JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Avrettar den polske rettsstaten

Lov- og rettferdspartiet kunne knapt hatt eit meir misvisande namn. Rettsstaten i Polen heng i ein tynn tråd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Warszawa, 11. januar: Ein demonstrant held opp ein kopi av den polske konstitusjonen under ein demonstrasjon mot nye innskrenkingar av sjølvstendet til domstolane. Protestane har ikkje vore sterke nok til å påverke regjeringa.

Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTB scanpix

9372
20200131
9372
20200131

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Om ikkje striden om dei polske domstolane hadde vore så alvorleg og implikasjonane så dystre, kunne ein utanforståande ha mora seg over dei burleske detaljane. Det er særs uvanleg at den utøvande makta systematisk undergrev truverdet til den dømmande makta og hengjer ut dommarane i landet som korrupte fyllikar og latsabbar. Men i Polen er det nett dette som skjer.

Dei siste fem åra har den polske regjeringa retta stadig nye åtak mot sjølvstendet til domstolane. Det siste trekket var ei ny lov som gjekk gjennom i parlamentet sist veke og inneber at polske dommarar kan straffast – og til og med misse jobben – om dei kritiserer justispolitikken til regjeringa eller avgjerdene til regjeringslojale dommarar.

«Lov og rettferd»

Kampen mot domstolane blir ført av det nasjonalistiske og sterkt høgreorienterte Lov- og rettferdspartiet (PiS), eit namn som kling meir ironisk for kvar veke som går. PiS vann regjeringsmakta og fekk fleirtal i parlamentet i 2015. Sidan da har ein serie lovendringar stramma det politiske grepet kring domstolane. Og for å skape folkeleg aksept for politikken sin har regjeringa gjort sitt ytste for å svekkje omdømet til dommarstanden. Dei siste åra har polske dommarar blitt systematisk uthengde gjennom skandaleoppslag i nyhendesendingane på statleg fjernsyn. Justisdepartementet har medverka til anonyme hetskampanjar mot dommarar på internett, og langs vegane har eit tusental svære, statsfinansierte plakatar fortalt folk om late dommarar, korrupte dommarar og dommarar som har slåst i fylla – og ein dommar som stal ei pølse.

– Tullprat

Regjeringa og den PiS-lojale presidenten Andrzej Duda hevdar at målet deira er å gjere domstolane meir effektive, dei seier at dei kjempar mot korrupsjon, og dei seier at dei vil reinske ut gammalkommunistar frå dommarstanden. Men ingen av forklaringane held vatn, meiner Dariusz Mazur, som er dommar ved den regionale domstolen i Krakow og leiar i dommarforeininga Themis.

– Alt dette er tullprat. Det er 30 år sidan kommunismen fall, og snittalderen til polske dommarar er 42 år. Eg skal ikkje seie at det ikkje finst korrupte dommarar, men Polen har truleg det minst korrupte rettsvesenet av alle tidlegare austblokkland. Og ingen av lovendringane bidreg til å gjere domstolane meir effektive. Alt dette handlar om å få makt over dommarane i Polen, seier Mazur.

Strammar grepet

Her er det ikkje rom for å gå i detalj om dei mange grepa PiS har tydd til for å få styringa med domstolane, men vi kan nemne nokre av dei viktigaste: I 2016 slo regjeringa saman embeta til riksadvokaten og justisministeren, slik at riksadvokaten vart ein del av regjeringsmakta. Same året vart partilojale dommarar plasserte i den konstitusjonelle domstolen, organet som skulle sikre at styresmaktene ikkje handlar i strid med grunnlova.

Regjeringa har òg oppretta eit eige disiplinærkammer innanfor høgsterett som skal straffe dommarar som forsømer seg i tenesta – eit organ som nokså openlyst blir brukt som politisk våpen mot trassige dommarar. Og PiS har sikra seg styringa med domstolrådet som tilset nye dommarar ved dei ordinære domstolane. Høgsterett er eit unnatak: Der har PiS enno ikkje fått kontrollen, trass i iherdige forsøk.

Refs hjelper ikkje

Forsøka på å påverke utviklinga i Polen utanfrå har hatt liten effekt. Politiseringa av domstolane har fått refs frå mellom anna EU-kommisjonen, Europarådet, FN og den internasjonale dommarforeininga, og i fjor slo EU-domstolen fast at åtaka på sjølvstendet til polske domstolar var i strid med EU-retten. Men PiS har ikkje endra kurs. Og trugsmålet om å ta frå Polen røysterett i EU for «brot på grunnleggande verdiar» i unionen har lite truverd. Det krev eit samrøystes vedtak frå alle dei andre medlemslanda, og regjeringa i Ungarn er på line med den polske i justispolitikken.

Monty Python

Berre eitt av inngrepa mot domstolane i Polen har møtt brei folkeleg motstand, fortel Mazur. Det var da PiS i 2017 la fram ei ny lov som opna for å pensjonere alle dommarane i Høgsterett over natta, og late justisministeren setje inn sine eigne handplukka folk.

– Da skjønte folk at noko alvorleg var i ferd med å skje, og det vart store demonstrasjonar. President Duda vart så skremd at han la ned veto mot lova. Men like etterpå starta den store kampanjen mot dommarane, med store reklameplakatar langs vegane der dommarar vart skulda for dårleg oppførsel og brotsverk, og med hets mot dommarane på internett og fjernsyn, seier Mazur.

– At éi grein av makta fører ein svertekampanje mot ei anna grein, er absurd. Ikkje eingong George Orwell eller Monty Python kunne ha kome på noko slikt. Og kampanjen verka. Kort tid etterpå kom presidenten sjølv med ei ny lov som auka talet på dommarar i høgsterett, han sjølv kunne utnemne nye, og den møtte berre små protestar.

«Landssvik»

– PiS og regjeringa har gjort dette til ei krigsforteljing, og dei framstiller dei uavhengige dommarane som landssvikarar, seier Monika Frackowiak. Ho er dommar i Poznan og ein aktiv samfunnsdebattant, og ein av dei mange dommarane som er råka av kampanjen til regjeringa. Frackowiak har til no fått fire saker reiste mot seg i disiplinærkammeret, og ho har vore hengd ut på statleg fjernsyn for å vere lat og illojal mot landet sitt.

Kampanjen mot dei trassige dommarane får iblant enda meir uhyggelege utslag. I fjor vart privatadressa til Frackowiak lagd ut på ein anonym Twitter-konto, der ho i same slengen vart framstilt som landssvikar. Også namnet på dottera hennar vart publisert.

– Slike ting er vanskelege å takle. Du er hjelpelaus, og det er skremmande. Familien min er bekymra. Og foreldra mine, som hugsar kommunisttida, er svært urolege.

Utsegner som liknar trugsmål kan òg kome frå høgaste hald. I ein tale for kolgruvearbeidarar i Katowice skal president Andrzej Duda nyleg ha oppmoda arbeidarane til å hjelpe han med «gjere noko med dommarane».

– Da vart sjølv eg sjokkert. Det var vanskeleg å fatte korleis presidenten kunne seie noko slikt, seier Frackowiak.

Opinionskamp

Den stadige svertinga av dommarane i Polen har hatt effekt på opinionen, trur Frackowiak.

– Mange har kjøpt påstandane om at dommarane er ein kaste som berre tenkjer på seg sjølve. Domstolar er ikkje spesielt populære. Men vi må få fram at dette ikkje handlar om dommarane og privilegia deira, men om rettane til folk flest.

Støtta frå EU er viktig for dei polske dommarane, men det er viktigare å vinne støtte blant folk i Polen, seier Frackowiak.

– Problemet er at sjølvstendet til domstolane er eit så abstrakt tema. Mange bryr seg ikkje. Men eg håpar fleire vil sjå kva denne kampen handlar om.

Stor skade

Monika Frackowiak er overtydd om at skadeverknadene for samfunnet blir store om PiS lukkast med å strupe sjølvstendet til domstolane.

– PIS ønskjer å kontrollere alt, og ønskjer ikkje å bli utfordra av domstolane. Uavhengige domstolar kan hindre politikarane i å gjere grunnlovsstridige vedtak, og dei kan bremse korrupsjonen. Partiet vil òg kontrollere media. Men så lenge vi har uavhengige domstolar, kan journalistar som får sparken av politiske grunnar, vinne jobben attende gjennom ei rettssak.

Trass i alt strevet til PiS for å få kontroll med domstolane dei siste åra, er framleis det overveldande fleirtalet av dommarane i Polen uavhengige, meiner Frackowiak.

– Det er kring 10.000 dommarar i Polen, og eg trur ikkje meir enn fem prosent set lojaliteten til PiS framfor lojaliteten til rettsstaten. Regjeringa skal ikkje få oss til å teie. Eg er optimist.

Høgsterett neste

Dariusz Mazur er samd i at dei PiS-lojale dommarane framleis utgjer eit lite mindretal, men han er ikkje like optimistisk.

– Sjølv om kring 95 prosent av dei vanlege dommarane er tru mot rettsstaten, har dei politisk styrte institusjonane fått stor makt til å påverke systemet. Den siste festninga som står att, er høgsterett. Der har framleis ikkje regjeringa kontroll. Men det er berre eit tidsspørsmål, meiner Mazur.

Høgsterettsjustitiarius Malgor­-
zata Gersdorf, ein standhaftig forsvarar av sjølvstendet til domstolane, skal nemleg gå av i vår.

– Når det skjer, kjem president Duda truleg til å setje inn ein av sine eigne favorittar som justitiarius. Og når PiS får kontroll med Høgsterett, er eg redd mange av dei dommarane som framleis er tru mot rettsstaten, kan byrje å reorientere seg og tilpasse seg den nye situasjonen.

Autoritært

Sjølv om det er stort fleirtal for EU-medlemskap i den polske befolkninga, kan denne striden ende med at Polen forlet unionen, trur Mazur.

– Eg ser ingenting som kan få regjeringa til å endre kurs, og det er ingen vilje til samarbeid med EU-institusjonane frå polsk side. Da fryktar eg at dette ender med at Polen må ut av EU.

Det ser heller ikkje lyst ut for demokratiet i Polen, meiner Mazur.

– Den polske staten blir meir og meir autoritær. Det som skjer med rettsvesenet, minner om kommunisttida, men på nokre måtar er det verre no. Makta har fått tilgang på ny teknologi, og hatkampanjane er svært systematiske. Og om PiS får full kontroll med domstolane, kan ein spørje seg om dei framtidige vala i Polen kjem til å bli frie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Regjeringa framstiller dei uavhengige dommarane som landssvikarar.

Monika Frackowiak,
dommar i Poznan

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis