JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Apologiar for Assad

Den prislønte journalisten Robert Fisk ser ut til å ha valt side i Syria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den britiske midtaustenjournalisten Robert Fisk då han lanserte den franske utgåva av boka si.

Foto: Francois Mori / TT / NTB scanpix

6435
20170811
6435
20170811

Robert Fisk, Midtausten-korrespondenten til den britiske avisa The Independent, har i mange år hatt status som ein av dei store internasjonale journalistane og ei av dei beste kjeldene til kunnskap om kva som skjer i Midtausten. Fisk er kunnskapsrik, skarp, analytisk og elegant i stilen, og i mange år var det ingen grunn til å tvile på at skrifta hans var uavhengig. Han var krass i kritikken av nesten alle aktørane i konfliktane i Midtausten, inkludert diktaturet i Syria. Ved utbrotet av borgarkrigen i 2011 skreiv Fisk om dei «væpna bandane og mordarane» til Assad.

Men i løpet av dei siste seks åra har artiklane hans frå den syriske borgarkrigen blitt langt meir forsonlege i omtalen av det syriske regimet og hæren. I sommar har The Independent hatt ein serie med Fisk-reportasjar frå Syria, og i Noreg har artiklane vore publiserte i Klassekampen. Her får lesaren bli med på tur med den syriske hæren, og den normalt så kvasse Fisk er merkeleg mild i omtalen av følgjesveinane sine. Vi får høyre om korleis hæren fordriv styrkane til IS, korleis regimet byggjer opp att den øydelagde minareten i Aleppo, og heroiske soger om soldatar som har ofra livet i kampen for Syria.

Høg stjerne

Til vestleg journalist å vere har Fisk tydelegvis ei uvanleg høg stjerne hos Assad-regimet. I 2012 fekk han tilmed bli med for å møte fangar i eitt av militærfengsla – alle saman islamistar, høveleg nok. Fleire av fangane fortalde om god behandling i forhøyra. Ein av dei erklærte seg glad for å ha blitt arrestert. Ingen stad i artikkelen drøftar Fisk motiva til regimet for å sleppe han inn i fengselet, eller kvifor ingen andre vestlege journalistar har fått ei slik ære. Men det finst andre soger om syriske fengsel. Ein rapport Amnesty International la fram sist desember, tyda på at kring 13.000 menneske, mange av dei politiske opposisjonelle, vart avretta berre i Saydnaya-fengselet utanfor Damaskus mellom 2011 og 2015.

Dei aller fleste kjeldene Fisk siterer i Syria-dekninga si, er frå hæren eller andre delar av regimet. Kontrasten til dekninga hans av dei andre partane i krigen er slåande: Om han har kontaktar blant opprørsgruppene, viser det ikkje att i tekstane. Opprørarane blir anten fordømde som brutale islamistar av Fisk, eller dei blir latterleggjorde som mislukka reiskapar for USA. Verre er det at sivilbefolkninga òg kjem heilt i bakgrunnen i dei fleste reportasjane hans.

Få heltar

Det finst mange brotsmenn og få heltar blant dei krigførande partane i Syria, og mange av opprørsgruppene – slett ikkje berre IS – er skuldige i fryktelege brotsverk. Likefullt har dei fleste av dei kanskje 400.000 døde i krigen blitt drepne av den syriske hæren med sine allierte frå Russland, Iran, Hizbollah og irakiske sjiamilitsar. Årsaka er enkel: Det er Assad og hans allierte som har flyvåpen og tungt artilleri.

Ein sjeldan gong kjem dette perspektivet med i artiklane til Fisk, som i ein artikkel Klassekampen trykte 17. desember i fjor: «Ja, Bashar al-Assad har på brutalt vis ødelagt store deler av sine egne byer i kampen mot dem som forsøker å styrte regimet. Ja, dette regimet har begått mange synder: tortur, henrettelser, drap på sivile og – hvis vi inkluderer syriske militser som offisielt er underlagt regimets kontroll – en skremmende form for etnisk rensing», skriv Fisk. Men desse unnataka verkar nærast som rituelle vendingar, før han igjen vender kritikken sin mot sine vanlege mistenkte: USA, Golfstatane og dei syriske opprørarane dei støttar.

Prisen for tillit

Det følgjer openberre fordelar med å etablere eit tett tillitsforhold til ein av partane i ein krig, særleg om du vel den sterkaste parten. Ved hjelp av den syriske hæren kjem Fisk seg til stader få andre journalistar når, og reportasjane hans er ofte interessante og detaljrike. Men det å vere gratispassasjer med ein hær gjer noko med perspektivet. I august 2012 kom Fisk saman med syriske styrkar til forstaden Darayya utanfor Damaskus kort tid etter ein massakre på kring 300 sivile. Dei overlevande han møtte, la skulda på opprørsstyrkar.

Men kanskje spelte det ei rolle at Fisk kom saman med regjeringshæren? Journalisten Janine di Giovanni kom til Darayya same dag som Robert Fisk, men utan soldatar i følgjet sitt, og ho fekk høyre at den syriske hæren stod bak massakren. Da ho skreiv om dette i The Guardian, mista ho visumet til Syria.

Også erfaringane til andre journalistar i Syria seier noko om kostnaden det kan ha å vere kritisk til den syriske hæren eller regimet. Ein mild versjon er historia om Cecilia Uddén, korrespondent for Sveriges Radio. Uddén hadde rapportert frå båe sider av frontlinene, og Damaskus likte ikkje det ho fortalde frå Aleppo. I desember i fjor vart ho kasta ut av landet for å ha «spreidd løgner».

Langt verre gjekk det med Sunday Times-journalist Marie Colvin og den franske fotojournalisten Remi Ochlik. Dei var i følgje med ei opprørsgruppe i byen Homs da dei vart drepne i eit rakettåtak frå den syriske hæren i februar 2012. Familien til Colvin har hevda at syrisk etterretning visste nøyaktig kor Colvin var, og at dette var eit målretta drap. Den påstanden er vanskeleg å dokumentere. Men utsegnene til president Assad sjølv om dødsfallet til Colvin er talande: «Colvin kom ulovleg til Syria. Ho arbeidde med terroristar, og var sjølv ansvarleg for alt som skjedde med henne», sa han i eit intervju med NBC.

Den eine sida

Over 100 journalistar er drepne i den syriske borgarkrigen, og å røre seg i opprørsterritoria er svært risikabelt, både på grunn av faren for bombing og faren for å bli kidnappa av opprørsgrupper. Å reise rundt med den syriske hæren er langt tryggare. Men for ein journalist inneber det ein annan type risiko å halde seg inne med ein hær i krig, noko Fisk truleg er svært klar over. Han har sjølv skrive krast og hånleg om dei vestlege journalistane som reiste rundt i Irak i følgje med dei amerikanske styrkane etter invasjonen i 2003 – «korrespondentar som er innrullerte med amerikanske soldatar, og som berre får den amerikanske sida av historia», som han skreiv i 2005. No har Robert Fisk sjølv valt å innrullere seg med den syriske hæren, og artiklane hans syner kva for ei side av historia han får.

Per Anders Todal

Per Anders Todal er journalist
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Til vestleg journalist å vere har Robert Fisk

tydelegvis ei uvanleg høg stjerne hos

Assad-regimet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis