JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi i Vesten har vore naive

Det er ikkje rart at kinesiske selskap no er i den teknologiske verdstoppen, meiner Kina-kjennar Henning Kristoffersen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4749
20201002
4749
20201002

peranders@dagogtid.no

Framgangen til Kina viser verdien av kunnskap om produksjon, meiner Henning Kristoffersen. Han spesialrådgjevar i The Governance Group, sosialantropolog ved Universitetet i Oslo, og har forska på kinesisk næringsliv i mange år. Kristoffersen har òg vore programdirektør for Nordisk senter ved Fudan-universitetet i Shanghai.

– Det er ikkje noko nytt at kinesarane lagar komplekse produkt av topp kvalitet. Men før var dette mest vestlege merkevarer. Mange storselskap i andre land flytta produksjonen sin til Kina, fordi berre Kina hadde kapasiteten som skulle til. Industriproduksjon krev utdanna folk, ingeniørar, fabrikkar, vegar, jernbane, flyplassar, hamner og skip, og alt dette hadde Kina, seier Kristoffersen.

– Ta Apple som eit døme: Da iPhonen vart ein suksess, måtte Apple masseprodusere smarttelefonar raskt, og det einaste landet i verda som kunne handtere volumet, var Kina. USA var ikkje i nærleiken av slik kapasitet. På same vis har mange andre selskap flytta produksjonen til Kina.

Mange i vesten har undervurdert kompetansen som ligg i det å produsere, meiner Kristoffersen.

– Det har vore ein naiv ide om at vi i vesten berre kunne sitje og finne på ting. Vi skulle sitje på toppen av verdikjeda og vere innovative medan kinesarane lagar tinga for oss. Og no spør vi: «Korleis klarer Kina dette»?

No driv kinesarane også nyskapinga sjølv, og for vestlege land blir dette alvorleg, meiner Kristoffersen.

– Når ein først har outsourca så mykje av kompetansen, kan ein ikkje berre hente han attende. Og Kina er i ein perfekt posisjon: Den kinesiske marknaden er enorm, med forbrukarar som vil ha nye ting heile tida. Den etterspurnaden er òg med på å drive innovasjonen.

Eitt halmstrå for Vesten har vore trua på at eit land ikkje kan bli verkeleg nyskapande utan demokratisk utvikling. Men også det håpet brest, meiner Kristoffersen.

– Mange har hevda at Kina aldri kan bli innovativt så lenge landet er ein autoritær eittpartistat. Ein stat kunne liksom ikkje bli meir autoritær og meir innovativ samtidig. Men det er det som har skjedd.

– I kva grad er det marknadsøkonomien som driv nyskapinga, og i kva grad er utviklinga dyrka fram av staten?

– Båe delar. Dei statseigde kinesiske selskapa er kjernen i mykje av industrien. Men dei har og ein sosial funksjon, og dei er verkty for kommunistpartiet. Samstundes er det mykje rom for private selskap til å drive med nyskaping. Kinesarane er ekstremt gode på rask kommersialisering, og heilt rå i digitaliseringa av økonomien. Dette blir drive fram av det private næringslivet, og dei har fordelen av ein enorm heimemarknad.

Men også dei statlege satsingane er med på å drive fram innovasjon i Kina, meiner Kristoffersen.

– Ut frå dei vestlege ideane om korleis eit land skal styrast, gjer Kina det meste feil. Hos oss er det stor tru på marknadskreftene allokerer ressursane best. Og det er sant at ressursane ikkje alltid flyt dit dei bør i Kina. Det er store ubalansar i økonomien og korrupsjonen er ei utfordring. Men samstundes er det stor kraft i dei statlege planane, som når Kina no satsar på kunstig intelligens og robotteknologi fram mot 2025. Staten set inn store ressursar på forsking, etablerer klynger og støttar private selskap om det trengst.

– Femårsplanar vart latterleggjort etter at Sovjetunionen kollapsa. Men Kina lagar framleis slike store statlege planar?

– Ja. Og økonomar i heile verda finles dei planane, for vi veit at mykje av det som står der, kjem til å skje. Det får enorme konsekvensar når Kina satsar. På eine sida har du dei store, tunge statlege planane, på andre sida eit privat næringsliv der folk jobbar vitet av seg for å tene pengar raskt.

På litt sikt kjem truleg Kina til å vere førande i dei fleste typar teknologiutvikling, meiner Kristoffersen.

– Og her ligg den store frykta til USA. Dette er ikkje som Sovjetunionen. Kina har kome for å bli.

– Vi er vande til at demokratiske land er teknologisk førande. Om den mest teknologisk avanserte staten i verda er eit diktatur, endrar det verdsbiletet?

– Eg meiner at merkelappen «diktatur» avgrensar forståinga vår av utviklinga til Kina. Men vi må venje oss til at Kina held fram sin teknologiske framgang utan å gå i demokratisk retning. Det er vanskeleg for oss å skjøne, men kommunistpartiet har sterk støtte i befolkninga. Store undersøkingar syner at tilliten til styresmaktene i Kina er blant dei høgaste i verda. Trass i alle sjukdomar som kommunistpartiet lir av, har det vist seg styringsdyktig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det får enorme konsekvensar når Kina satsar.

Henning Kristoffersen, Kina-kjennar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis