– Vesten starta den nye kalde krigen
– Med aggressiv, militær kringsetjing og økonomisk utpressing har Vesten starta ein ny kald krig,
seier filosofiprofessor Jon Hellesnes.
– Den enorme dimensjonen på krigsøvinga Trident Juncture i fjor haust markerte at Noreg har vorte ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen, meiner Jon Hellenes.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Forsvarspolitikk
ottar@dagogtid.no
Jon Hellesnes kjem i desse dagar med boka NATO-komplekset, og måndag denne veka møtte han forfattar Kjartan Fløgstad til samtale om norsk utanriks- og forsvarspolitikk på Litteraturhuset i Oslo.
Det primære for Hellesnes har vore å få til ei forståing av at Noreg er alliert med ei farleg krigsmakt.
– Eg har av og til tenkt at statsborgarane i DDR var mindre indoktrinerte enn det ser ut til at me er. Dei hadde ikkje tillit til den politiske eliten, og skaffa seg alternativ kunnskap. Her og no vert folk med alternative skildringar og vurderingar sett på som påverknadsagentar frå helvete. Det er ei sterk einsretting, og boka mi er eit element i kampen mot denne einsrettinga, fortalde Hellesnes.
Han viste til utsegner frå ein nederlandsk offiser under øvinga Joint Reindeer i Nord-Noreg vinteren 2018.
– Han uttalte at det verkar som me nærmar oss ein ny kald krig. Ytringa er så villeiande som ho kan verta. Me har vore inne i den kalde krigen i fleire år, sa Hellesnes og la til:
– Den labile tilstanden gjer at faren for krig er større no enn under den førre kalde krigen. Det har den amerikanske militæranalytikaren, historikaren og tidlegare presidentrådgjevaren Stephen F. Cohen uttalt. Tidlegare sjefsanalytikar i CIA, Ray McGovern, har sagt det same.
Det farlegaste
Hellesnes viste også til Georg F. Kennan (1904–2005), ein av dei sentrale aktørane i amerikansk utanrikspolitikk under den førre kalde krigen.
– Å inkludera tidlegare austblokkland i Nato var ifølgje Kennan det farlegaste og mest lagnadstunge USA kunne gjera. Det var eit aggressivt trekk i maktspelet. Det var å starta ein ny kald krig. Mikhail Gorbatsjov, Henry Kissinger og Helmut Schmidt har uttalt seg på liknande vis. Ved jubileet i 2014 for Berlinmurens fall var dei relativt samstemde. Schmidt tok særleg for seg vestleg politikk overfor Ukraina, og han dømde denne politikken nord og ned.
Hellesnes meiner at bakgrunnen for Gorbatsjovs kritikk er spesielt viktig.
– I 1990 vart han samd med president George Bush senior og utanriksminister James Baker om to viktige ting: Sovjetiske styrkar skulle trekkja seg tilbake frå austblokklanda, eit samla Tyskland kunne gå inn i Nato, men på eitt ufråvikeleg vilkår, og det var at det ikkje skulle skje ei utviding av Nato. Tidlegare austblokkland skulle ikkje kunna verta medlem av Nato. Men president Bill Clinton braut vilkåret, og det har vorte hevda at han følgde råd frå den amerikanske våpenprodusenten Lockheed Martin.
Vestens propaganda
Hellesnes viste til at kritikken frå Kennan og andre gamle realpolitikarar har eit solid moralsk grunnlag.
– Den kyniske og svært farlege Nato-politikken inneber at USA har kunna etablera seg militært i russiske nærområde. Samstundes har Vesten, med sin selektive og dermed falske bruk av folkeretten som propaganda, innført økonomiske sanksjonar mot Russland. Med denne kombinasjonen av aggressiv militær kringsetjing og økonomisk utpressing har Vesten starta ein ny kald krig. Å plassera skulda for den nye kalde krigen i Vesten inneber ingen illusjon om regimet i Russland. Også der har oligarkane makt, også der er demokratiet meir kulisse enn realitet, også der vert politiske dissidentar behandla dårleg.
Hellesnes viste til at Russland er vesentleg svakare enn USA og Nato-komplekset, og at ein svakare part som er utsett for provokasjonar og press, kan handla uklokt. Han slo fast at det er eit nødvendig vilkår for avspenning og reduksjon av krigsfaren at den sterkaste parten greier å moderera seg.
– Eksistensen av kjernefysiske våpen gjer dette ekstra viktig, men evna til moderasjon er dessverre fullstendig fråverande i USA og Nato-komplekset, som er den farlegaste militærmakta i dag. Den enorme dimensjonen på krigsøvinga Trident Juncture på norsk territorium i fjor haust markerte at Noreg har vorte ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at den fredelege, diplomatisk-ordnande naboskapen med Russland er avslutta, sa Hellesnes.
Hellesnes meiner at tida er moden for ei folkereising mot den USA-servile norske politiske eliten, og at ei slik mobilisering er heilt naudsynt for å få til ein meir sjølvstendig, fredsvenleg tryggings- og utanrikspolitikk.
– Er ikkje redde
Kjartan Fløgstad fortalde om ein tur til Kirkenes saman med ein internasjonal forfattardelegasjon for nokre år sidan. Der fekk dei høyra om det tradisjonelt gode tilhøvet til Russland.
– Mange spørsmål handla om at folk i Kirkenes var redde. Kvifor det? svarte kirkenesværingane.
Fløgstad sa at spørsmålsstillarane viste til at folk i Kirkenes budde nær russargrensa og den russiske ubåtflåten. Dei velinformerte forfattarane rista oppgjevne på hovudet og spurde om folk i nord ikkje hadde høyrt om russisk aggresjon, undertrykking og massevaldtekt.
– Kirkenesværingane fortalde då om eit tradisjonelt godt forhold til Russland og at det aldri har vore krig på grensa, bortsett frå naziåtaket under krigen. Dei sa også at ein stor del av Noreg vart frigjort i oktober 1944, då styrkar frå den raude armeen kjempa seg over Kolahalvøya og gjekk over norskegrensa med store tap. 2000 sovjetsoldatar fall eller vart såra. Ingen andre nasjonar har lidd slike tap for å frigjera norsk territorium. Ifølgje kirkenesværingane oppførte dei sovjetiske styrkane seg ulasteleg og trekte seg tilbake i samsvar med avtalen som var gjord. Etter dette trur eg at dei tilreisande tenkte at så himmelropande naive går det berre an å vera her ute i den ytste provinsen.
Fløgstad viste til møte om klimakrisa der det er stor oppslutnad av folk i alle aldrar, ikkje minst av brennande engasjert ungdom.
– Men når temaet er atomtrugsmålet, avspenning og nedrusting, er det av og til godt frammøte, men der er eg med på å trekkja gjennomsnittsalderen vesentleg ned.
Under samtalen på Litteraturhuset la han vekt på skilnaden mellom Sovjetunionen og Russland. Fløgstad sa at i motsetnad til Sovjetunionen har ikkje Russland noko ideologisk alternativ som dei ønskjer å spreia til resten av verda.
– Derimot har dei bitre og delvis traumatiske erfaringar med kapitalistisk demokrati under president Boris Jeltsin på 1990-talet. Landområdet er krympa, det nye Russland er kringsett av fiendar, og folketalet går kraftig ned. Sibir er nær på folketomt, men landet har ei lang grense mot den vitale og veksande supermakta Kina. Er det sannsynleg at Russland skal ha ekspansive territoriale krav i ein slik situasjon? Med overveldande militær motmakt på den andre sida måtte dei russiske leiarane i så fall lida av sterke suicidale og kollektive dødsønske, og det er det lite som tyder på. Tvert om står den russiske leiinga fram som durkdrivne maktpolitikarar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Faren for krig er større no enn under den førre kalde krigen.
Jon Hellesnes,
filosofiprofessor
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.