JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kinesarane har fått feste i Europa

EU–kommisjonen vil ta grep for å tøyme kinesiske investeringar i Europa. Noreg har ikkje planar om å gjere det same.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
China Oilfield Service, her representert ved administrerande direktør Yun Guangyu (fremst) og strategidirektør Chen Weidong, kjøpte i 2008 oljeserviceselskapet Awilco Offshore for over 12 milliardar kroner. Det var det fyrste store kinesiske oppkjøpet i Noreg. Sidan har det kome fleire.

Foto: Jon Hauge / NTB scamåox

12083
20170922

Bakgrunn

EU-rammeverket inneber:

At medlemslanda vurderer utanlandske investeringar ut frå kva effekt dei har for kritisk infrastruktur og forsyningstryggleik, høve til å kontrollere sensitiv informasjon, effekt på kritisk teknologi og med omsyn til om investoren kan vere kontrollert av ei utanlandsk regjering – og at informasjonen vert delt med EU-kommisjonen og andre medlemsland.

Ein samarbeidsmekanisme mellom medlemsland og EU-kommisjonen, for å hindre at ei utanlandsk investering i eitt eller fleire medlemsland skal påverke tryggleiken eller offentleg ro og orden i eit anna land.

At EU-kommisjonen skal gjere eigne vurderingar i tilfelle der utanlandske investeringar kan ha følgjer for felles EU-prosjekt eller -program, på felt som til dømes forsking, satellittnavigasjon, transport, energi og telekommunikasjon.

Rammeverket har form av retningsliner, ikkje lov, og er ikkje bindande for medlemslanda. Det må likevel godkjennast i både EU-parlamentet og av medlemslanda.

Kommisjonen set med det same i gang grundige analysar av utanlandske investeringar i strategiske sektorar for EU, og etablerer ei koordineringsgruppe mellom medlemslanda.

ØKONOMI

eva@dagogtid.no

Er norske styresmakter for naive i synet på kinesiske investeringar i Noreg? Har vi hamna i eit uføre? Spørsmåla er nærliggjande å stille med tanke på kva som no skjer i EU.

EU-kommisjonen vil stramme inn regelverket for kinesiske investeringar, og la førre veke fram eit nytt rammeverk for korleis utanlandske investeringar i Europa skal kontrollerast betre.

– Lat meg seie éin gong for alle: Vi er ikkje naive frihandlarar. Europa må alltid forsvare dei strategiske interessene sine, sa EU-kommisjonspresident Jean-Claude Juncker om saka i den årlege «State of the Union»-talen til EU-parlamentet.

Dersom eit utanlandsk statleg eigd selskap ønskjer å kjøpe ei europeisk hamn, del av energiinfrastrukturen eller eit forsvarsteknologifirma i Europa, bør det «berre skje ope, med gransking og debatt», var resonnementet hans.

Han nemnde ikkje Kina, men det er kraftig auke i kinesiske investeringar i Europa dei siste åra som er årsaka til forslaget om eit samordna og strengare EU-regelverk.

høge investeringar

I fjor investerte kinesiske selskap for rekordhøge 35 milliardar euro – nær 330 milliardar kroner – i EU-land, noko som inneber ein auke på 77 prosent frå 2015. Det syner ein rapport frå analyseselskapet Rhodium Group og Mercator Institute for China Studies. Med unntak av ein dupp frå 2012 til 2013 har kinesiske direkteinvesteringar i EU-land stige jamt i verdi sidan finanskrisa råka Europa i 2008.

Ifølgje rapporten investerer kinesarane no mest i Tyskland, Storbritannia og Frankrike, medan dei nordiske EU-landa i fjor kom på andreplass. For tre av dei fem siste åra er det også registrert store kinesiske direkteinvesteringar i Sør-Europa.

Totalt utgjer investeringane i EU mindre enn 20 prosent av Kinas samla utanlandsinvesteringar og ein endå meir beskjeden del av dei samla utanlandske investeringar i EU. Det som uroar, er den raske auken, medan europeiske investeringar i Kina på same tid går tilbake, og i 2016 var nede på rundt 8 millionar euro samla, ifølgje rapporten.

I tillegg investerer kinesarane stadig meir i avanserte produksjons- og tenestesektorar som informasjons- og kommunikasjonsteknologi, energi, transport og infrastruktur. Det har fått EU-land til å frykte tap av nøkkelteknologi i Europa, og det har skapt debatt om dei tryggingspolitiske aspekta ved utanlandsinvesteringar.

Det er Frankrike, med støtte frå Tyskland og Italia, som har bede EU-kommisjonen ta grep. Å innføre tiltak som kan vere til hinder for friast mogleg handel, sit lenger inne hjå land som Sverige, Nederland og Danmark. Tidlegare denne veka gjekk også den finske handelsministeren, Kai Mykkänen, ut mot eit strengare regelverk, ifølgje Financial Times.

Noreg har heller ikkje kasta seg på EU-regelverket, trass i at ting tyder på at også Noreg har fått sin del av auken av kinesiske utlandsinvesteringar.

Har inga oversikt

Dag og Tid har spurt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) kva betyding EU-regelverket får for Noreg, og i kva grad det er behov for same typen tiltak i Noreg.

– Vi skal fyrst studere kva EU konkret føreslår, og deretter vurdere kva dette har å seie for Noreg. Vi ønskjer utanlandske investeringar velkomne, ettersom det kan hjelpe til å halde oppe arbeidsplassar og gje vekst og verdiskaping i Noreg. Noreg er ein relativ open marknad som legg få avgrensingar på utanlandske investeringar så lenge desse er i tråd med gjeldande norsk regelverk, svarar statssekretær Dilek Ayhan (H) per e-post.

I svaret går det fram at departementet ikkje veit omfanget av kinesiske investeringar i Noreg i dag eller utviklinga på feltet dei siste åra.

– NFD fører inga eiga oversikt over landfordelte utanlandske investeringar i Noreg. Vi kjenner til enkeltinvesteringar gjorde av kinesiske selskap i Noreg, men har inga uttømmande oversikt, svarar Ayhan.

SSB har tal som syner ein nedgang i verdi av kinesiske direkteinvesteringar i Noreg frå 31,6 milliardar kroner i 2013 til 7,1 milliardar i 2015. Desse tala fangar derimot ikkje opp kinesiske investeringar som skjer via selskap i land utanfor Kina.

Solcelleselskapet Rec Solar vart i 2014 til dømes kjøpt opp av kinesiske Bluestar Elkem, registrert i Hong Kong, og då eit kinesisk selskap kjøpte riggselskapet Northern Offshore i 2015, skjedde det via Hong Kong og Bermuda, ifølgje Aftenposten.

Høgare enn det som er fanga opp

Forskar ved Universitetet i Bergen og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) Hans Jørgen Gåsemyr seier det ikkje finst noka god oversikt over kor stort volumet av kinesiske investeringar eigentleg er. Saman med NUPI-kollega Bjørnar Sverdrup-Thygeson og eit nettverk av forskarar i heile Europa jobbar han no for å få ei slik oversikt – over omfanget av, innhaldet i og forholda rundt kinesiske investeringar – på heile kontinentet. Resultatet skal publiserast i ein rapport i regi av European Think Tank Network on China i løpet av hausten.

Talmaterialet er ikkje klart enno, men tendensar er tydelege, seier han.

– Vi ser at volumet av dei kinesiske investeringane er mykje høgare enn det som er fanga opp i tidlegare oversikter. Det gjeld ikkje spesielt i Noreg, men i mange andre europeiske land også. Det kjem ikkje av at kinesarane er skumle eller spekulative, men at det ikkje har vore gode system for å fange opp investeringane før. Dei største er fanga opp, men dei mindre, som det er mange av, har i liten grad vorte fanga opp som kinesiske, seier Gåsemyr.

Den største kinesiske enkeltinvesteringa i Norden er gjort i Finland, men Noreg ser i sum ut til å ha vore ein attraktiv destinasjon, meir populær for kinesarane enn både Sverige og Danmark, trass i dei seks åra med politisk isfront etter Nobel-prisen i 2010, ifølgje Gåsemyr.

– Det stadfestar at kinesarane er svært strategiske i investeringane sine. Sjølv der det er politisk frys, ser dei etter gode investeringar, seier han.

Blant dei store kinesiske investeringane i Noreg er oppkjøpet av Elkem i 2011, investeringa i oljeserviceselskapet Awilco Offshore i 2008, oppkjøpet av Rec Solar i 2014, oppkjøpet av Northern Offshore Ltd. i 2015 og kjøpet av store delar av Opera Software ASA i 2016. Same år vart eit kinesisk selskap hovudeigar i flaskevatnprodusenten Voss of Norway og 40 prosent eigar i skipsbyggingsverksemda Brødrene Aa AS på Vestlandet.

Christian James-Olsen og Tormod Ludvik Nilsen, som begge er partnarar i advokatfirmaet Wikborg Rein, er ikkje i tvil om at Noreg har fått sin del av auken i dei kinesiske utanlandsinvesteringane dei siste åra.

James-Olsen er leiar for Shanghai-kontoret til firmaet, medan Nilsen, som leia det tidlegare, no jobbar med Kina frå Oslo.

– Erfaringa vår er at det var ein del større oppkjøp frå kinesarar i Noreg i 2008 og 2009, og deretter litt mindre aktivitet nokre år. Så har vi sidan hausten 2014 sett at det er gjort ein god del større oppkjøp igjen. Det fell saman med strategien til kinesiske styresmakter om å auke utanlandsinvesteringane, seier Nilsen.

Det siste halvåret har kinesiske styresmakter stramma inn og vore meir restriktive med å gje løyve til investeringar utanfor Kina igjen, ifølgje Nilsen.

– Tala våre syner ein nedgang frå 2016 på om lag 45 prosent så langt i år, men likevel er investeringsaktiviteten i absolutte kroner høgare enn for to år sidan, seier han.

«Designed in China»

James-Olsen trur investeringane i Noreg kjem til å auke framover.

– Det er ein generell auke i interesse frå Kina til Noreg etter den politiske normaliseringa mellom landa i fjor. Det gjeld både direkteinvesteringar og anna samarbeid som kan medføre direkteinvesteringar, seier han.

Nyleg skreiv VG om det kinesiske anleggsselskapet CCCC som var i Noreg for å sjå på komande vegprosjekt. James-Olsen seier at Kinas modernisering og utvikling har som mål om å gjere omgrepet «Made in China» om til «Designed in China».

– Difor kjem vi til å sjå fleire kinesiske interessentar til store prosjekt i Noreg framover, seier han.

Dotterselskapet til CCCC har alt levert stålkonstruksjonane til Hardangerbrua, og eit anna kinesisk selskap har stått for både produksjon og installasjon av stålkonstruksjonane til Hålogalandsbrua.

Nilsen seier det er sektorar som olje og gass, fornybar energi, medisinsk teknologi, shipping, utstyr til offshore, shipping og fiskeri som gjer Noreg særleg interessant for Kina å investere i.

– Kina har eit stort behov for å både effektivisere og skaffe ny teknologi og nye løysingar heime, og det støttar den kinesiske regjeringa opp også utåt.

Han seier det innanfor sektorar som olje, gass, skipsbygging og offshore fartøy og -utstyr, langt på veg er statseigde selskap som investerer, medan det i teknologisektoren, og særleg innan IT og telekommunikasjon, er ein større del private investorar som leiar an.

– Må opptre forsiktig

Gåsemyr ser ikkje grunn til å vere spesielt skeptisk til investeringar frå kinesiske aktørar.

– Investeringar frå Kina er framleis relativt små jamført med investeringar frå andre land. Eg trur det er ein del overdriven skepsis basert på at folk flest veit lite om kinesiske forretningsaktørar, og at Kina har vakse mykje i volum på kort tid. Det er ein viktig politisk debatt å ta om kontroll med kritisk infrastruktur, hamner, transportnettverk og mobile- og tekniske løysingar. Det spelar ei rolle at Kina ikkje er del av dei tryggingspolitiske alliansane våre, men eg trur det er ein overdriven skepsis knytt til Kina og kinesiske selskap si rolle som investorar, seier han.

Professor Ola Grytten ved Norges Handelshøyskole meiner Noreg må opptre forsiktig andsynes Kina.

– I utgangspunktet er det bra at kinesiske aktørar vil investere hjå oss og handle med oss, men stor kinesisk kontroll i verdsøkonomien og i europeisk økonomi kan også gje grunn til uro. Kina er ikkje eit land som er veldig gode på menneskerettar, dei er faktisk veldig dårlege. Det skal vi ha i mente. Eg seier ikkje at vi bør boikotte, men det er ein del faktorar her som gjer at vi bør opptre forsiktig, seier han.

– Eg trur mange oppkjøp kinesarane gjer, er strategiske, fordi dei ønskjer lønsame bedrifter, kan lære ein del teknologisk og få marknadstilgang. Det kan også vere dei tenkjer politisk strategi: at Kina skal vere ein internasjonal investor fordi det gjev politisk makt. Historisk er det slik at når ikkje berre bedrifter i eit land, men også landet sjølv går ut, ligg det både økonomiske og politiske motiv bak.

– Men det er òg ein del private kinesiske investorar?

– Ja, men ein skal ikkje tru det ikkje er politikk med i biletet fordi om det handlar om private aktørar. Det er ein overordna strategi bak. Det er naivt å tru noko anna. Det har historia lært oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Volumet av dei kinesiske investeringane er

mykje høgare enn det som er fanga opp i

tidlegare oversikter.»

Hans Jørgen Gåsemyr, forskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis