Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vanskeleg å forstå

Jussprofessor Ragnhild Hennum seier at både påtalemakt, forsvarsadvokatar og dommarar har eit ansvar for å kontrollere at regelverket Nav-vedtaka byggjer på, stemmer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag vedgjekk arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) (t.h.) og Nav-direktør Sigrun Vågeng at reglane for å ta med seg trygd til andre EØS-land har vore praktiserte feil i fleire år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4385
20191101

Samtalen

Ragnhild
Hennum

Professor ved Det
juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Nav-skandalen

eva@dagogtid.no

Minst 48 personar er feilaktig dømde for bedrageri, 36 av dei har fått fengsel utan vilkår, fordi Nav har gjort vedtak på feil grunnlag i totalt 2400 saker om sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar sidan 2012. Skandalen kan gå lenger tilbake enn det òg, ifølgje nettsida rett24.no.

Professor Ragnhild Hennum ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo seier saka er svært alvorleg.

– Ser du nokon moglege forklaringar på det som har skjedd?

– Her har det skjedd feil i fleire ledd. Både Nav, Trygderetten, påtalemakta, domstolane og forsvararane må bere sin del av ansvaret.

– Kva i systemet gjer det mogleg at ein slik feil får forplante seg gjennom fleire nivå?

– Det er det på mange måtar vanskeleg å forstå. Her har dei etterfølgjande instansane gjort lite for å kontrollere Navs fortolking av regelverket. Kanskje kan noko av forklaringa vere at dette dreier seg om personar som er i ein sårbar posisjon, og som har færre midlar til å vareta interessene sine? Saka syner òg at det er viktig med fri rettshjelp i denne typen trygdesaker. Ein kan ikkje vente at ikkje-juristar skal klare å setje seg inn i dette regelverket på eiga hand.

– Har ikkje både forsvarsadvokatar og dommarar eit ansvar for å kontrollere at regelverket Nav-vedtaka byggjer på, stemmer?

– Jau, det stemmer.

– Totalt 23 domstolar er involverte i feilbruken av regelverket, så vel store som små tingrettar, ein lagmannsrett og endåtil Høgsterett. Kan domstolane skulde på Nav?

– Nei, domstolane har eit sjølvstendig ansvar for å undersøkje sakene.

– Rett skal vere rett: Høgsterett har berre teke stilling til straffutmålinga i ei av sakene og ikkje til sjølve skuldspørsmålet. Men har ikkje Høgsterett òg eit ansvar for å syte for at grunnlaget for sakene domstolen tek opp, er rett?

– Det er opning for å kontrollere at straffelovgjevinga er rett brukt. Kva som har skjedd i denne konkrete saka, har eg ikkje kunnskap om.

– Det er stilt spørsmål ved om dette kan dreie seg om ein omsetjingsfeil. Kan det tenkjast at det finst fleire andre slike feil i norsk forvalting og rettspraksis?

– Ja, det kan tenkjast at det er veikskapar både i skriftlege omsetjingar og i den tolkinga som går føre seg dagleg i rettssalane våre.

– Finn Arnesen, som leier Senter for europarett ved Universitetet i Oslo, seier til Advokatbladet at regelverket er komplisert, men at det frå EU-domstolen alt for nokre år sidan låg føre om lag eitt tusen avgjerder om det same regelverket. Brukar ikkje norske domstolar å orientere seg internasjonalt?

– Norske domstolar orienterer seg internasjonalt. Det gjer elles også både påtalemakta og forsvarsadvokatane. Her ser det likevel ut til at kontrollen med dei internasjonale kjeldene ikkje har vore god nok.

– Trygderetten brukte halvtanna år frå feilen vart påpeika overfor Nav, til dei varsla at dei ville be Efta-domstolen om ei rådgjevande fråsegn. Tek det vanlegvis så lang tid før domstolar følgjer opp feil som er avdekte?

– Fordi vi ikkje har noka sak å jamføre med, er det ikkje mogleg å seie kva som er vanleg. Men det eg kan seie, er at dette tok lang tid.

– Kva seier denne saka om rettstryggleiken i Noreg?

– Eg trur ikkje denne saka kan brukast som døme på at det generelt er mangel på rettstryggleik i Noreg. Vonleg vil alle dei involverte syte for betre kontroll, slik at denne typen feil ikkje skjer i framtida.

– Kva må gjerast for å unngå fleire slike feil?

– Alle involverte må gå gjennom eigne system og skjerpe inn det ansvaret alle har for å sikre at slike feil ikkje skjer. Vi som er utdanningsinstitusjonar, har i oppgåve å utdanne dyktige juristar som er kjeldekritiske og i stand til å oppdage feil.

– Kven meiner du har det største ansvaret for saka?

– Her er det mange som har ansvar. Like viktig som å fordele skuld er det at feila som er gjorde, vert retta raskt opp i. Vi må få ein grundig gjennomgang av systema som har tillate at dette kunne skje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det kan tenkjast at det er veik­skapar både i skriftlege omsetjingar og i den tolkinga som går føre seg dagleg i rettssalane våre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis