Amazon rykkjer inn i Norden
Etableringa av ei norsk Amazon-avdeling er truleg ikkje langt unna.
Tysdag denne veka sende Amazon ut ei pressemelding om at selskapet er i ferd med å etablere seg i Sverige. Men rykta har gått lenge: Alt i april i år melde Eskilstuna-Kuriren at eit lager truleg er under bygging i Eskilstuna.
Både svenskar og nordmenn har handla i mange år via Amazon-nettstader i USA eller andre land, Amazon Prime Video har vore tilgjengeleg ei god stund, og selskapet etablerte seg med skylagring i Noreg i fjor, men Sverige blir det første nordiske landet med ei eiga Amazon-avdeling og nettside. No spekulerer mange på når det kjem ei etablering også i Noreg. I ei stillingsutlysing søkjer selskapet etter ein svensktalande marknadssjef som skal ha ansvar for heile Norden.
Om eller når Amazon-etableringa skjer i Noreg, får det store følgjer for norsk varehandel, sa professor Peder Inge Furseth til Dagens Næringsliv denne veka. «Amazon står for et enormt utvalg, rask levering og lave priser. På grunn av korona har nordmenn også blitt mer positive til å handle på nett, og pandemien har nok ført til en akselerasjon av den dreiningen i handelsvaner», meinte Furseth.
For nordmenn som forbrukarar kan innmarsjen ha hyggelege konsekvensar: Det er grunn til å tru at det vil gje press på prisane på mange typar varer. For dei som alt driv med netthandel her i landet, blir truleg Amazon ein formidabel utfordrar. Kva følgjene blir for dei utsette fysiske butikkane rundt i landet, eller for dei som arbeider i ein transportbransje der lønene alt er drivne svært langt ned, står att å sjå.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Tysdag denne veka sende Amazon ut ei pressemelding om at selskapet er i ferd med å etablere seg i Sverige. Men rykta har gått lenge: Alt i april i år melde Eskilstuna-Kuriren at eit lager truleg er under bygging i Eskilstuna.
Både svenskar og nordmenn har handla i mange år via Amazon-nettstader i USA eller andre land, Amazon Prime Video har vore tilgjengeleg ei god stund, og selskapet etablerte seg med skylagring i Noreg i fjor, men Sverige blir det første nordiske landet med ei eiga Amazon-avdeling og nettside. No spekulerer mange på når det kjem ei etablering også i Noreg. I ei stillingsutlysing søkjer selskapet etter ein svensktalande marknadssjef som skal ha ansvar for heile Norden.
Om eller når Amazon-etableringa skjer i Noreg, får det store følgjer for norsk varehandel, sa professor Peder Inge Furseth til Dagens Næringsliv denne veka. «Amazon står for et enormt utvalg, rask levering og lave priser. På grunn av korona har nordmenn også blitt mer positive til å handle på nett, og pandemien har nok ført til en akselerasjon av den dreiningen i handelsvaner», meinte Furseth.
For nordmenn som forbrukarar kan innmarsjen ha hyggelege konsekvensar: Det er grunn til å tru at det vil gje press på prisane på mange typar varer. For dei som alt driv med netthandel her i landet, blir truleg Amazon ein formidabel utfordrar. Kva følgjene blir for dei utsette fysiske butikkane rundt i landet, eller for dei som arbeider i ein transportbransje der lønene alt er drivne svært langt ned, står att å sjå.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.