Samfunn
80 år sidan dødsmarsjane frå Auschwitz
Sidan 2005 har den internasjonale holocaustdagen vore markert 27. januar, til minne om frigjeringa av Auschwitz på denne dagen i 1945. Korleis gjekk det med dei få norske fangane som var i live på det tidspunktet?
Fangar i ein kolonne frå konsentrasjonsleiren Dachau i sluttfasen av krigen.
I alt vart 773 jødar deporterte frå Noreg under okkupasjonen i åra 1940–45. 734 av desse vart sende til Auschwitz hausten og vinteren 1942–43 i fire transportar med skipa «Donau», «Gotenland» og «Monte Rosa». Dei fleste vart myrda i gasskammera i Auschwitz.
Truleg var berre 17 av dei norske jødane i Auschwitz i live i januar 1945. Då kom nok ei utfordring: dei såkalla dødsmarsjane. Natta mellom 16. og 17. januar, vel ti dagar før leiren vart frigjord, begynte evakueringa av Auschwitz-leirane. 56.000 fangar vart sende av garde i store kolonnar av «levande lik», som ein observatør sidan forklarte det. Tyskarane ville unngå at fangane skulle kunne vitne om ugjerningane i konsentrasjonsleirane. Dessutan trudde den tyske innanriksministeren Heinrich Himmler at dei kunne nytte fangane som forhandlingskort. Dessutan, absurd nok, ville dei sikre seg fangane som arbeidskraft.
Fem overlevde
Tolv av dei norske jødiske fangane vart sende ut i marsjen. Dei fem andre var for sjuke til å gå og vart att i leiren. Det var meininga å drepe dei, men kort tid etter rømte fangevaktarane frå leiren då Den raude armé nærma seg. Alle dei fem fangane overlevde og kom seg heim på ulikt vis.
Av dei tolv på dødsmarsjen overlevde berre seks. Nokre av dei klarte å halde saman under den utmattande og farlege marsjen. Andre var åleine. Kolonnane marsjerte i retning Gleiwitz, den gongen del av det tyske Schlesien, i dag byen Gliwice i Polen. Det var midtvinters og kaldt. Fangar som ikkje klarte marsjen, vart skotne av SS-vaktene. Lika låg tett langs vegane.
Ein av desse ulukkelege kan ha vore Oscar Müller, ein unggut frå Bergen, som kom til Auschwitz i desember 1942. Julius Paltiel, som overlevde, trefte på han då dødsmarsjane byrja, men sidan har ingen høyrt frå han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.