsak konservative mot venstreradikale. Mange av dei som har kravd oppattaking av Torgersen- og Treholt-saka, har òg vore støttespelarar for Nordhus og Vogt. Men nordfjordingen Andenæs og sunnmøringen Bratholm vart ikkje rekna som venstresideaktivistar, dei vart oppfatta som sindige vestlendingar i gamal Venstre-tradisjon. Bratholm fekk granskingsansvaret frå Justisdepartementet, truleg av di han var sett på som nøytral og var høgt respektert.
Alt den 22. februar 1982 leverte Bratholm-utvalet granskingsrapporten. Vogt og Nordhus fekk full støtte. Alt tydde på at det vart gjennomført dagleg vald i regi av bergenspolitiet. Men protestane var mange. Vogt og Nordhus påstod at dei hadde samarbeidd med Haukeland sjukehus i granskinga. Leiinga ved sjukehuset avviste det, og det vart mykje bråk i pressa om det påståtte samarbeidet.
Forfattarane av den nye boka har granska påstandane om samarbeid nærare og legg fram ny dokumentasjon på at samarbeidet ikkje var slik Vogt og Nordhus sa. I ettertid vart det gjennomført ei gransking ved Haukeland for å sjå kor mange som faktisk hadde vorte skadde av politivald. I 1981 vart det registrert 1813 pasientar med skadar. Berre éin skade handla om politivald, ein mann hadde vorte biten av ein politihund under pågriping.
Assisterande overlækjar Jeremy Ganz ved Nevrokirurgisk avdeling stod bak granskinga. Han hadde lang røynsle frå skadeavdelingar både i Bergen, andre stadar i Noreg og i utlandet. «Jeg har sett skader i tusentall, men aldri sett et eneste eksempel på noe som kan fortjene betegnelsen politivold», sa Ganz til Bergens Tidende i 1983.
Ny gransking
I åra etter rapporten etablerte det seg, trass i Bratholm-granskinga, ei oppfatning om at det hadde vore mykje juks i rapporten. Mellom anna vart det straks avslørt at Nordhus under falskt namn hadde utgjeve seg for å vera lækjar ved Haukeland i kontakt med politiet, noko som vart stadfesta i ein dom frå 1983. Men i 1986 kom ein ny rapport, som vart lagd fram av Bratholm og Nordhus på ein pressekonferanse med stor mediedekning. Valdsoffera var ikkje lenger anonyme, men hadde til og med skrive under på at forteljingane deira var rette. I tillegg vart ei rekkje av dei påståtte valdsutøvarane i politiet identifiserte med namn. Bratholm sjølv hadde vore med på mykje av granskinga i Bergen, og han hadde vore med på å skriva 40 forklaringar. Andenæs gav igjen full støtte: «Den nye rapporten har en dimensjon ut over politivoldspørsmålet. Planting av hasj og bruk av rusmidler under politiavhør er meget alvorlig. At slikt skal ha forekommet i Norge, er nytt for meg. Det som er avdekket, er en skandale for rettsstaten.»
Riksadvokaten kunne sjølvsagt ikkje leva med dette og sende ei stor avdeling av dei mest røynde etterforskarane frå Oslo til Bergen. Det vart gjennomført ein stor razzia mot bergenspolitiet. Kvart påstått valdsoffer vart intervjua av to polititenestemenn. Medan granskinga gjekk føre seg, kom det inn stadig nye påstandar om vald utført av namngjevne politimenn. Oslopolitiet fekk mistanke om at dette var i regi av Nordhus, og at han kanskje hadde nokon internt på kammeret han samarbeidde med. Dei laga difor falske vaktlister. Nokre som stod oppført på desse listene, var i røynda ikkje på arbeid. Likevel kom det inn skuldingar om at nett desse hadde utført politivald. Oslopolitiet etterforska 368 handlingar som potensielt kunne gje straff.
Ingen saker
Dei fann éi sak som kom for retten. Politimannen vart der frikjend. «Det har vært lett å lyve for Gunnar Nordhus, verre med forklaring under vitneansvar. Hovedinntrykket mitt av saken er følgende: Det er en himmelropende forskjell på det skremmebildet som er tegnet, og de reelle forholdene ved kammeret. Vi er overbevist om at etterforskningen gir et korrekt bilde. Det har vært en lang og slitsom ferd. Det er satt punktum for femten års spekulasjoner om politivold i Bergen», sa statsadvokat Erling Lyngtveit på pressekonferansen.
Han tok feil. Bratholm skreiv meir, og sjølv om han hadde kravd politigransking, var han no særs kritisk til oslopolitiet og ville ha forskingsgransking. Han fekk brei støtte. I juni 1988 sende 14 av dei mest respekterte professorane ved Universitetet i Oslo eit brev til statsministeren og Stortingets presidentskap. Mellom dei som skreiv under, var Francis Sejersted og seinare rektor Lucy Smith. Dei kravde eit nytt utval: «Saken er etter hvert blitt meget innviklet, og det er vanskelig for utenforstående å danne seg et klart bilde av den…» Andenæs var aldri i tvil om at Bratholms støtte til Vogt og Nordhus var rett, noko Bratholms eiga forsking synte: «Ingen forsker som har satt seg grundig inn i Bratholms rapporter, kan være i tvil om at totalbildet er riktig. Bratholms forskning er imponerende og beundringsverdig.»
Erstatning til alle
I kjølvatnet av etterforskinga frå oslopolitiet vart det gjennomført rettssaker mot personar for å ha gjeve falsk forklaring, dei såkalla bumerangsakene. Dei som vart dømde, fekk etter krav frå Høgsterett teke opp att sakene sine. Då gav statsadvokatembetet opp, og offera fekk erstatning. «Jeg er overbevist om at de tiltalte er skyldige. Påtalemyndigheten legger likevel ned påstand om frifinnelse av prosessøkonomiske hensyn», sa fyrstestatsadvokat Walter Wangberg til domarane i Gulating lagmannsrett den 16. april 1998.
Erstatning fekk òg Vogt og Nordhus frå Justisdepartementet. Odd Einar Dørum (V), som var justisminister då, sa i tillegg at dei hadde gjennomført særs god forsking. Vogt og Nordhus vann òg ei injuriesak mot to politimenn, ein dom Høgsterett stadfesta. Domen vart i hovudsak omstøytt i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og dei to fekk erstatning som så mange før dei.
Nordhus vart seinare dømd for svindel, falske forklaringar og økonomisk utruskap i ei anna sak. Til konkursbuet kom det inn krav på godt over 50 millionar. Familien tapte alt av eigedom, og ein son vart sitjande med eit lånekrav på 17 millionar kroner frå Nordea. Domen mot Nordhus vart fem års fengsel. Vogt gjekk på si side personleg konkurs etter mellom anna å ha involvert seg i ei sak med kjøp og sal av veddeløpshestar. Saka involverte den svindeldømde kusken Atle Hamre og Nordhus.
Naive Bratholm
Dei tre forfattarane seier dei ikkje finn prov på at det dei meiner er svindel i regi av Vogt og Nordhus, også omfattar Bratholm. Dei meiner at han var naiv. Bratholm fekk ei rekkje prisar og vart heidra av kongen før han døydde. Fleire av aktørane har vorte intervjua av nettavisa Khrono. Dei avviser skuldingane frå forfattarane. Advokaten til Nordhus, Håkon Brækhus, har sendt ut ei pressemelding:
«Gunnar Nordhus er helsemessig ikke i stand til å ta til motmæle. Hans sentrale kolleger har gått bort, og han føler seg maktesløs i forhold til de påstander som fremsettes i boken. (...) Man noterer at forfatterne ikke har gjort stort annet enn å gjenta tidligere innsigelser mot forskningsprosjektet. (...) Forfatterne synes heller ikke å kunne påvise at politivold ikke har skjedd, eller påvist at omfanget var mindre enn det ble konkludert med.»
Forfattarane på si side seier at prosjektet deira ikkje har vore å avvisa at det har skjedd politivald. Dei har sett på forskinga til Nordhus og Vogt og prøvd å gje ei forklaring på kvifor det dei meiner er forskingssvindel, vart støtta så sterkt, særleg av Bratholm og store delar av pressa. Hovudteorien ser ut til å vera at om du vil tru på noko, så trur du på det.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Gunnar Nordhus er helsemessig ikke i stand til å ta til motmæle. Hans sentrale kolleger har gått bort og han føler seg maktesløs i forhold til de påstander som fremsettes i boken.»
Advokat Håkon Brækhus
Nordhus vart seinare dømd for svindel, falske forklaringar og økonomisk utruskap.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.