JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Oljepolitikken pressar opp norske utslepp

Regjeringa vil presse oljeselskapa til å hente ut meir av ressursane i kvart felt. Dermed pressar ho òg opp dei norske CO2-utsleppa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bildet viser Knut Einar Rosendahl , NMBU

Håkon Sparre

11112
20170901

Bakgrunn

I dag blir i snitt 47 prosent av oljen i felta på norsk sokkel utvunnen

Regjeringa har som mål å auke utvinningsgraden frå gamle felt

Å hente ut meir olje frå gamle felt krev mykje energi

Dermed aukar CO2-utsleppa frå produksjonen

Frå 1990 til 2015 auka CO2-utsleppa frå petroleumssektoren i Noreg med 83 prosent

KLIMA

peranders@dagogtid.no

Det er vanskeleg å ri to hestar samstundes, særleg når hestane spring kvar sin veg. Regjeringa har på eine sida som mål å kutte dei norske klimagassutsleppa, og på andre sida pressar ho på for at oljeselskapa skal utvinne meir av oljen og gassen på gamle felt. Desse to måla er svært vanskelege å sameine.

Bakgrunnen ligg i berggrunnen ute på sokkelen, og er kort fortalt slik: Ingen olje- eller gassfelt blir tømde til siste drope. Kvart felt sluttar å vere drivverdig lenge før det er tomt i fysisk forstand, fordi trykket i reservoara fell etter kvart som oljen og gassen blir tappa ut. I snitt ligg kring 47 prosent av oljen att i grunnen når produksjonen blir avslutta på eit felt på norsk sokkel. Det ser tilsynelatande ut som dårleg ressursbruk, og i mange år har det vore eit politisk mål å auke utvinningsgraden.

Evne og vilje

Dette er òg høgt prioritert av den sitjande regjeringa: I regjeringsplattforma heitte det at regjeringa vil «gjøre evne og vilje til økt utvinningsgrad til et av kriteriene for tildeling av oppgaver og ansvar på norsk sokkel». Statsminister Erna Solberg varsla nyleg at Høgre ønskjer å auke presset på selskapa ved å knyte kravet om høgare utvinningsgrad til konsesjonane til operatørane på sokkelen. I programmet til Framstegspartiet heiter det: «Skattesystemet må aktivt bidra til å gjøre nisje- og haleproduksjon mer lønnsom, slik at vi øker levetiden på feltene og får en høyest mulig utvinningsgrad.» Også den raudgrøne regjeringa hadde som eit erklært mål å få opp meir av ressursane i kvart felt, og Oljedirektoratet omtalar auka utvinningsgrad som ei av fanesakene sine.

Brutto og netto

Om ein ser reint økonomisk på dette, kan det gje meining å prøve få ut meir frå dei produserande felta. Kvar ekstra prosent med olje ein kan hente ut frå eit oljefelt, kan i teorien gje store ekstrainntekter for den norske staten. «Dersom utvinningsgraden på de 25 største oljefeltene i produksjon øker med 1 prosent, tilsvarer det omkring 60 milliarder kroner», sa Erna Solberg til NTB i juli i år.

Dette talet lèt imponerande, men ein skal merke seg at det her er snakk om salsverdien av den ekstra oljen. Det er som kjent skilnad på brutto og netto. Erna Solberg hevda i juli at auka utvinningsgrad er «netto penger inn til staten». Men kor mykje overskot det blir å skattleggje frå denne utvinninga, kjem an på kostnadene ved å få opp oljen. Dersom oljeselskapa i utgangspunktet ikkje ønskjer å vinne ut den ekstra prosenten med olje, er det fordi han er lite lønsam. Å truge selskapa til å vinne ut olje som ikkje er lønsam, vil heller ikkje gje skatteinntekter for staten.

Klimaskvis

Men det store problemet med denne politikken ligg ein annan stad: Å auke utvinningsgraden har ein stor miljøkostnad, for det er svært energikrevjande å skvise ut meir olje og gass frå aldrande felt. Den vanlegaste teknikken er å pumpe vatn eller gass ned i grunnen for å auke trykket – såkalla trykkstøtte. Berre nokre få felt er forsynte med straum frå land.

Det meste av krafta som trengst til å auke trykket, kjem frå gassturbinar ute på sokkelen, og dei slepper ut mykje CO2. Jo eldre felta blir, jo meir klimagassutslepp gjev utvinninga, fordi ein må inn med stadig meir trykkstøtte. Og svært mange av felta på norsk sokkel er gamle, dermed har utsleppa per produsert oljefat auka. På den gamle kjempa Ekofisk vart til dømes utsleppa per produsert eining meir enn dobla frå 2003 til 2012, syner ein studie som professor Knut Einar Rosendahl ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har laga.

Gamle og skitne

Sjølv om utvinninga på norsk sokkel i snitt framleis har langt mindre CO2-utslepp enn verdsgjennomsnittet, er ein del av dei norske felta svært «skitne» – også i verdsmålestokk. Eit felt som Glitne (stengt i 2013) hadde i sluttfasen langt større utslepp per produsert fat enn tilmed den utskjelte utvinninga av olje frå tjøresand i Canada.

Veslefrikk-feltet, som starta produksjonen i 1989, har sleppt ut nesten dobbelt så mykje CO2 per produsert fat som verdsgjennomsnittet for oljeproduksjon dei siste åra. Det velbrukte argumentet frå bransjen om at norsk oljeutvinning er «verdas reinaste», blir stadig svakare. Og ei hardare satsing på å få opp meir frå gamle felt vil truleg forsterke problemet: Det er nett i den såkalla «halefasen» på slutten av levetida at utsleppa per produsert fat er størst.

Målet om å auke utvinninga frå gamle felt er sjeldan framme i den norske klimadebatten, som handlar mest om samferdsle, elbilar og slikt. Men medan vegtrafikken stod for 22 prosent av dei norske CO2-utsleppa i fjor, kom heile 32 prosent av utsleppa frå petroleumsverksemda. Og det er utsleppa frå utvinninga på sokkelen som er hovudårsaka til at Noreg ikkje når klimamåla sine. Frå 1990 til 2015 auka CO2-utsleppa frå petroleumsutvinninga i Noreg med 83 prosent, syner tal frå Miljødirektoratet. Dei samla CO2-utsleppa i Noreg auka med 25 prosent frå 1990 til 2015. Noreg har lukkast betre med å redusere utsleppa av andre klimagassar, så dei samla norske klimagassutsleppa auka med 3,5 prosent frå 1990 til 2015. Men i same periode klarte EU-landa å redusere dei samla klimagassutsleppa sine med 22 prosent.

Konflikt

– Det er ikkje tvil om at det er ein konflikt mellom ønsket om å redusere norske utslepp og målet om å få opp utvinningsgraden. Men eg veit ikkje om politikarane ser den konflikten, seier Knut Einar Rosendahl, professor i samfunnsøkonomi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

I ein studie frå 2015 brukte han tal frå Oljedirektoratet, Miljødirektoratet og SSB, og viste klart at utsleppa per produsert eining stig kraftig når feltet går inn i «halefasen» sin, med fallande samla produksjon.

– I Noreg blir oljepolitikk og klimapolitikk i stor grad handsama som to åtskilde område. Men det er liten tvil om at energibruken og utsleppa vil auke om ein skal få ut meir av gamle felt.

Rosendahl set eit spørjeteikn ved fornufta i sjølve målet om å utvinne mest mogleg frå kvart felt på sokkelen.

– Det er eit litt rart mål å setje seg. Ein kan sjølvsagt seie at det er ei form for sløsing med ressursar å late mykje olje liggje att. Men det viktige spørsmålet er jo om det er samfunnsøkonomisk lønsamt å utvinne oljen. Om det både er dyrt og gjev høgare utslepp å få ut meir av eit felt, er det ein dårleg kombinasjon.

Paradoks

– Det er eit interessant paradoks i at miljøorganisasjonane stort sett engasjerer seg i kampen mot opning av nye område for oljeutvinning. Om ein ser på klimaverknadene, er jo utsleppa frå gamle felt vel så viktige, seier Bård Lahn.

Han er forskar ved Cicero senter for klimaforsking og tidlegare leiar av Natur og Ungdom.

– Dei felta som gjev størst utslepp per fat, er gjerne òg dei som har berre marginal lønsemd. Slik sett vil det vere ein kostnadseffektiv klimapolitikk å late meir av oljen liggje att i desse felta.

Men slik er altså ikkje norsk klimapolitikk i dag. Dei siste regjeringane har ikkje nøydd seg med å leggje press på oljeselskapa for å få meir ut av kvart felt. Staten har i mange år satsa tungt på forsking som kan få opp utvinningsgraden. Auka utvinning har vore eit sentralt tema i store forskingsprogram som Petromaks, Petromaks 2 og Demo 2000, og staten har brukt mange hundre millionar kroner på denne forskinga. Også dette kan vere fornuftig i eit reint økonomisk perspektiv, dersom auka utvinningsgrad gjev pengar i statskassa. Men kanskje kan forskinga også gje klimavinstar ved at ein finn nye måtar å få opp meir olje og gass på – utan å auke utsleppa?

Finst ikkje

Det er i alle fall håpet til Merete Vadla Madland, som er leiar for Det nasjonale IOR-senteret i Stavanger. Senteret har eit budsjett på 320 millionar kroner over åtte år, og har som oppgåve å få opp utvinningsprosenten på norsk sokkel. «Vårt ganske ambisiøse mål er å bidra til å øke snittet opp mot 70 prosent», sa Madland ved opninga av senteret i 2014. Når snittet i dag er på 47 prosent, er det ekstremt ambisiøst.

– Miljøaspektet fargar alle aktivitetane våre, seier Madland til Dag og Tid.

– Målet om å auke utvinningsgraden frå gamle felt er i dag i konflikt med klimamåla til Noreg.

– Oppdraget vårt er å få ut meir olje frå eksisterande felt. Men vi ønskjer å få opp utvinningsgraden med bruk av miljøvenleg teknologi. Om ein metode krev uforsvarleg mykje energi, legg vi han vekk.

– Men no kan ein ikkje auke haleproduksjonen i gamle felt utan å auke CO2-utsleppa mykje. Finst det i dag tilgjengeleg teknologi som bryt denne samanhengen?

– Nei, eg kan ikkje seie at det finst noko slikt i dag. Men om du ringjer meg om eit år, kan det hende svaret vil vere eit anna.

– Er det ikkje eit paradoks at regjeringa både vil auke utvinningsgraden og få ned CO2-utsleppa?

– Ved bruk av ny teknologi i nær framtid vil det vere mogleg å auke utvinningsgraden samtidig som CO2-utsleppa blir reduserte. Politikarane veit at forskinga og utviklinga skjer raskt, og dermed treng ikkje dette vere noko paradoks.

Viser til EU

Dag og Tid bad om å få eit intervju med ein talsperson for Olje- og energidepartementet til denne saka, men ingen stilte. Vi fekk derimot ein kommentar på e-post frå statssekretær Elnar Remi Holmen. Han viser til at verksemda på norsk sokkel er ein del av det europeiske systemet for klimakvotar. Auka utslepp på norsk sokkel «motsvares av lavere utslipp et annet sted innenfor kvotesystemet», skriv Holmen. «Det er derfor ingen motsetning mellom økt utvinning og norsk klimapolitikk om økt utvinningstiltak skulle medføre økte utslipp på en enkeltinnretning.»

Det er sjølvsagt rett at verksemda på sokkelen er del av kvotesystemet til EU. Men det er samtidig ganske breitt erkjent at dette kvotesystemet i dag har nokså liten effekt på klimagassutsleppa, fordi kvotane er for mange og kvoteprisane for låge. Det norske Miljødirektoratet slo dette fast i ein rapport sist vinter: «Klimakvoter gir ikke store og raske nok utslippskutt i industrien. (...) Slik kvotesystemet fremstår i dag er det derfor nødvendig å supplere karbonprising med flere virkemidler.» Og slik vilje har norske styresmakter vist også overfor petroleumsindustrien, påpeikar Knut Einar Rosendahl.

– Sjølv om utsleppa på norsk sokkel er del av kvotesystemet, har det vore eit tydeleg ønske frå styresmaktene om å redusere desse utsleppa. Det ser vi til dømes i den særeigne CO2-avgifta på norsk sokkel, krava om elektrifisering og framhevinga av kor låge utslepp den norske petroleumsverksemda har, samanlikna med andre land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I Noreg blir oljepolitikk og

klimapolitikk i stor grad hand-

sama som to åtskilde område.

Knut Einar Rosendahl,
professor ved NMBU

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis