Ærlege doparar
Mykje tyder på at minst ein tredel av topputøvarane i friidrett, dopar seg. Dopingnivået i vinteridrett er truleg det same, seier dansk forskar. Har han rett?
Doping
jon@dagogtid.no
At mange nordmenn er glade i ski og vintersport, er ikkje noko nytt. Det er heller ikkje noko nytt at ein god del er og var nokså lei av denne idrettsdyrkinga. Til dømes Knut Hamsun. Han kunne verkeleg ikkje fordra organisert idrett og kjendishysteri. Særleg forakta Hamsun Fridtjof Nansen, «denne skiløper», som han nær alltid kalla han. Irritasjonen nådde eit førebels toppunkt då den då 26 år gamle Nansen, etter å ha vore sakna på Grønland, endeleg kom attende til Oslo.
«Der synes aldrig at have hændt større Ting i Norge, end at Nansen og Kamerater virkelig kom hjem igjen», skreiv Hamsun i ein avisartikkel i Dagbladet våren 1889. «Sexti Tusind Mennesker modtog dem paa Bryggen, femti Tusind fulgte dem til hotellet, ti Tusind raabte niti Tusind Hurra, en gammel pensioneret Oberst fra Kampen skreg sig simpelthen i hjel paa Stedet.»
Gråt og sjukdom
Dyrkinga av idrettsheltar har vorte endå meir intens i Noreg sidan Nansen, og for dei som måtte ha sympati med Hamsuns ståstad, har dei siste dagane vore ekstra slitsame. Tåren har runne, avismetrane har vore lengre enn lange, og alle kanalar har til forveksling vore like. For no har både Ole Einar Bjørndalen, som har hjarteflimmer, Marit Bjørgen som har astma, og Emil Hegle Svendsen, som på ein pressekonferanse denne veka kunne fortelja at han òg har astma, fortalt at dei gjev seg. Tre av verdas mestvinnande idrettsutøvarar kan dimed ikkje taka meir gull og heider for Noreg.
Men det er kan henda like bra, for det ser ikkje ut til å vera særleg helsesamt å halda på med denne toppidretten. Eitt er alle desse som får hjarteflimmer, det kan opererast, noko anna er all astmaen, som ikkje han lækjast. Det er eit faktum at inga gruppe i verda har så mykje astma som norske toppidrettsutøvarar i vinteridrett. Og denne norske dyrkinga av eigne heltar som er tungt medisinerte, er noko som irriterer delar av omverda omtrent like mykje som Hamsun irriterte seg over Nansen.
70 prosent med astma
Før OL i Sør-Korea laga svensk fjernsyn ei samanstilling. Ingen land i verda har teke like mange gull i vinter-OL som Noreg, fortalde dei, men samstundes talde dei opp kor mange som hadde astma: Sidan 1992 hadde 70 prosent av dei nordmennene som hadde teke medaljar i vinter-OL, vore medisinerte på grunn av astma, som igjen var klart høgst i verda. Ja, så langt har det gått at sjølvaste Vladimir Putin føreslo at alle desse sjuke nordmennene heller burde ha delteke i paralympiske leikar.
Kvifor er svenskane og Putin så interesserte i astma? Jau, av di astmamedisin i store dosar kan gje noko av den same effekten som anabole steroid, i tillegg til å gje dei som tek medisinen, betre oksygenopptak enn dei elles ville ha hatt. Det svenskane prøvde å etablera, var ein årsakssamanheng mellom det å taka flest medaljar og det å taka astmamedisin. Men ein slik kausalitet er vanskeleg å etablera. For å få til noko sånt må ein helst køyra såkalla doble blinde studiar, der ei gruppe får astmamedisin og ei annan gruppe ikkje, pluss at ein må finna både sjuke og friske utøvarar, og så bortetter. Det går ikkje av etiske grunnar, for astmamedisin har biverknader og kan vera farleg i høge dosar.
Astma hjelper
Men forskarar meiner likevel at astmamedisin i særleg høge dosar hjelper utøvarar med astma utover den terapeutiske effekten, og at den same effekten kan oppnåast hjå friske, men i mindre dosar. Av den grunn har ikkje friske lov til å nytta astmamedisin i det heile, samstundes som Wada, Det internasjonale dopingbyrået, har sett grenser for kor høge dosar med astmamedisin astmatikarar i idretten kan taka. Innanfor dei lovlege dosane er tanken at dei sjuke berre skal få ein terapeutisk effekt på pustesystemet, men ingen generell dopingeffekt.
Det var difor verdas beste langrennsløpar dei siste åra, Martin Johnsrud Sundby, vart straffa. Den lovlege grensa for salbutanol, astmamedisinen han tok, er på 1600 mikrogram per døger. Sundby tok 15.000 på få timar. Men sidan han ikkje gjorde dette med vilje, meinte det internasjonale domsapparatet, fekk han berre to månader med straff, ei straff han fekk sona om sumaren, noko som gjorde omverda endå meir irritert.
Her skal det understrekast at det finst gode forklaringar på kvifor det er mykje astma i vintersport. Trening i kaldt klima, særleg i kombinasjon med at ein byrjar å trena for snøgt etter luftvegsinfeksjon, gjer at ein utviklar mykje høgre risiko for astma. Men det forklarar ikkje særleg godt kvifor utøvarane våre har meir astma enn andre som trenar utandørs i kaldt klima.
Danske spekulasjonar
Danske Weekendavisen har rett nok ein teori eller to. Under OL laga dei ei større sak med utgangspunkt i norske OL-utøvarar, og konklusjonen var denne: «Når det no er så mange astmatikarar på det norske landslaget, må det anten vera av di norske lækjarar er særs gode til diagnostisera sjukdomen, eller av di norske idrettsutøvarar har eit særskilt godt tilhøve til dei norske lækjarane.» Men det som er meir urovekkjande, er den forskinga avisa presenterte, og kva som vart sagt om vinteridrett: «Det er ingenting som tyder på at det er mindre doping i vintersport enn i sumarsport», sa nemleg dopingforskaren Ask Vest Christiansen ved Aarhus universitet.
Det er ikkje nett gladnytt, for det aller meste tyder på at dopingbruken er gigantisk i sumaridretten. I januar i år stod ein stor artikkel på trykk i forskingstidsskriftet Sports Medicine. Om han er rett, og mykje tyder på at han er det, dopar mellom ein tredel og halvparten av dei som driv med toppidrett seg.
Korleis kan ein koma fram til eit slikt resultat? Jau, ved å køyra heilt tilfeldige, anonyme granskingar. Vi skal ikkje gå inn på metoden, som er nokså kompleks og bygd på moderne forsking, men ved å stilla anonyme spørsmål som i tillegg gav utøvarane ei kjensle av at det var heilt trygt å svara, oppnådde forskarane så truverdige svar at dei reknar funna som særs robuste. Teorien har elles vore at dei som er heilt på topp, dopar seg mykje, men ikkje så mykje som dei som er rett under toppen, men vil til toppen. Det samsvarer med funna i denne granskinga.
Sør-Korea og Qatar
To grupper vart spurde, båe i 2011. Den eine gruppa var dei som deltok i VM i friidrett i Sør-Korea, det var dei på toppen. Den andre gruppa var dei som deltok i Dei panarabiske leikane i Qatar, det var dei under toppen. I alt 2167 utøvarar vart spurde. 30 til 31 prosent av dei som deltok i VM, svarte at dei hadde nytta doping dei siste 12 månadene. 45 til 49 prosent av dei som deltok i Qatar, svarte det same. I røynda svarte fleire ja på spørsmålet, men forskarane nytta eit konservativt skjøn og justerte kraftig ned, mellom anna for å få bort mest mogleg feilmargin. Dessutan tok dei bort dei som svarte særs raskt. Ikkje-justert svara vel 43 prosent av deltakarne i VM og 57 prosent av dei som deltok i Qatar, ja på spørsmålet om dopingbruk.
Tala må seiast å vera sjokkerande, særleg av di berre 1 til 2 prosent av alle dopingprøver gjev eit positivt svar etter den såkalla A-prøven, endå færre etter B-prøven – og her er resultata nokså like i vinter- og sumaridrett. Dette er den fyrste granskinga på internasjonalt nivå, men granskingar på nasjonalt nivå, mellom anna i Tyskland, har gjeve liknande resultat, og denne granskinga stadfestar dimed nasjonale funn. Fyrsteforfattaren og leiaren for prosjektet, Rolf Ulrich frå Universität Tübingen i Tyskland, fortel elles at dei fekk uventa høg respons. Nesten 100 prosent av utøvarane takka ja til å vera med, noko som igjen gjer at funna er nokså sterke og til ei viss grad kan generaliserast.
Ingen kommentar
Kvifor tok det så lang tid før funna vart publiserte? Av di Wada og Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) hadde gjeve forskarane tilgang til utøvarane og dimed hadde siste ord. Offisielt sa Wada at det handla om at dei måtte verta sikre på at metoden var god, men dei fleste forskarar på feltet meiner det handlar meir om at granskinga avslørte at både Wada og IAAF er makteslause i kampen mot doping, det finst til dømes ikkje nokon metode for å avsløra «vedlikehald» av blodverdiar ved bruk av epo eller rein bloddoping.
Men har den danske forskaren rett når han seier at det ikkje er noko som tyder på skilnader mellom vinter- og sumaridrett når det gjeld doping? Vi spurde Antidoping Noreg, som har uttaleretten på vegner av norsk idrett. Dei ynskte ikkje å kommentera granskinga. Ingar Lerheim, som no har tillitsverv i Wada, ynskte heller ikkje å kommentera granskinga, sidan han ikkje har sett nøye på henne.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi spurde Antidoping Noreg, som har uttaleretten på vegner av norsk idrett. Dei ynskte ikkje å kommentera granskinga.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.