Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

21.02.17

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1929
20170303
1929
20170303

Vi er alle republikanarar, men ingen gjer noko med det. Ein og annan bruser med fjørene og flaggar republikk av plikt, oftast når det hender noko konstitusjonelt, som at nokon i kongeriket gifter seg eller får barn. Men då rykteflaumen rasa som verst om Mette-Marit, var det også noko djupt bigott i den moralske kritikken. Ho måtte gå ein offentleg kanossagang på ein pressekonferanse, og som brur fekk ho si endelege tilgjeving gjennom talen til Gunnar Stålsett. Som i røynda atteroppretta den guddommelege orden over eit kongehus som etter rådande religion var innsett av Gud.

Dette skreiv eg her i februar 2004. Heilt uavhengig av dette er den noverande kongens fødselsdato, 21. februar, den einaste kongelege fødselsdatoen eg hugsar. No har kongen fylt åtti, og eg sluttar meg til gratulantane. I 1955 gav den svenske forfattaren Wilhelm Moberg ut boka Derför är jag republikan, eit sviande oppgjer med monarkiet som også kom på norsk, men sidan er gløymd, også i Sverige. Denne veka har den norske kongen og hans hus vorte borne på gullstol av folket. Med Ole Torps intervju-serie med alt frå Ole Paus til den norske kongekronikøren Tor Bomann-Larsen. Kopla til sterke portrett av ein konge som så usminka og medlevande har delteke like sterkt i glede som i sorg, hugs 22. juli, har det gjeve kongehuset ein posisjon som truleg er eineståande på kloden.

Det dårlegaste har vore ei rad innringingsprogram der spørsmåla var like dårlege som svara, med nokre gjengangarar frå kommentariatet i studio som ikkje hadde tenkt ein ny tanke. Kampen om kongehuset er i praksis vunnen. Det er ikkje på udemokratisk vis, men til dømes av ei dronning som går Fjell-Norge på langs, og målar bilete. I boka Bak fasaden i 1994 fortalde Carl-Erik Grimstad soga om då kong Olav slost mot bilbeltet og fekk dispensasjon. Dagens åttiåring baud inn til gjestebod i hagen og sa at her er vi alle nordmenn. Det er difor han er konge.

R.H.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis