Aukande Kina- skepsis i Brussel
EU-leiarar signaliserer ei ny og krassare tilnærming til Kina. Spørsmålet er om dei får medlemslanda med på strategien.
Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og Frankrikes president Emmanuel Macron møtte førre veke Kinas president Xi Jinping i Paris. Dei tre er ikkje heilt samde om kva som ligg i omgrepet «gjensidig marknadstilgang».
Foto: Philippe Wojazer/REUTERS
Kina
eva@dagogtid.no
Kina har vorte ein mykje større aktør på den globale arenaen dei siste åra, i Europa òg. No har sentrale EU-land og -institusjonar teke til å snakke høgt om utfordringane og risikoen det auka kinesiske nærværet medfører.
Førre månad fremja EU-kommisjonen ti tiltak for å tøyme Kinas veksande økonomiske makt og aukande politiske påverknad i Europa. I dokumentet EU–China: A strategic outlook vert Kina omtalt som ein økonomisk konkurrent som jaktar på teknologisk leiarskap og ein «systemisk rival» som fremjar alternative styringsmodellar. Frankrikes president Emmanuel Macron har òg uttalt at «tida for europeisk naivitet er over».
Ei oppvakning
Forskar ved Universitetet i Bergen og Norsk utanrikspolitisk institutt Hans Jørgen Gåsemyr meiner det no skjer ei oppvakning i EU, og det er på høg tid.
– Det har vore for lite merksemd om den gradvise veksten i kinesiske investeringar. Sjølv om Kina førebels ikkje er ein veldig stor aktør i Europa, er landet så mykje større enn for ti år sidan, og det kan verte endå større ti år fram i tid, seier han.
Saman med NUPI-kollega Bjørnar Sverdrup-Thygeson og eit nettverk av forskarar rundt i Europa var han i 2017 med på å kartleggje omfanget av, innhaldet i og forholda rundt kinesiske investeringar i 19 europeiske land. Rapporten Chinese Investment in Europe: A Country-Level Approach, publisert i regi av European Think Tank Network on China synte at omfanget av kinesiske investeringar i Europa var langt høgare enn det som hadde vore kjent.
I 2016 investerte kinesiske selskap for rekordhøge 35 milliardar euro – nær 340 milliardar kroner – i EU. Det var ein auke på 77 prosent frå 2015 og nesten 23 gonger meir enn i 2010.
Den raske veksten og det faktum at kinesarane tok til å investere i avanserte produksjons- og tenestesektorar som informasjons- og kommunikasjonsteknologi, energi, transport og infrastruktur – såkalla kritisk infrastruktur – fekk fleire EU-land til å reagere. Dei frykta tap av nøkkelteknologi i Europa og starta ein debatt om dei tryggingspolitiske aspekta ved utanlandsinvesteringar.
Kinesarane hadde mellom anna overteke store delar av Pireus-hamna utanfor Athen – ei av dei største hamnene i Europa – og kjøpt seg inn i det offentlege elnettet i Portugal. Det var òg planar om oppkjøp av ei rekkje høgteknologiselskap i Tyskland, inkludert den leiande robotprodusenten Kuka.
Kina skil seg ut
I 2017 la EU-kommisjonen fram eit nytt rammeverk for kontroll av utanlandske investeringar i Europa og tok til å analysere omfanget av utanlandsinvesteringar i strategiske sektorar.
Resultatet av sistnemnde er ein rapport publisert førre månad, som syner at investorar frå Kina, Hongkong og Macao i 2016 kontrollerte over 9,5 prosent – rundt 28.000 – av alle utanlandskeigde EU-bedrifter. Det er ein merkbar auke frå 2007, då dei kontrollerte 2,5 prosent, eller rundt 5000 bedrifter.
Tradisjonelle investorar som USA, Canada, Sveits, Noreg, Japan og Australia står framleis for rundt 80 prosent av den utanlandske eigarskapen i EU, men Kina skil seg ut når det gjeld talet på nylege oppkjøp, ifølgje rapporten.
Sidan 2016 har omfanget av kinesiske investeringar i Europa rett nok gått tilbake fyrst til 30 milliardar euro i 2017 og deretter til 17 milliardar euro i 2018. Tilbakegangen er del av ein global trend og vert delvis forklart med at kinesiske styresmakter sjølv stramma inn og vart meir restriktive med å gje løyve til investeringar utanland, ifølgje analyseselskapet Rhodium Group og Mercator Institute for China Studies.
Statlege og statseigde kinesiske investorar er likevel framleis på hogget i Europa. I 2017 kjøpte det statlege fondet China Investment Corporation seg inn i det europeiske logistikkselskapet Logicor og i det statlege gassdistribusjonsnettet i Storbritannia, og Kinas statlege elektrisitetsselskap State Grid kjøpte seg inn i kraftoverføringsoperatøren ADMIE i Hellas.
– Over tid ventar mange at dei kinesiske investeringane skal halde fram å auke, seier Gåsemyr.
Lite gjensidig
Noko av det som irriterer EU-kommisjonen, er at det ikkje er like ope for europeiske selskap i den kinesiske marknaden. Omfanget av europeiske investeringar i Kina har gått tilbake sidan 2015, frå rundt 10 milliardar euro, til 8 milliardar euro i 2016 og 2017.
EU-kommisjonen meiner Kina diskriminerer utanlandske selskap og vernar eigne aktørar mot konkurranse gjennom selektiv marknadsopning, lisensar og andre investeringsrestriksjonar, tunge subsidiar, lukka innkjøpsrundar og lokaliseringskrav og ved å avgrense tilgangen til statleg finansierte program for utanlandske selskap.
Ifølgje kommisjonens visepresident Jyrki Katainen forstyrrar kinesisk statsstøtte òg EU-marknaden, i og med at EU-reglar set grenser for subsidiar til europeiske selskap, medan desse reglane ikkje gjeld for utanlandske selskap.
– Vi ønskjer å unngå ein situasjon der vi vert tvinga til å konkurrere med offentlege tilskot, seier Katainen ifølgje Politico.
I løpet av året skal EU-kommisjonen gå gjennom EU-lovverket og sjå etter løysingar for å hindre handelsvridande verknader av utanlandske statlege selskap og finansiering i EU-marknaden.
Det skal kome nye retningsliner for å sikre at det med deltaking av utanlandske aktørar i offentlege innkjøpsrundar ikkje berre vert lagt vekt på pris, men òg på høge arbeids- og miljøstandardar. Kommisjonen ønskjer òg å opne for å kunne hindre utanlandske selskap i å levere tilbod på offentlege kontraktar i EU om EU ikkje til gjengjeld får delta i tilbodskonkurransar i deira opphavsland.
Dessutan bed kommisjonen om ei felles EU-tilnærming i utbygginga av 5G-nettet for å verne kritisk digital infrastruktur mot potensiell tryggingsrisiko.
Sprikjande lag
Spørsmålet er om EU.kommisjonen får med alle medlemslanda på tiltaka. Fleire land har synt liten vilje til å koordinere politikken andsynes Kina så langt, ifølgje Gåsemyr.
Frankrike har lenge meint at EU bør stengje ute selskap frå land som sjølv ikkje tillèt EU-aktørar å delta i eigne offentlege innkjøpsrundar, men tradisjonelle frihandelsland som Storbritannia og Sverige har vore skeptiske.
Statsministeren i Portugal har nyleg omtalt Kina i rosande ordelag og åtvara EU-kollegaer mot å «misbruke tryggleiksprosedyrar» til å avgrense utanlandske investeringar, ifølgje Financial Times. Samstundes er det òg eit ope spørsmål kva den italienske regjeringa gjer, skal vi tru Politico.
Både Portugal og Italia er blant dei tolv EU-landa sør og aust i Europa som no har slutta seg til det kinesiske infrastrukturprosjektet «belte og veg»-initiativet. Prosjektet skal binde saman Kina med Søraust-Asia, Sentral-Asia, Midtausten, Afrika og Europa med eit nettverk av vegar, hamner og jernbanar, og vert finansiert av lån frå Kina. Fleire EU-land er skeptiske og ser prosjektet fyrst og fremst som uttrykk for kinesisk ekspansjonisme. Somme fryktar òg for dei politiske konsekvensane av at fleire EU-land kan verte meir avhengige av Kina.
– Tener EU og Europa
Gåsemyr meiner noko av frykta for Kina er overdriven.
– Det er ikkje tvil om at den utoverretta offentlege politikken til det noverande kinesiske regimet gjer at fleire ser på landet med større skepsis. Det har òg samanheng med at Kina insisterer på å vere noko anna enn eit ope demokrati. Men landet er ikkje nødvendigvis nokon trussel i Europa. Mange sider ved veksten til Kina tener EU og Europa, seier han.
– På nokre område er Kina no likevel i større grad ein konkurrent som Europa må vere meir medviten om. I tillegg er det eit land vi ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med, så det kan vere problematisk om kinesarane er premissleverandørar for ein del typar infrastruktur som europearane sjølv ikkje har kontroll over, legg han til.
Ikkje eintydig
Blant spørsmåla det har vore mest debatt om så vel i EU som i Noreg, er den rolla kinesiske Huawei har i utbygginga av det nye 5G-nettet. Huawei har kome lenger med 5G-teknologien enn andre selskap, men frykta er at bruk av utstyr frå selskapet i det nye nettet skal gjere kinesisk spionasje mogleg. Kina har ein lov som pålegg både organisasjonar og borgarar å samarbeide med kinesisk etterretning.
USA, Australia og New Zealand har av den grunn alt stengt Huawei ute frå bygginga av 5G-nettet, og fleire europeiske land vurderer det same.
Koordineringa som EU-kommisjonen no har bede om, inneber at medlemslanda i fyrste omgang gjennomfører nasjonale risikovurderingar, som så skal munne ut i ei felles risikovurdering av tryggleiken i 5G-nettet i løpet av hausten.
Britiske styresmakter har alt konkludert med at den eventuelle tryggingsrisikoen ved å involvere Huawei i det nye nettet er handterbar.
Torgeir Waterhouse, som er fagdirektør i interesseorganisasjonen IKT Norge, er ikkje viss på at kinesiske leverandørar utgjer nokon større tryggingstrussel enn leverandørar frå andre land.
– Risikoen vi treng å verne oss mot, må vi verne oss mot uavhengig av om leverandøren til 5G-nettet er kinesisk, japansk, israelsk eller svensk. Vi kan godt diskutere nivåskilnad og risikoskilnad frå selskap til selskap, men det kan òg variere frå månad til månad. No er det rundt ti år sidan vi i Noreg bygde ut 4G, til dømes, og verda såg ganske annleis ut då enn i dag, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Over tid ventar mange at dei kinesiske investeringane skal halde fram å auke.
Hans Jørgen Gåsemyr, NUPI
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.