Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Avgjerande dagar i Zimbabwe

Det er ingen snarveg ut av elendet for Zimbabwe, men uansett kva som skjer,
vil det politisk sett verte betre, seier CMI-forskar Elling Tjønneland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mugabe ser ikkje at teppet forsvinn under beina på han, seier CMI-forskar Elling Tjønneland.

Foto: Mike Hutchings/Reuters.

3850
20171117
3850
20171117

eva@undheim@nationen.no

– Sjølv om dei fleste, også i opposisjonen, fordømmer militærkuppet, skin det gjennom at dei er glade for at det er slutt på Mugabe-tida. Håpet er at dette går over på få dagar.

Det seier forskar Elling Tjønneland ved Christian Michelsens Institutt (CMI) etter at militæret i Zimbabwe natt til onsdag tok makta i landet og sette den 93 år gamle presidenten Robert Mugabe i husarrest.

Den tidlegare frigjeringsleiaren har styrt regjeringa i Zimbabwe i 37 år, og gått frå å vere ein populær leiar til å verte ein despot.

– Det byrja å gå utforbakke for Zimbabwe frå slutten av 90-talet. Noko av grunnen låg utanfor landet, i den internasjonale økonomiske politikken, men det hadde også å gjere med ein mann som ikkje takla motgang og alternative meiningar. No byrjar han også å plagast av alderdomssvekking, og ser ikkje at teppet forsvinn under beina på han, seier Tjønneland.

Vil verne grunnlova

Dramatikken bygde seg opp etter at Mugabe avsette visepresident Emmerson Mnangagwa saman med fleire allierte. Hærsjefen og fleire tonegjevande generalar tok til motmæle, men vart då sjølv møtte med krass kritikk, seier Tjønneland.

Tjønneland nølar ikkje med å kalle maktovertakinga eit kupp, sjølv om militæret sjølv nektar for det. Han trur derimot det vil sitje langt inne for kuppmakarane å setje grunnlova til side, også med tanke på omdøme utanlands.

– Dei prøvar no å få til ei regimeendring som er forankra i grunnlova. Nøkkelen til det er at statsoverhovudet samarbeider. Det som går å tenkje seg, er at den nyleg avsette visepresidenten vert gjeninnsett som visepresident av Mugabe sjølv, eller at han på partikongressen i desember vert valt til ny presidentkandidat for partiet. Ein kan også tenkje seg at Mugabe går friviljug for å unngå å miste andlet, og let visepresidenten ta over. Men dersom Mugabe ikkje vil gå med på noko av dette, har dei forsiktig sagt eit problem, seier han.

– Kva kan skje då?

– Alt kan skje om det ikkje vert ei politisk løysing innan kort tid. Folk kan mobiliserast til demonstrasjonar i gatene, men det er ikkje sikkert. Mange tidlegare Mugabe-tilhengjarar ser nok skrifta på veggen for han. Tenkjer dei seg då å ha ei politisk framtid, må dei sjå på høva for å finne ei anna løysing.

– Har ressursane

Det finst ikkje væpna militsar eller opprørsgrupperingar i Zimbabwe, ifølgje Tjønneland.

– Mi kvalifiserte gjetting er at sjølv om det kan verte politiske motreaksjonar mot det som no skjer, er det vanskeleg å sjå at det skal skje i form av væpna opprør.

– Kva trur du vert løysinga?

– Mykje avheng av kva som kjem til å skje dei neste timane og dagane, men ting tyder på at den avsette visepresidenten på eitt eller anna vis kjem til å stå fram som Zimbabwes nye leiar.

– Kva føresetnad har Zimbabwe for å reise seg att?

– Det var eit land der økonomien gjekk godt, og dei har mykje naturressursar i landbruk og gruver, til dømes. På 90-talet vart fleire også høgt utdanna. Seinare har det meste brote saman, men ressursane ligg jo der, så dersom dei klarar å få organisert seg slik at dei byrjar å produsere att, så har dei eit fundament. Ein føresetnad for det er likevel politisk stabilitet, og at du har eit regime som er oppteke av å få hjula i gang att. Og det er ikkje noko Zimbabwe klarar på eiga hand. Det må mykje hjelp til frå omverda.

– Det er ingen snarveg ut av elendet for Zimbabwe, så slik sett er eg ikkje altfor optimistisk. På ei anna side ser vi no slutten på 37 år med Mugabe. Uansett kva som skjer, vil det politisk sett verte betre, seier Tjønneland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Alt kan skje om det ikkje vert ei politisk løysing innan kort tid.

Elling Tjønneland, forskar ved CMI

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis