Avskrekkande lovgiving
Britar har blitt meir liberale i haldningane til innvandrarar etter brexit. Den nye lova om ulovleg innvandring gjev inntrykk av det motsette.
Eit kystvaktskip har henta flyktningar i land i Dover.
Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap / NTB
Flytningpolitikk
magnus@dagogtid.no
Kvifor legg regjeringa i Storbritannia, leia av Det konservative partiet, fram ei kontroversiell lov ho sjølv innrømmer er i strid med internasjonale forpliktingar? Svaret er små båtar med menneske som kryssar den engelske kanalen. Ifølge estimat frå regjeringa kryssa meir enn 45.700 migrantar den engelske kanalen i slike båtar i 2022. Det er om lag 60 prosent meir enn dei rundt 28.500 som kom i 2021. I 2020 var talet 8500.
Innanriksminister Suella Braverman har kalla kryssingane over kanalen ein «invasjon av sørkysten». Retorikken ho brukar, har skapt sterke reaksjonar. Gary Lineker, ein av Englands mest populære fotballkommentatorar, skapte oppstyr då han på Twitter hevda at ordbruken om flyktningar ikkje er ulik den som vart brukt i Tyskland på 1930-talet.
Lova har blitt møtt med kritikk frå fleire organisasjonar både innan- og utanlands. Tusenvis har protestert i gatene i London, Glasgow og Cardiff. Utan støtte er derimot ikkje lova. Arbeidarpartiet vart nedstemt med god margin då dei prøvde å blokkere framlegget. Lova har likevel eit stykke å gå før ho kan verte vedteken og gjeven kongeleg godkjenning.
Ein ny trend
Auken i kryssingar skaut først fart etter 2018, då berre om lag 300 kom over kanalen. Kvar migrantane kjem frå, varierer. Nokre av dei mest representerte landa er Iran, Irak, Syria, Afghanistan, Albania, Sudan og Eritrea. Sidan 2018 har meir enn ein femtedel kome frå Iran. Albanarar gjekk frå å utgjere ein liten del i 2021 til å verte heile 28 prosent i 2022.
Dei aller fleste som kryssar kanalen, kjem for å søke asyl. Eit fleirtal av dei er flyktningar som anten har fått asyl eller ifølge det britiske Flyktningrådet truleg vil få det dersom søknadene deira vert vurdererte.
Britiske styresmakter slit med å handtere asylsøknadene, både frå dei som kjem med båtar, og dei som kjem på andre måtar. Meir enn 160.000 søknader ventar på svar. Regjeringa hevdar at asylsystemet vert overfløymt og misbrukt av personar som kjem frå trygge land, som Albania, eller gjennom trygge land, som Frankrike.
I året fram til september 2022 fekk Storbritannia færre asylsøkarar (85.902) enn Tyskland (296.555), Frankrike (179.705) og Spania (128.015). Per innbyggar fekk Storbritannia også færre søkarar enn dei fleste andre land i Europa.
Radikal lov
Lova har som mål å gjere Storbritannia til eit lite attraktivt reisemål for irregulær migrasjon. Dersom ein person oppfyller alle dei følgande fire vilkåra, vil dei verte deporterte: Dei bryt med immigrasjonslover, dei kjem etter 6. mars, dei har kome gjennom eit trygt tredjeland, og dei manglar opphaldsløyve. Ein immigrant som oppfyller desse vilkåra, vil ikkje få asylsøknaden sin vurdert, og eventuelle krav baserte på menneskerettar vil ikkje verte vurderte.
Dei vil enten bli sende til opphavslandet eller til eit trygt tredjeland, til dømes Rwanda. Det er mogleg å utfordre avgjerda om deporterting dersom dei meiner dei står i fare for «alvorleg og irreversibel skade» der dei skal sendast. Andre vern mot å blir deportert, basert på menneskerettar, vil berre bli vurderte i britiske domstolar etter at dei har blitt deporterte.
FNs høgkommissær for flyktningar har kritisert lovforslaget og uttalt at lova vil bryte med flyktningkonvensjonen og utgjere eit asylforbod som ikkje tek omsyn til individuelle tilhøve. Regjeringa har erkjent at lova vil kunne stri med den europeiske menneskerettskonvensjonen ettersom ho ikkje gjev unntak og støtte til personar som er offer for moderne slaveri. Dersom lova vert vedteken utan endringar, vil ho truleg verte prøvd for domstolane.
Kontroll og val
Meiningsmålingar syner at britiske haldningar til innvandrarar har mjukna sidan brexit. Færre britar enn tidlegare ser på immigrasjon som eit viktig politisk problem, og færre støttar å redusere talet på innvandrarar. Nesten halvparten meiner immigrasjon har hatt positiv innverknad på landet, medan berre 29 prosent meiner effekten har vore negativ. I 2015 var det omvendt.
Ei forklaring på dette er at rolla til innvandrarar og folk med innvandrarbakgrunn i helsetenesta og andre viktige sektorar har fått meir merksemd. Samstundes har talet på immigrantar auka etter brexit, spesielt i 2022. Det kjem delvis av krigen i Ukraina og visumprogram for afghanarar og personar frå Hongkong.
Kvifor kjem så denne strenge lova dersom britar no er mindre skeptiske til immigrasjon? Ei forklaring er at det ikkje er talet på immigrantar som er det viktige, men korleis dei kjem. Immigrasjon er greitt så lenge det skjer på lovleg vis, men ikkje når folk har inntrykk av at det skjer utanfor lov og kontroll.
Ei anna forklaring vektlegg veljarskaren til Det konservative partiet. Sjølv om britar stort sett er meir positive til immigrasjon enn før, er dei som stemmer konservativt, framleis skeptiske. Ifølge meiningsmålingar som ser på enkeltsaker, har Arbeidarpartiet i Storbritannia meir støtte og tillit enn dei konservative på nesten alle område. Immigrasjon er eit av unntaka. Dersom Det konservative partiet ikkje maktar å gjere eigne veljarar tilfredse når det gjeld migrasjon, vil dei ha svært få bein å stå på fram mot neste parlamentsval.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?