Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Afghanske kulissar

Vi tok ikkje inn over oss den fulle djupna av problema i den afghanske staten, seier Espen Barth Eide.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Daverande forsvarsminister Espen Barth Eide (til venstre) saman med daverande forsvarssjef Harald Sunde og general Noor Mohammad Hamid i Camp Maimanah i Faryab-provinsen. Norske styrkar skulle sikre tryggleiken i Faryab frå 2005 til 2012.

Foto: Lise Åserud / NTB

5259
20210827

Samtalen

Espen Barth Eide

tidlegare forsvars- og utanriksminister

Aktuell

Taliban tek over Afghanistan

5259
20210827

Samtalen

Espen Barth Eide

tidlegare forsvars- og utanriksminister

Aktuell

Taliban tek over Afghanistan

peranders@dagogtid.no

Den 15. august inntok Taliban hovudstaden Kabul i Afghanistan, nesten 20 år etter at Nato jaga rørsla frå makta. Espen Barth Eide (Ap) var forsvarsminister og utanriksminister i den siste Stoltenberg-regjeringa, og er i dag stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

– Kva var dei første tankane dine da du fekk høyre at den afghanske hæren kollapsa, og Taliban rykte inn i Kabul?

– Som alle andre vart eg overraska over at samanbrotet kom så fort. Det var ikkje eigentleg ein militær siger for Taliban, meir ein psykologisk siger og eit resultat av effektiv alliansebygging.

– Det er bygd opp eit stort etterretningsapparat i Afghanistan. Korleis kunne den lynraske erobringa kome som ei overrasking?

– Når Taliban lukkast så godt, var det mest på grunn av veikskapane til staten. Oppgåva for etterretninga i landet var å kartleggje fienden, ikkje å vurdere motstandsevna til staten. Og den afghanske hæren viste seg som ein Potemkin-kulisse. I prinsippet var dette ein godt trent og utsrusta hær. Men i militær teori heiter det at den militære slagkrafta er viljen gonga med evna. Om det er null vilje til å kjempe, blir òg slagkrafta null.

– Du har besøkt Afghanistan mange gonger, som statssekretær, forsvarsminister og utanriksminister. Kva inntrykk fekk du av dei afghanske styrkane?

– Eg såg på treningsprogramma, møtte spesialstyrkar og militære og politiske leiarar. Og det såg ut som eit apparat som fungerte. Men alt er lettare når du har ein stor internasjonal styrke som bakkar deg opp. Ingen skjønte kor svake styrkane var når dei vart overlatne til seg sjølve.

– I 2013 sa du i Stortinget: «Det ble gjort en kraftanstrengelse for å bygge opp de afghanske sikkerhetsstyrkene. Kvaliteten på disse styrkene kan vi nå si oss tilfreds med.»

– Dei spesialstyrkane som Noreg var med på å trene opp, vil eg seie var av høg kvalitet. Dei vart testa i kamp mange gonger og løyste oppdraga sine godt. Det trur eg er objektivt sant. Men dei opererte innanfor eit svært apparat støtta av Nato. Og da det viste seg at kommandosystemet til staten ikkje hang saman, kollapsa alt rundt dei. Desse spesialstyrkane var ikkje laga for å handtere alt på eiga hand.

– I 2013 sa du òg: «Nå står om lag 334.000 væpnede kvinner og menn til den valgte regjeringens disposisjon.» Den styrken var ein papirtiger?

– Ja. Dei soldatane var der, det er ikkje slik at dei ikkje fanst. Men om viljen til å kjempe går mot null, hjelper det ikkje. Vi overvurderte evna dei afghanske styrkane hadde til å operere på eiga hand.

– Den staten Noreg var med på å byggje opp, var gjennomsyra av korrupsjon. Visste du meir om kor gale det stod til enn det du fortalde som forsvars- og utanriksminister?

– Eg trur eg var ganske ærleg på at det var mange utfordringar med den afghanske staten. Mange diplomatar, organisasjonar og FN-folk prøvde å ta opp misbruket av pengar. Men den fulle djupna av problema tok vi nok ikkje inn over oss.

– Noreg var med på å finansiere oppbygginga av ein gjennomkorrupt stat som aldri fekk brei legitimitet i Afghanistan?

– Staten fekk i alle fall ikkje legitimitet nok, og han var ikkje effektiv nok. Samstundes: I desse 20 åra var ein del ting betre i Afghanistan enn i nabolanda. Afghanistan var meir demokratisk enn Tadsjikistan, Usbekistan, Kina og så vidare. Det var slett ikkje roseraudt, men ein del ting fungerte på eit vis. Landet utvikla eit sivilsamfunn, menneskerettsaktivistar kunne operere friare enn i nabolanda, og det vart halde val.

– Rapporten til Godal-utvalet om Afghanistan frå 2016 slo fast: «Det første og viktigste målet i hele perioden var å støtte USA og bidra til å sikre Natos relevans.» Vart den norske innsatsen i Afghanistan presentert som noko anna enn han var?

– Deltakinga vår i Afghanistan var ikkje ei sjølvstendig norsk avgjerd, det var kollektivet Nato som vedtok å engasjere seg for å stabilisere Afghanistan. Dessverre gjekk USA i 2003 til krig i Irak, ein krig som splitta Nato djupt. Afghanistan var «den gode krigen», med brei oppslutnad i Nato og eit mandat frå Tryggingsrådet i FN. Der kunne vi vise president Bush at Nato-landa stod saman. Så eg er samd i at omsynet til USA var ein viktig del av grunngjevinga. Men det var òg andre viktige grunnar.

– I 2013 sa du: «Det har vært riktig å delta i den militære, politiske og økonomiske innsatsen for Afghanistan.» Meiner du det i dag?

– Eg meiner det var rett å delta. Nato og FN, organisasjonar som er viktige for Noreg, tok kollektive avgjerder om å engasjere seg i landet. Eg er usamd med dei som meiner at Noreg burde gjort ei anna, nasjonal vurdering av dette. Men om desse kollektive avgjerdene var rette, er eit anna spørsmål. Og det vart gjort mange feil undervegs, det må vi vere ærlege om. Nato-landa følgde ulike strategiar i ulike delar av landet, utan ei overordna leiing. Det var ikkje bra. Men at Nato reagerte på eit stort terroråtak planlagt frå Afghanistan, er ei avgjerd som står seg godt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ingen skjønte kor svake styrkane var når dei vart over­latne til seg sjølve.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis