Auge for auge
Hamas kallar det ei ære å døy martyrdøden. No kjem mange i Gaza til å få den æra.
Israelske hjelpearbeidarar fjernar lik frå den øydelagde politistasjonen i Sderot 11. oktober. Hamas-åtaket på Israel skal ha kosta kring 1200 israelarar livet.
Foto: Violeta Santos Moura / Reuters / NTB
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Åtaket frå Gaza sist laurdag kosta truleg kring 1200 liv i Israel, og i massakrane på sivile viste Hamas eit nytt nivå av bestialitet. Dei tok òg meir enn 100 gislar med seg til Gaza. Den israelske hemnen er i gang, og allereie er øydeleggingane i Gaza store. Dette er berre byrjinga på ein krig som kjem til å koste både Hamas og den palestinske sivilbefolkninga svært dyrt. Men kan denne rørsla eigentleg overvinnast militært?
Gjennom 50 år med organisasjonsbygging har Hamas blitt tett samanvoven med Gaza-samfunnet. For denne rørsla er det å halde ut i kamp mot overveldande overmakt ein siger i seg sjølv. I retorikken til Hamas – og i verdsbiletet til mange av tilhengarane – er det ei ære å døy for islam og Palestina. For å skjøne tragedien som spelar seg ut i Midtausten no, kjem vi ikkje utanom historia.
Idear frå Egypt
Hamas har mange røter, men den viktigaste er ein åndeleg inspirasjon frå Kairo. Gaza var under egyptisk okkupasjon frå 1948 til 1967. Palestinarane der kunne reise til Egypt for å studere eller arbeide, og under det sekulære Nasser-styret utvikla Gaza by seg i liberal retning. Kvinnene kunne gå i korte skjørt, og egyptarar reiste til Gaza for å handle taxfreevarer og nyte utelivet.
Frå Egypt kom òg intellektuelle impulsar. Somme palestinarar tok til seg nasjonalisme og sosialistiske idear. Andre lét seg inspirere av Den muslimske brorskapen, rørsla som egyptiske Hassan al-Banna grunnla i 1928. Brorskapen var i opposisjon til dei sekulære regima i den arabiske verda og arbeidde for eit styresett bygd på islam og tradisjonelle verdiar. Brorskapen har vore ei potent opposisjonsrørsle i fleire arabiske land.
Sjeik Yassin
I Gaza fekk denne rørsla i 1973 ein lokal avleggjar kalla Mujama al-Islamiya (Det islamske senteret). Stiftaren var sjeik Ahmad Yassin, ein palestinsk flyktning frå ein landsby nær Ashkelon i dagens Israel. Yassin hadde brukt rullestol sidan han vart lam etter ei ulukke som 12-åring. Det hindra han ikkje i å bli åndeleg og politisk leiar for ei slagkraftig islamistrørsle.
Gaza-stripa hadde vore okkupert av Israel sidan seksdagarskrigen i 1967, men lenge heldt Mujama seg unna motstand mot okkupanten. Det første målet var å islamisere det palestinske samfunnet, og rørsla bygde tolmodig opp organisasjonen sin.
Aktivistane spreidde ikkje berre ein konservativ variant av islam. Dei tilbaud helsetenester, dreiv idrettsklubbar, barnehagar og skular og gav mat og pengar til dei fattige, og likna ein velferdsstat driven av sivilsamfunnet.
Sams fiende
Mujama hadde òg brutale sider. Kvinner som ikkje kledde seg tradisjonelt, vart trakasserte eller banka opp av Mujama-aktivistar. Barar, biljardhallar, kinoar og avisredaksjonar som forarga rørsla, vart sette fyr på. I 1980 vart også kontora til Raude halvmåne angripne. Men okkupasjonsmakta Israel viste stor toleranse overfor rørsla.
Israelarane hadde nemleg ein ting sams med Mujama: Hovudmotstandaren deira var PLO, den radikale og sekulære palestinske frigjeringsrørsla. Mujama gjekk til valdelege åtak på både PLO-tilhengarar og andre sekulære aktivistar.
For israelske styresmakter var det heilt greitt at rørsla utfordra og svekte PLO i Gaza. Ikkje før langt utpå 80-talet byrja Israel å sjå på dei palestinske islamistane som ein trussel. Da hadde Mujama vakse seg sterk i Gaza – og byrja å væpne seg.
Intifada
Det store skiftet kom med intifadaen i 1987. Det palestinske grasrotopprøret, med streikar, demonstrasjonar, steinkasting og molotovcocktails mot okkupasjonsmakta, overraska både Mujama og PLO-leiarane i eksil. Men båe rørslene prøvde raskt å ta leiarskap og bruke oppstanden til å styrkje sin eigen posisjon. Same året skifta Mujama andlet og vart til Hamas, «Den islamske motstandsrørsla».
I charteret som kom året etter, ein tekst som inkluderte grov antisemittisme, erklærte Hamas at Israel skulle utslettast. Ein islamsk stat i heile det gamle Palestina var målet. Charteret avviste òg alle forhandlingar med Israel: «Det finst inga anna løysing på det palestinske spørsmålet enn jihad.» Våren 1989 kidnappa og drap Hamas to israelske soldatar, det første dokumenterte åtaket rørsla retta mot Israel.
Oslo-avtalen
PLO, som lenge hadde ført væpna kamp mot Israel, gjekk samtidig motsett veg. Det var ei naudløysing: I 1990 støtta PLO-leiar Yasir Arafat den irakiske invasjonen av Kuwait, og mista sine allierte i andre arabiske land. I tillegg vart PLO svekt av kollapsen til Sovjetunionen. Arafat kraup til forhandlingsbordet, og samtalane munna ut i Oslo-avtalen i 1993. PLO anerkjende Israels rett til å eksistere, palestinarane fekk ei form for sjølvstyre, men alle dei vanskelege spørsmåla var uavklarte.
Likevel skapte Oslo-avtalen optimisme blant palestinarane. Det var håp om ein eigen stat, meir fridom og økonomisk vekst, israelsk tilbaketrekking frå okkuperte område og ein ende på den israelske nybygginga på palestinsk jord. Avtalen sikra òg store pengeoverføringar til palestinarane frå USA og Europa.
Hebron-massakren
Hamas, som var prinsipielt imot forhandlingar og kalla PLO «forrædarar», vart mellombels svekte. Men rørsla gjorde sitt beste for å sabotere fredsprosessen, mellom anna ved å likvidere palestinarar som samarbeidde med Israel. Og Hamas fekk snart draghjelp frå ein israelsk ekstremist.
I februar 1994 myrda Baruch Goldstein 29 palestinarar i Ibrahim-moskeen i Hebron. Hamas svor hemn. «Om Israel ikkje skil mellom krigarar og uvæpna sivile, blir Hamas nøydd til å handsame sionistane på same vis», heitte det i ei erklæring frå rørsla.
Til da hadde Hamas-åtaka vore få og retta mot militære mål, men no byrja ei bølgje med terroråtak i Israel. Sjølvmordsbombarar frå Hamas sprengde seg i lufta på bussar eller på gata i ei rekkje israelske byar dei neste åra, og drap eit hundretal uskuldige sivile. Det var slik rørsla vart kjend for verda, og desse ugjerningane har sidan prega inntrykket av Hamas i Vesten.
Vonbrot
Dei neste åra spora fredsprosessen av. Israel heldt dei nydanna palestinske sjølvstyresmaktene ansvarlege for terroråtaka, fordi dei ikkje klarte å sikre tryggleiken. Det palestinske politiet gjorde forsøk på å slå ned Hamas, men utan å lukkast. Den israelske nybygginga på palestinsk jord gjekk sin gang, undertrykkinga heldt fram. Mistilliten auka på båe sider.
Da Oslo-avtalen vart ein fiasko, svekte det PLO og partiet Fatah, medan Hamas fekk auka oppslutnad. Hamas skulda i tillegg Fatah-leiarane for å tuske til seg mykje av pengestøtta frå utlandet. Skuldingane om korrupsjon i Fatah var langt frå grunnlause og vekte atterklang i dei palestinske områda.
Kollaps
Da den andre intifadaen braut ut i 2000, var fredsprosessen død. Denne gongen utvikla konflikten seg til krig mellom den israelske hæren og dei palestinske sjølvstyresmaktene. Institusjonane som skulle halde ro og orden i dei palestinske områda på vegner av Israel, vart bomba i grus av israelske kampfly.
Terroren vart verre enn nokon gong. Både Hamas, Fatah og gruppa Islamsk jihad sende sjølvmordsbombarar mot Israel. Meir enn 3000 palestinarar og 1000 israelarar mista livet i løpet av intifadaen.
Hamas-toppen Nizar Rayan omtalte dette som eit framsteg i eit intervju med The New York Times i 2002. «No blir berre tre palestinarar drepne for kvar israelar», sa Rayan. I den første intifadaen hadde forholdet vore 25 til ein.
Gleda ved døden
Kynisme i krig er normalt, men offerviljen og dødsforakten til Hamas er utanom det vanlege. Å døy som martyr for islam i kampen mot okkupasjonen blir framstilt som ei stor ære for Hamas-krigarar.
Sheik Ahmad Yassin, grunnleggjaren av rørsla, var sjølv ein entusiastisk tilhengjar av martyrdøden. I 2003, etter at Israel hadde erklært alle Hamas-leiarar som legitime mål, sa Yassin: «Om eg såg raketten kome, ville eg omfamne han. (...) Ønsket vårt er martyrdom: Den dagen vi blir martyrar, er ein bryllaupsdag for oss. Vi fryktar ikkje truslane deira, og når vi blir drepne, er det den mest lukkelege dagen i livet.»
Året etter vart Yassin drepen i Gaza av ein rakett frå eit israelsk helikopter. Dette svekte ikkje Hamas, som snart skulle få ein type makt rørsla knapt hadde sett for seg.
Ut av Gaza
I 2005 trekte statsminister Ariel Sharon ut dei israelske styrkane frå Gaza og tvangsevakuerte dei jødiske busetnadene der. Dette var ikkje eit resultat av nokon fredsplan. Sharon ville fryse heile fredsprosessen, og ønskte slett ingen palestinsk stat. Ein viktig grunn til tilbaketrekkinga skal ha vore uro over den sterke folketalsveksten i Gaza og ønsket om å halde på den jødiske majoriteten i heile det israelskstyrte området.
Sjølv om Gaza dermed kom på palestinske hender, hadde israelarane framleis kontroll med fire av fem grenseovergangar, sjøen utanfor Gaza og luftrommet over. Grensa vart strengt kontrollert av Israel. Og strengare skulle det bli.
Uventa
Det var ein ny vending da Hamas stilte med lister til det palestinske parlamentsvalet i januar 2006. Rørsla hadde boikotta valet ti år tidlegare, og da var det uansett klart på førehand at Fatah kom til å vinne.
Men i 2006 stod Hamas sterkare. Rørsla stilte ikkje til val for å omdanne seg til eit fredeleg, politisk parti, slik væpna motstandsrørsler har gjort i mange andre land. Leiarane frykta at Fatah-styret ein dag skulle lukkast med å avvæpne Hamas, dersom ikkje rørsla sjølv fekk ei hand på rattet. Hamas søkte politisk makt for å kunne behalde våpena sine, ikkje for å leggje dei ned. Men heller ikkje Hamas-leiarane hadde sett for seg at dei faktisk kunne vinne valet i januar 2006.
Under press
Det gjorde dei. Hamas fekk 56 prosent av seta i parlamentet, medan Fatah berre fekk 36. Resultatet var eit sjokk. Skulle ei valdeleg islamistrørsle med eit langt og blodig rulleblad få regjeringsmakt? Stormaktene sette hardt press på Hamas. USA, FN, EU og Russland, den såkalla kvartetten, nekta å anerkjenne ei Hamas-leidd regjering om rørsla ikkje gav opp væpna kamp og anerkjende Israel. USA varsla at den økonomiske støtta til det palestinske sjølvstyret ville bli stogga.
I tillegg til det internasjonale presset mot Hamas kom utfordringa frå Fatah, som slett ikkje hadde lyst til å gje frå seg makta. Tryggingsstyrkane var stort sett lojale mot Fatah, og det kom til ei rekkje væpna samanstøytar mellom dei to rørslene.
Borgarkrig
I februar 2007 mekla Saudi-Arabia fram ein avtale om ei koalisjonsregjering. Men at Hamas og Fatah skulle klare å dele på makta, var illusorisk. Båe sider rusta seg for oppgjeret som måtte kome. Iran forsynte i løynd Hamas med nye våpen, medan USA i løynd rusta opp styrkane til Fatah.
Etter ei rekkje samanstøytar og likvideringar båe vegar vart det open palestinsk borgarkrig i juni 2007. Da kampane var over, hadde Hamas full kontroll på Gaza, medan Fatah sat med makta på Vestbreidda. Israel og Egypt stengde grensene kring Gaza. Sidan da har situasjonen for befolkninga på Gaza-stripa, som i dag tel over to millionar menneske, vore fastlåst og trøysteslaus.
Blokade
Blokaden av Gaza har sjølvsagt ikkje vore komplett i desse åra. Handelen med omverda har vore sterkt avgrensa, økonomien ligg i ruinar og infrastrukturen er i elendig forfatning. Men det kjem naudhjelp og andre varer inn, folk svelt ikkje i hel, og sidan 2021 har fleire tusen Gaza-innbyggjarar fått arbeidsløyve i Israel. Blokaden har heller ikkje stogga smuglinga av våpen frå Iran inn til Gaza, og sanksjonane fekk slett ikkje Hamas til å avslutte kampen mot Israel.
Rørsla slutta med sjølvmordsåtak i 2006. Men Hamas –?og gruppa Islamsk jihad, som òg er aktiv i Gaza – har sendt mange tusen rakettar mot Israel i desse åra, medan den israelske hæren gong på gong har bomba Gaza med kampfly og artilleri. Iblant har Israel òg gått inn med bakkestyrkar.
Varig krig
Dei menneskelege kostnadene har vore store. Krigen i 2008 kosta kring 1200 palestinske liv og 13 israelske. I krigen i 2014 døydde 2251 palestinarar og 71 israelarar. Storparten av dei palestinske offera har vore sivile heile vegen.
Men til no har den permanente ufreden, med alle sine lidingar, vore noko både Israel og Hamas kunne leve med. For Hamas er krigen mot Israel ein så viktig del av identiteten at han er nær umogleg å avslutte, og toleransen for eigne tap er stor.
Sidan 2007 har rørsla hatt frie hender til å oppdra barn og unge i Gaza til fiendskap med Israel, og manglar ikkje rekruttar. Krig er òg den einaste måten rørsla kan halde den palestinske saka på den internasjonale dagsordenen.
I tillegg er tolmod ei heilt sentral dygd for Hamas. Abu Bakr Nofal, ein Hamas-forhandlar i Gaza, sa det slik til forfattarane av boka Hamas i 2006: «Verda har det travelt. Vi har det ikkje travelt.»
«Plenklipping»
Israelske strategar har på si side samanlikna krigføringa mot Gaza med «å klippe plenen»: Når Hamas har fått bygd seg opp ei stund, går Israel på nytt til åtak for å drepe ein del av krigarane og øydeleggje infrastrukturen. Israelarane kunne ikkje knuse Hamas, men dei kunne halde rørsla nede. Sidan Hamas var ein internasjonal paria, var sympatien med folket i Gaza avgrensa. Busetjingane på Vestbreidda fekk halde fram med å vekse utan at bistandsavhengige og veike Fatah ytte effektiv motstand. Og så lenge Fatah og Hamas var fiendar, var det ingen fare for at palestinarane skulle samle seg i ein stat.
I tillegg hadde Israel tilsynelatande kontroll på fienden bak murane. Så lenge Hamas var isolert i Gaza, såg trugsmålet mot Israel ut til å vere avgrensa. Så kom åtaket laurdag morgon. No seier statsminister Netanyahu at kvar einaste Hamas-medlem skal døy. Om han skal halde den lovnaden, blir det lite att av Gaza.
Kjelder: Beverley Milton-Edwards and Stephen Farrell: «Hamas»
Tareq Baconi: «Hamas Contained»
Björn Brenner: «Gaza Under Hamas»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gjennom 50 år med organisasjonsbygging har Hamas blitt tett samanvoven med Gaza-samfunnet.
Israelske strategar har samanlikna krigføringa mot Gaza med «å klippe plenen».
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen