JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– USA treng Europa

KØBENHAVN: Ja, den tryggingspolitiske situasjonen for Norden er meir usikker enn på lenge, men USA trekkjer seg neppe ut med det fyrste, seier Henrik Ø. Breitenbauch, som leier det danske Center for Militære Studier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump gjer dei fleste av oss nervøse, men Henrik Ø. Breitenbauch trur ikkje Trump vil trekkja seg attende frå Europa med det fyrste.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB scanpix

11861
20191220
11861
20191220

Tryggingspolitikk

jon@dagogtid.no

Dei fleste av oss er nervøse – i det minste om vi har ein hang til å vera negative – for vår eigen tryggleik. Vil USA under Donald Trump halda fram med å vera tryggingspolitisk reservebank for verda generelt og Skandinavia spesielt? Og har ikkje Trump eit poeng når han seier at vi betaler altfor lite for forsvaret vårt? Det varierer med kor sterk den norske krona er, og kor svak den russiske rubelen er, men i gjennomsnitt dei siste 20 åra har Noreg nytta meir på trygder enn det Kreml har nytta på det militære. I eit slikt perspektiv er Trumps irritasjon forståeleg. Er difor tida som Jona i den amerikanske kvalbuken over?

Vi treng trøyst. Henrik Ø. Breitenbauch er leiar for Center for Militære Studier ved Københavns universitet. I artikkelen «Det store nordiske rum: Trump, Putin og geopolitikkens uafvendelighed» – som vi har lånt omgrepet «tryggingspolitisk reservebank» frå – skriv Breitenbauch i konklusjonen: «Vil det gå så galt? Næppe. USA’s egeninteresse i den europæiske sikkerhed er for stor, inertien i den liberale verdensordens mekanismer i den amerikanske stats strukturer er for tung, til at selv en potentielt revisionistisk præsident hurtigt vil kunne lægge kursen så markant om.»

Feil røykjelaks

Men dette skreiv Breitenbauch for to år sidan. Meiner han det same no? Vi møter han til ein jolefrukost i København. Røykjelaksen vi et, er elles frå den russiske interessesfæren, inst i Austersjøen. Det er visst lenge sidan danskane brydde seg om Noreg. Det er no så. Breitenbauch er elles realist sjølv om han seier han saknar det dansk-norske riket. Den fyrste læresetninga til realistar er at statar gjer absolutt alt for å overleva. Han byrjar med å gjera oss nervøse.

– Eg trur det er all mogleg grunn til å vera særs uroleg for tryggleiken vår. Vi er ikkje lenger i den perioden vi kan definera som etterkaldkrigstida, som var prega av stadig aukande tryggleik. Vi har gått inn i ein ny æra med minkande tryggleik.

Inga trøyst der, altså. Men når det er sagt:

– Eg trur derimot ikkje at det er i USAs objektive interesse å trekkja seg ut av Europa. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg ein situasjon der USA brått heilt eller delvis trekkjer ut det militære nærværet sitt i Europa.

– Kvifor det?

– Av di dei veit at om dei trekkjer seg ut, vil det verta mykje dyrare å koma attende for å sikra demokratiet, som dei måtte under den andre verdskrigen, etter å ha trekt seg ut etter den fyrste. Dessutan er Nato USAs fyrste vadestein ut i verda. Eit trygt Europa gjev amerikanarane ryggen fri om dei må trå til andre stadar i verda. Det vil alltid vera stadar i verda der USA må bry seg og på eit eller anna vis intervenera. Difor treng dei Europa.

Retorikk og røyndom

– Men Trump.., seier eg.

– Ja, vi skal koma til han. Men no snakkar eg om verkeleg djupe strukturar som ikkje ligg på presidentnivået i politikken. USA har ein grunnleggjande trong til ryggdekning frå Europa, same kven som er president. Slik er det berre.

Men eitt er realismen, at USA gjennom Nato får ei forsikring, noko anna er moralen i det heile. Norden har ein større økonomi enn Russland. EU er uendeleg mykje rikare enn Russland nokon gong kan gjera seg von om å verta. Som Angela Merkel sjølv har sagt det: EU er rundt 7 prosent av folkesetnaden i verda, men har om lag halvparten av verdas velferdsbudsjett.

– Det er då nesten umoralsk å velta rekninga over på amerikanarane når vi sjølve er så rike?

– Du må gjerne meina det, men oppgåva til statar er ikkje å vera moralistar, men kalde monster som optimaliserer eigne interesser. Europearane vil ha billig tryggleik og massivt med velferd. Statar har ikkje venar, statar har interesser. USA er ikkje ein ven av dei skandinaviske statane, og dei skandinaviske statane er ikkje venar av USA. Skandinaviske regjeringar har eitt mål: å koma unna med så billig tryggleik som råd er. Men ja: Buksebaken kan rivne om det vert for stor skilnad på det ein seier, og det ein gjer.

Moral er ein annan stad

Her trekkjer Breitenbauch igjen fram skilnaden mellom politisk retorikk og den djupe røyndomen. Politikarane er fullt klar over at dei ikkje gjer noko frå eit moralsk perspektiv, men det skal det ikkje talast om. Difor seier politikarane i Danmark og Noreg at vi er vener med USA, og at vi skal gjera alt vi kan for å halda på venskapen og prioritera det USA bed oss om å prioritera.

– Men sjølvsagt gjer vi ikkje alt vi kan. Vi vel heilt medvite å gjera så lite som råd er. Når det er sagt, er det innlysande at den amerikanske tryggingsgarantien er mykje meir verd enn dei 2 prosentane som vi og resten av Nato no har vedteke å arbeida i retning av. Men kor mykje vi i Skandinavia har nytta på forsvar, har variert sterkt, og kor mykje vi bør nytta i framtida, har vi ikkje nokon objektive tal på.

Gratispassasjersyndromet har vore diskutert opp og ned og i mente. Små statar har ein paradoksal fordel. Nett av di dei er så små, vert dei òg uviktige økonomisk. Difor kan dei sleppa billig unna, seier Breitenbauch.

– USA sit i førarsetet og har historisk i vidt omfang avgjort kvar bussen skal gå. Men av di dei held på rattet, har dei òg kunna leve med at ikkje alle europearane betaler fullpris.

Eigenverdi med fridom?

– Men det å vera uavhengig har for dei fleste ein verdi i seg sjølv. Kvifor setja nesten alt av trygging ut til ein annan aktør, som då til sjuande og sist utøver makt over oss?

– Ja, det å vera fri har ein verdi. Men det er tydelegvis ikkje ein så høg verdi at veljarane og skattebetalarane er viljuge til å prioritera han framfor alt det andre dei vil ha for dei kronene dei betaler inn.

Men kvifor har det vorte slik? I etterkrigsåra var den klart største enkeltposten på det norske statsbudsjettet forsvaret. Ved inngangen til 1960-åra nytta både Noreg og Danmark nær 4 prosent av BNP på forsvaret, og det i eit tid då velferda var langt lægre enn no.

– Av di folk då hugsa at grannehuset brann ned. Andre verdskrig og Stalins overtaking av Aust-Europa var noko som låg nær i minnet. Når eit hus i landsbyen brenn ned, forstår ein at ein må vera fullforsikra. Få som lever i dag, har dette minnet.

– Men har vi ikkje hamna i den motsette grøfta? At vi har teke så sterk avstand frå statsmakt at vi ikkje lenger forstår at makt alltid vil finnast, og at vi difor treng motmakt?

– Nja, det er det nok delte meiningar om (her kunne vi ha trekt inn Afghanistan og Libya, men vi konsentrerer oss om retorikken og det store biletet, red. merk.). Men om eg skal akseptera premissen din, handlar vår aversjon mot makt om den psykopolitiske effekten som oppstår av å vera i ei buffersone. I denne sona kan du òg inkludera dei baltiske statane – storleiken på sona har variert etter ytre press. Russland har skubba frå aust, Tyskland har skubba frå sør. Norden kunne ha vore ei stormakt, men vart det ikkje. Sverige prøvde, men mislykkast. Danmark-Noreg var ikkje sterkt nok til å taka kontroll over Sverige, og det oppstod ein balanse som ikkje skapte ei samla makt, men var avhengig av ytre makter.

Fridom utan ansvar

Her spenner Breitenbauch opp det store lerret om kva som kunne hadde skjedd om Sverige hadde fått kontroll over Nord-Tyskland, Austersjøen og Preussen, og kor annleis Europa då hadde vore.

– Men dette fråværet av eigenmakt gjev oss eit slags absurd løyve til å tru at makt ikkje finst, eller at makt er noko dei andre held på med. Difor har vi hamna i ein situasjon der Noreg og Sverige seier rett ut at dei er moralske stormakter, medan vi danskar lever opp til Piet Heins vittige diagnose om at vi er verdas mest audmjuke folk – så der òg er vi dei beste. Dei mest konkrete utslaga ser ein i politikken overfor den tredje verda, og no til dags i denne omfamninga av FN-måla og klimatiltak. Alt dette gjer vi utan å sjå i kva grad denne politikken faktisk verkar og eventuelt tener dei måla vi sjølve har interesse av å oppnå.

– Men det tener oss vel òg på eit vis. Resten av verda oppfattar oss som spesielt vellukka, og er du vellukka, får du òg tenester.

– Ja, om du bur i eit velståande bustadområde, er du verna frå mykje elende. Det skitne arbeidet du nyt godt av, vert gjort av andre. Du ser på hendene dine og ser dei er reine, då er det ein menneskeleg tendens å visa fram dei reine hendene. Vi har verkeleg nytt godt av globaliseringa og den infrastrukturen som USA har garantert. Personleg trur eg dette vil vara nokre tiår enno, men ein eller annan dag tek det slutt. Ein dag må vi òg skitna oss til. Trump er i så måte eit varsel. Vi kan gjerne meina at moral er rett politikk, men det er irriterande å høyra på moralistar for ein som må gjera det skitne arbeidet moralistane nyt godt av.

Kvifor ikkje sitja stille?

Men sjølv om USA har teke på seg å gjera det skitne arbeidet for Vest-Europa og ikkje minst Skandinavia, er det likevel slik at dei har tent på den rådande strukturen. Dollaren er verdas reservevaluta, som igjen gjer at USA kan trykkja pengar som gjev auka velstand og billig import. Kvifor då ikkje sitja stille i båten?

– Alt var då greitt og roleg med Obama, og så valde amerikanarane denne fyren?

– I røynda byrja Obama med den same attendetrekkinga frå framskotne posisjonar som Trump held på med. Trump nyttar berre ein annan retorikk. Alle stormakter når før eller seinare ein fase der dei strekkjer seg for langt, det gjorde britane i si tid, og det har amerikanarane gjort. Bush-administrasjonen såg at Kina vart det neste store og laga ein strategi for oppdemming mot Kina. Kina var det trugsmålet USA skulle konsentrera seg om. Men så kom 11. september, og USA overvurderte totalt si eiga militære makt. Dei trudde i fullt alvor at dei skulle kunne pressa verdsbiletet sitt på Midtausten. Obama såg at dette ikkje gjekk, og Trump ser det.

– Men då kan vi snu på det heile og seia at det er underleg at Trump lagar så mykje bråk om Nato? Ja, Nato kostar USA ein del, men det er ikkje ei så dyr forsikring?

– Ja, men det er difor eg opererer med denne distinksjonen mellom det djupt tryggingspolitiske og den daglege politiske retorikken. Dei to nivåa talar ikkje alltid så godt saman. Jau, amerikanarane har nok irritert seg over at Vest-Europa har nytta så få ressursar på forsvar, men i den store samanhengen har kostnadene USA har hatt i Europa, vore relativt små, og difor har amerikanarane funne seg i det. Men Trump har størst støtte mellom dei Hillary Clinton kalla «the deplorables» – dei vi ikkje liker – og dei held til i område som har stilt opp med mannskapet til desse krigane etter 11. september. Det er klart at denne kostnaden mellom «dei vi ikkje liker», får konsekvensar på det politiske nivået, og dimed fekk vi Trump. Det er kan henda uheldig, men det endrar ikkje den grunnleggjande interessa som USA har av å ha Europa som ryggdekning.

Frankrike og Tyskland?

– Men det verkar slik når Trump snakkar?

– Ja, på det politiske nivået er det tommel opp og tommel ned. Trump seier at «no har vi gjort nok». Det er berre det at det ikkje er noko alternativ, korkje for amerikanarane eller for europearane. Det er ikkje noko tryggingspolitisk alternativ til USA i Europa for tida. Ja, Frankrike ynskjer som alltid å vera i førarsetet, men dei har aldri vore i stand til å tala på vegner av dei andre statane. Tyskland kunne i prinsippet ha teke på seg ei leiarrolle, sidan europeiske småstatar oppfattar dei som ein meir legitim leiar, men Sonderweg-Tyskland kan ikkje utøva open politisk leiarskap. Norden må dimed leva med auka press frå aust, men eg seier ikkje at USA kjem til å trekkja seg ut heilt plutseleg. Det er for irrasjonelt. Vonar eg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi vel heilt medvite å gjera så lite som råd er.

Henrik Breitenbauch

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis