– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
Samtalen
Kirsti Høegh Bjørneset
sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett
Aktuell
Reversering av domstolsreforma
Kirsti Høegh Bjørneset, sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett. Foto: Privat.

pernille@dagogtid.no
I 2021 gjennomførte regjeringa Solberg ei domstolsreform som reduserte talet på tingrettar frå 60 til 23. Samstundes vart alle dei tidlegare 60 tingrettane oppretthaldne som rettsstader.
Justisminister Emilie Enger Mehl varsla i oktober 2021 at regjeringa ville reversere reforma. Eit framlegg om å etablere dei 60 tingrettane på nytt var sendt på høyring i januar 2022. Måndag denne veka vart det klart at regjeringa føreslår å etablere fem nye tingrettar ved å dele opp seks tingrettar, slik at vi samla får 28 tingrettar.
Kirsti Høegh Bjørneset er sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett, ein av tingrettane som regjeringa no vil dele i to. Ho er kritisk til det nye framlegget. For ordens skuld: Bjørneset var medlem av Domstolskommisjonen, som i 2019 utforma eit utkast til endring i domstolsstrukturen. Dag og Tid intervjuar henne i kraft av rolla som sorenskrivar.
– Som sorenskrivar i Møre og Romsdal har du røynsle med samanslåinga. Kva tenkjer du om framlegget?
– Eg tenkjer at det er uheldig, og eigentleg uforståeleg. Omstruktureringa av domstolane har vore ein lang prosess, og reforma kan syne til gode resultat. Samanslåinga har styrkt fagmiljøa og ført til betre ressursutnytting gjennom ein større organisasjon. Samanslåinga har kravd store ressursar, både menneskelege og økonomiske, og vi har også kome langt i prosessen med å etablere felles kultur og drift av domstolen. Om det nye framlegget vert vedteke, er det meiningslaus ressursbruk, i mine auge.
– Kva har vore positivt med reforma?
– Ta til dømes Møre og Romsdal. Vi hadde opphavleg fire små tingrettar, som etter samanslåinga vart til éin, medan dei fire rettsstadene bestod. Med samanslåinga fekk dei tilsette høve til å jobbe på tvers, dele erfaringar og diskutere med dei andre dommarane. Det har vore viktig for fagutviklinga. Dommarane kan framleis førebu sakene på sin eigen rettsstad. Det er berre for rettsmøte som ikkje kan verte gjennomførte digitalt, at dommarane som sit andre stader, må reise. Men ingen vert pålagd å reise.
– Saksomfanget per rettsstad varierer. Som éin domstol har vi høve til å fordele saker til dei stadene som har mindre pågang. I periodar med fråvær er vi ekstra sårbare på ein av rettsstadene våre. Fleire dommarar gjer at sakene vert jamnare fordelte, og at domstolen avgjer sakene raskt. I Møre og Romsdal tingrett har vi også hatt stort fokus på at advokatane og aktørane vert møtte med lik sakshandsaming og like rutinar, uavhengig av rettsstaden som handsamar saka.
– Då reversering av reforma var på høyring i 2022, vart det sagt at å oppretthalde rettsstader utan administrativ leiing gjorde rettsstadene sårbare for samanslåing. Korleis står den kritikken seg, meiner du?
– Slik som resultatet vert no, går regjeringa eigentleg mot sin eigen politikk. Hovudargumenta til motstandarane mot reforma, mellom anna Senterpartiet, har vore at det er viktig å ha domstolsleiing på alle rettsstadene. Med framlegget regjeringa no kjem med, skjer ikkje det. I realiteten aksepterer dei brorparten av reforma og går vekk frå kravet sitt om administrasjon på alle rettsstader. Regjeringa har anerkjent at store domstolar er framtidsretta, og difor lèt ho om lag 80 prosent av domstolane stå uendra.
– Vil det seie at framlegget berre er symbolpolitikk frå regjeringa?
– Ja. Reversering har vore eit uttalt mål, og regjeringa gjekk høgt ut før førre val. Men framlegget har vorte dårleg motteke, og mitt inntrykk er at Arbeidarpartiet ikkje har ønske om reversering. Difor kom dette framlegget om mindre justeringar på noregskartet.
– Men det er vel stortingsfleirtalet som avgjer?
– Det er endeleg Stortinget som bestemmer korleis vi skal vere organiserte, men eg synest det er spesielt om det politiske fleirtalet vil vedta ein struktur som er i strid med faglege råd, når vi samstundes kan vise til så gode resultat. Å velje denne mindre justeringa meiner eg at regjeringa burde avstå frå.
«Slik som resultatet vert no, går regjeringa eigentleg mot sin eigen politikk»
Kirsti Høegh Bjørneset, sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett.
– Noko av kritikken mot reforma kom vel frå fagmiljøa sjølve, advokatar som frykta at det vart vanskeleg å drive advokatverksemd langt frå tingrettane. Dei har vel eit poeng?
– Det er for så vidt ikkje overraskande at advokatar i distriktet hadde slike innvendingar, fordi tingrettane sjølvsagt er viktige for dei. Utan at eg kan snakke på vegner av advokatstanden, trur eg likevel dei har hatt gode erfaringar med reforma. Uansett organisering er vi lokaliserte der vi alltid har vore, og vi kan tilby eit større fagmiljø enn tidlegare. Etter samanslåinga har vi profesjonalisert organiseringa av ein del rettsområde, slik at handsaminga står fram som likare enn før. Eit døme på det er gjennomføring av tvangssal. Medan spørsmål om honorar og fristar før kunne handsamast ulikt, avhengig av om ein budde i Kristiansund eller i Volda, har vi i større grad samordna slike spørsmål etter samanslåinga. Det kjem innbyggjarane til gode. Eg trur òg det er positivt at advokatane møter fleire dommarar. Eit anna døme er at vi no har ressursar til moderne utstyr og lokale.
– Regjeringa har vore uroa for at bruken av dommarfullmektigar ville auke om ein ikkje fekk fleire embetsdommarar ved dei mindre rettsstadene. Ho meinte det var problematisk for rettstryggleiken, til dømes i saker om barnefordeling. Korleis har domstolsreforma påverka det spørsmålet?
– Alle dei 23 tingrettane har vore meir samkøyrde og restriktive i høve til bruken av dommarfullmektigar i ein del saker. I Møre og Romsdal tingrett har vi i denne perioden mista to dommarfullmektigstillingar, men vi har på same tid fått to embetsdommarstillingar.
– Regjeringa vil også lovfeste talet på rettsstader. Kva tenkjer du om ei slik løysing?
– Eg tenkjer det kan vere fornuftig. Uansett kva som vert utfallet, er det viktig at vi får ro rundt domstolsstrukturen. Dersom plasseringa av rettsstader vert lovfesta, er det Stortinget som gjennom lovendringar må bestemme om det skal skje endringar, og ikkje slik som i dag, der regjeringa gjennom budsjettprosessen kan bestemme domstolsstrukturen. Det er ikkje bra for korkje dei tilsette eller arbeidet å gå mange år med uavklart struktur. Difor er det viktig at vi har brei politisk semje.
– Vil den nye endringa ha noko å seie for den juridiske hjelpa?
– Svaret er vel både ja og nei. Dei tilsette er ansvarsfulle overfor oppgåvene sine, og utfører arbeidet med god kvalitet. Eg opplever at dei er lojale mot den til kvar tid gjeldande strukturen. Samtidig meiner eg at vi gjennom ein domstol i Møre og Romsdal vil ha større fokus på kvalitets- og forbetringsarbeid enn det som er praktisk mogleg i mindre domstolar. Vi har erfart at fagleg utviklingsarbeid i hovudsak skjer i større domstolar. I Møre og Romsdal har vi hatt utbytte av å dra vekslar på dommarressursar på tvers av dei fire rettsstadene våre. Denne fleksibiliteten mistar vi ved å bli to domstolar. Dersom politikarane ønskjer å styrke domstolane i distriktet vårt, gjer dei ikkje det ved å halvere storleiken på domstolen. Det verkar også rart kvifor vi i Møre og Romsdal skal vere to domstolar, medan til dømes Trøndelag vert verande éin domstol med fire rettsstader.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?