Erna er inga Gro
Milliard-Erna mot million-Gro
I 2007 var underskotet på statsbudsjettet før oljen på 1 milliard og 342 millionar kroner. I år snakkar vi om vel 250 milliardar.
Kven av desse bør du kjøpa bruktbil av? Dag og Tid prøver å gje deg svaret.
Foto: Håkon Mosvold / NTB scanpix
Bakgrunn
Dagens regjering har auka oljepengebruken med 33,5 milliardar i gjennomsnitt per år.
Likevel har den norske velferdsstaten vorte litt meir berekraftig, av di Oljefondet har gått så dramatisk opp.
I år aukar overskotet på statsbudsjettet sterkt av di oljeprisen har gått opp.

Berekraft
jon@dagogtid.no
Kven ville du helst ha kjøpt bruktbil av? Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Siv Jensen eller Kristin Halvorsen? Kven av dei trur du har køyrt bilen hardast? Kven er mest berekraftig i landet her? I alle høve: No har Siv Jensen og Erna Solberg hatt ansvaret for den norske staten i snart fire år. Dimed er det på tide å summera opp.
Lange tidsseriar opnar for at ein kan vera selektiv med tal, og det er vi sjølvsagt her òg, men tala fortel litt. Heilt bak i kvart statsbudsjett står det ein svært lang tidsserie: Serien syner «overskotet» på statsbudsjettet før oljepengebruk kvart år sidan 1980.
Sanninga, syner tidsserien, er at det knapt har vore overskot. Heilt sidan vi oppdaga oljen, har vi nytta han til å saldera underskot eller låna mot framtida. I to av dei siste 37 åra har vi hatt overskot, og det var sjølvsagt i 1987 og 1988. Gro makta det nesten i 1986 også, men sidan ho berre hadde vel sju månader med makta det året, fekk ho ikkje skvisa økonomien så hardt som ho ynskte. På over 45 år er Gro Harlem Brundtland faktisk den einaste statsministeren som har makta å driva landet utan oljepengar eller lån, og det fekk ho mykje til gjennom å kutta i offentleg forbruk. Ikkje nemn det for Kåre Willoch.
Nesten for Halvorsen
Men Kristin Halvorsen frå Sosialistisk Venstreparti kom svært så nær i 2007, året før finanskrisa slo til. Underskotet på statsrekneskapen vart på berre 1 milliard og 342 millionar kroner, sidan Halvorsen surfa på ein internasjonal høgkonjunktur. Summen var i ein norsk samanheng ikkje eingong eit oljefat i oljeboringstida. Men så kom finanskrisa, og Stoltenberg og Halvorsen drog det vidgjetne gullkortet. Pengebruken tok verkeleg av. I 2013, det siste året med Stoltenberg som statsminister, var underskotet på statsbudsjettet – før oljen og Oljefondet – på 116,4 milliardar kroner. Størst var auken mellom 2008 og 2009. Då auka underskotet med 85 milliardar, som er norsk rekord på eitt år og som truleg kjem på pallen i internasjonal samanheng òg, sidan det forverra statens balanse med 4 prosent av verdiskapinga på fastlandet.
Men Jensen og Solberg har òg gjort sitt. Og særleg ivrigr har dei vore på å auka pengebruken frå 2016 til 2017. Om det reviderte statsbudsjettet er rett, vil auken i oljepengebruken hamna på vel 42 milliardar. Det er kanskje eit symptom på norsk politikk at Stoltenberg II og Solberg I båe sette rekord i auka underskot i eit stortingsvalår.
Solberg best
Både Stoltenberg og Solberg møtte økonomiske kriser som statsministrar: Stoltenberg den internasjonale finanskrisa, Solberg den sterke oljeprisnedgangen. Stoltenberg sette rekord i samla auke i underskot på eitt år, men Solberg har vore suveren i å auka oljepengebruken gjennom ein heil periode. 2006 var det fyrste heile året Stoltenberg II hadde ansvaret for; dette året var underskotet på 44 milliardar. Fire år seinare var underskotet på knapt 97 milliardar. Dei fire fyrste åra auka altså Stoltenberg II pengebruken med 53 milliardar. Dei neste fire år auka Stoltenberg II pengebruken berre med 20 milliardar. Samla vekst på åtte år var altså 73 milliardar.
Solberg I har vore ein heilt annan stad. Samla vekst i underskotet sidan ho fekk makta, har vore på 134 milliardar. Solberg og Jensen har altså hatt ein nesten dobbelt så sterk auke i pengebruken som Stoltenberg hadde, og det på halvparten av tida. No er det i og for seg forståeleg at dei har auka pengebruken sterkt i ein periode med låg oljepris, men om ein ser på dei grunnleggjande makrotala, særleg den sterke auken i oljeprisen gjennom 2016, verker særleg auken frå 2016 til 2017 underleg sterk.
Så viser då også det reviderte statsbudsjettet at balansen har vorte betra med nesten 50 milliardar sidan dei la fram budsjettet i oktober. Pengebruken reduserer dei derimot berre med 9 milliardar samanlikna med det føreslegne statsbudsjettet, og det sjølv om skatteinntektene ligg mykje høgre enn forventa.
Betre berekraft
Når Solberg og Jensen har auka pengebruken såpass dramatisk, skulle vi tru at den langsiktige berekrafta var mykje dårlegare. Men så var det Oljefondet, då, som er så mykje høgre enn det skulle vera, paradoksalt nok mykje grunna finanskrisa. I takt med at sentralbanksjefane verda over reduserte rentene til nær null og pøste inn nye pengar i finansmarknaden, auka prisen på råvarer, og særleg auka prisen på olje. Oljefondet på si side kjøpte aksjar for alle desse nye pengane, og også aksjar naut godt av den låge prisen på pengar. Sidan 2006, då dei fyrste alvorleg teikna på ei komande finanskrise dukka opp, har verdssamfunnet enkelt og greitt overført store pengar til Noreg. Dei har gjeve småspararane null kroner frå bankkontoen og i staden gjeve avkastinga til dei som har aksjar.
Frå utgangen av 2006 og til no har Oljefondet auka med 6300 milliardar. Og den auken er det særleg regjeringa Solberg som har hatt glede av. Auken i Oljefondet syner òg att i den langsiktige berekrafta. Den førre Perspektivmeldinga, som kom i 2013, synte eit underskot i 2060 på 6 prosent av BNP på fastlandet. Den nye synte eit underskot på 5 prosent, eller 150 milliardar 2016-kroner. Sjølv om Solberg har slått alle rekordar i pengebruk, kan ho likevel seia at under hennar vakt har velferdsstaten vorte meir berekraftig.
Olje eller Paris
Dessutan ser det ut til å ha vore mykje meir olje der ute. I Barentshavet vert overslaga auka nesten dagleg, kan ein få inntrykk av, og det samstundes som borekostnadene går nedover og nedover. I røynda tek staten rundt 90 prosent av kostnadene ved å leita i Barentshavet, det same som staten tek når produksjonen skal byggjast ut.
Dette er den same staten som har underskrive Paris-avtalen. Skal oljesektoren taka sin del av CO2-reduksjonen, slik Paris-avtalen legg opp til, må oljeproduksjonen ned med 2,4 prosent kvart år fram mot 2050, eller 63 prosent samla sett, seier Den internasjonale energikommisjonen, IEA, i ein fersk rapport.
Men sanninga er vel at korkje oljeindustrien, regjeringa eller Finansdepartementet trur heilt på Paris-avtalen, for elles kunne vel ikkje regjeringa skriva dette revidert: «Den samlede formuen i petroleumsvirksomheten, definert som nåverdien av fremtidig årlig kontantstrøm fra virksomheten fra og med 2017, kan anslås til 4 500 mrd. 2017-kroner. Det er lagt til grunn en realrente på 3 pst. i beregningen av formuen. Formuesanslaget bygger på forutsetningene om produksjon, priser og kostnader som er lagt til grunn i denne meldingen. Statens del av formuen, definert som nåverdien av statens netto kontantstrøm fra petroleumsvirksomheten, anslås i denne meldingen til rundt 3 900 mrd. 2017-kroner. Det gir grunnlag for en permanentinntekt på vel 115 mrd. kroner per år utover avkastningen på kapitalen som allerede er opptjent i Statens pensjonsfond utland.» Dette er altså ein tilstand regjeringa meiner skal vara ved til minst 2060, og det sjølv om oljeuttaket globalt bør ned med rundt to tredjedelar før 2050. Regjeringa som har underskrive Paris-avtalen, ignorerer avtalen gjennom å finansiera eit storstilt investeringsprogram i Barentshavet.
Treffer Finansdepartementet i overslaga om framtidig pris og framtidige funn, ligg vi rimeleg godt an økonomisk. Noreg har dei siste åra makta å halda olje- og gassproduksjonen nokså stabil, og med den oljepriseoppgangen som var i fjor, reknar regjeringa no med at det reelle overskotet på statsbudsjettet i år vert på 132,4 milliardar kroner, opp frå 113 i fjor. Oljeprisen er no på knapt halvparten av det han var før den førre nedgangen. Vi skal nytta 250 milliardar oljekroner i år, og likevel ligg vi an til å få eit reelt overskot på over 130 milliardar. Det er ikkje dårleg, det.
Reformer må til
Så kan vi alltids fantasera over kor bra den langsiktige berekrafta hadde vore om både Stoltenberg og særleg Solberg hadde halde igjen på pengebruken. Men det er litt vanskeleg å sjå korleis dette kunne ha skjedd, sett i lys av at Oljefondet har vakse så dramatisk på så kort tid. Sanninga er at vi ikkje eingong har nytta all realavkastinga sidan handlingsregelen vart vedteken i 2001. Og dette har vi fått til i ein periode då dot.com-bobla brast, verda gjekk gjennom si største finanskrise på 80 år og oljeprisen ramla med tre fjerdedelar.
Det er heller ikkje slik at ein kan spara seg heilt ut av ei eldrebylgje. For å handtera henne må vi både spara og omstilla oss. Omstilling vil sjølvsagt vera – som alle regjeringar vil når dei skriv perspektivmeldingar – å få fleire ut i arbeid. Men nett av di staten har hatt så mange oljepengar, har slik reformer vore langt på veg umoglege dei siste 10–15 åra.
Men det som òg er sant, er at Solberg og Jensen no gjev frå seg statlege finansar som har langt mindre handlingsrom enn kva dei sjølve fekk då dei overtok. Det er fleire årsaker til dette: Éin av hovudgrunnane til at Kristin Halvorsen kunne nytta så lite pengar i 2007, var at arbeidsdeltakinga var rekordhøg. Sidan då har deltakinga gått ned med 4 prosent. Den danske velferdskommisjonen har kome fram til at ein nedgang på 1 prosent i arbeidsdeltaking, reduserer handlingsrommet på statsbudsjettet med 1,6 prosent. Omsett til norske tilhøve vil det tilseia at Jensen hadde hatt 80 milliardar meir til disposisjon om ho var i skorne til Halvorsen. Samstundes har eldrebylgja slege kraftig inn; ho tek no 10 nye milliardar kvart år i alderspensjon.
Dyr samferdsel
Ei anna og svært stor årsak til at handlingsrommet er vorte mindre, er Nasjonal transportplan (NTP). Jensen og Solberg har late Kjetil Solvik-Olsen dobla NTP-en frå førre periode. NTP-en Stoltenberg II la fram i 2013, var på drygt 500 milliardar. Den Solvik-Olsen la fram i år, er på drygt 1000 milliardar. Dei færraste prosjekta, både i førre og noverande periode, er lønsame, og dei gjer oss samla sett fattigare. Men i kraft av storleik gjer denne regjeringas NTP oss langt fattigare enn den førre. Dessutan bind han opp store summar. Regjeringa trur at det i neste periode vil vera rom for å auka utgiftene med 16 milliardar per år. Pensjonar og NTP åleine tek meir enn dette. Trøysta får vera at NTP alltids kan verta reversert.
I det reviderte statsbudsjettet skryter Finansdepartementet av at samla sett har auken i gjennomsnittleg årleg uttak av Oljefondet vore på 15 milliardar, og dei skriv at det syner kor ansvarleg ulike regjeringar har vore. Då kan ein kanskje seia at denne regjeringa har vore dobbelt så uansvarleg som andre regjeringar har vore, sidan auken under Jensen og Solberg har vore meir enn dobbelt så høg som den gjennomsnittlege veksten. Så den beste bruktbilen får du nok av Stoltenberg/Halvorsen, om då ikkje Gro har gøymt vekk ein i garasjen.
I alle høve er Noreg framleis meir berekraftig enn stort sett alt anna der ute. Det hadde vi nok vore utan oljen også. Det gjekk an å leva i Noreg i 1987, seier dei som overlevde.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Regjeringa som har underskrive Paris-avtalen,
ignorerer avtalen gjennom å finansiera eit stor-
stilt investeringsprogram i Barentshavet.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.