Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kunsten å svare utan å svare

Den som spør om NH90, får svevande svar frå Forsvarsdepartementet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1281
20180824
1281
20180824

Regjeringa har vore svært lite villig til å svare på spørsmål om NH90-skandalen. Dag og Tid sende denne veka desse tre spørsmåla til Forsvarsdepartementet:

– Erkjenner departementet at mangelen på helikopter er eit alvorleg handikap for Kystvakta og i verste fall kan føre til at menneskeliv går tapt på havet?

– Kva er i vegen for å terminere kontrakten for NH90, når så mange av føresetnadene for kjøpet ikkje har blitt oppfylte?

– Ifølgje Offisersbladet kan Forsvaret spare minst 11 milliardar kroner og få langt større helikopterkapasitet ved å kansellere NH90 og kjøpe Seahawk. Kva argument har Forsvarsdepartementet mot ei slik løysing?

E-postsvaret frå spesialrådgjevar Birgitte Frisch i departementet handla dessverre om andre ting enn det vart spurt om. Slik såg svaret ut:

«Etter mange års forseinkingar har Noreg motteke fleire NH90-helikopter. Erfaringane så langt bekreftar at NH90 er eit godt helikopter som kan løyse oppgåvene, men at kostnadene til vedlikehald blir større enn tidlegare antatt. Det betyr at kvar flytime kjem til å bli dyrare enn det som er planlagt, og dyrare flytimar gir færre flytimar. Dette jobbar Forsvarsdepartementet med å finne løysingar på.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Regjeringa har vore svært lite villig til å svare på spørsmål om NH90-skandalen. Dag og Tid sende denne veka desse tre spørsmåla til Forsvarsdepartementet:

– Erkjenner departementet at mangelen på helikopter er eit alvorleg handikap for Kystvakta og i verste fall kan føre til at menneskeliv går tapt på havet?

– Kva er i vegen for å terminere kontrakten for NH90, når så mange av føresetnadene for kjøpet ikkje har blitt oppfylte?

– Ifølgje Offisersbladet kan Forsvaret spare minst 11 milliardar kroner og få langt større helikopterkapasitet ved å kansellere NH90 og kjøpe Seahawk. Kva argument har Forsvarsdepartementet mot ei slik løysing?

E-postsvaret frå spesialrådgjevar Birgitte Frisch i departementet handla dessverre om andre ting enn det vart spurt om. Slik såg svaret ut:

«Etter mange års forseinkingar har Noreg motteke fleire NH90-helikopter. Erfaringane så langt bekreftar at NH90 er eit godt helikopter som kan løyse oppgåvene, men at kostnadene til vedlikehald blir større enn tidlegare antatt. Det betyr at kvar flytime kjem til å bli dyrare enn det som er planlagt, og dyrare flytimar gir færre flytimar. Dette jobbar Forsvarsdepartementet med å finne løysingar på.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis