Framleis blåmåndag for Forsvaret
Innanfor dei økonomiske rammene regjeringa har bede om å få frå Stortinget til Forsvaret, er det umogleg å berga Andøya. Forsvaret er framleis ikkje ein priortert del av statsbudsjettet.
Vakkert er det ikkje, det nye F-35- flyet, men effektivt er det.
Foto: Lockheed Martin / NTB scanpix
Bakgrunn
Å berga Andøya vil kosta over 5 milliardar kroner
Den planlagde veksten i forsvarsutgiftene er under den forventa veksten i statsutgifter og BNP
I 2016 fekk Forsvaret 48,9 milliardar. I 2020 skal dei få 53,0 milliardar

Forsvar
jon@dagogtid.no
Ved sida av vedtaket om å leggja eit nytt sjukehus til Molde, er nok Andøya det enkeltvedtaket som har skada Arbeidarpartiet mest i eit fylke. Men før Andøya: Å ha eit forsvar er i grunnen berre eit gode for USA. USA er så stort og sterkt og har eit så mektig forsvar at verdas kapitalistar ser på den amerikanske marknaden som den mest sikre staden å plassera pengar. Dette fører i sin tur til at USA får lægre rentenivå, kan trykkja nær uavgrensa med dollar og køyra store underskot både på handelsbalansen og dei føderale budsjetta.
Sånn er det ikkje for oss andre. Vi er ikkje sterke nok til å truga Rusland. Det vi nyttar på Forsvaret, er pengar vi ikkje kan nytta på øl, raudt kjøt eller personlege trenarar. Tyskland er eit godt døme. Tyskarane fekk raskt eit betre velferdssamfunn og ein høgare levestandard enn kva Storbritannia fekk etter andre verdskrigen. Dei trong ikkje dyre fly og stridsvogner. Vest-Tyskland fekk knapt ha eit forsvar i dei fyrste tiåra etter 1945. Storbritannia på si side var med å tryggja Tyskland. Det betalte dei dyrt for. Så seint som i 1960 nytta Storbritannia heile 24 prosent av statsbudsjettet på forsvar. Ein tilsvarande pengebruk i dag hadde svart til 2 billionar kroner. Men no nyttar britane berre 400 milliardar kroner på forsvaret sitt. Om tyskarane hadde måtta nytta like mykje på forsvar som britane gjorde, ville ikkje «det tyske økonomiske underet» vore i nærleiken av å ha vore så stort.
Hauken Gerhardsen
Men også Noreg stilte opp i vernet av Vest-Tyskland, og det synte til dei grader att på statsbudsjetta til Einar Gerhardsen. I 1960 nytta vi 16 prosent av statsbudsjettet til Forsvaret. Om vi nytta den same prosentdelen i dag, ville forsvarsbudsjettet ha vore på 210 milliardar kroner. Det er det ikkje. Forsvaret får i år om lag 50 milliardar. No skal det seiast at samanlikninga med 1960 ikkje er heilt rettvis. Gerhardsen køyrde ei beinhard spareline. Den offentlege delen av verdiskapinga (BNP) gjekk ned frå 33 prosent i 1945 til 26 prosent i 1960.
Men denne reduksjonen vart raskt reversert då vi byrja å byggja velferdsstaten. I dag er offentleg sektor 60 prosent av BNP på Fastlands-Noreg, og på vel 50 prosent om vi også tek med oljen. Difor er det kanskje betre å nytta Forsvaret som del av BNP som mål. I 1960 fekk Forsvaret nytta vel 4 prosent av verdiskapinga i Noreg. Om Forsvaret fekk nytta den same prosentdelen i dag, ville Forsvaret hatt eit budsjett på 128 milliardar. Men som nemnt: Forsvaret får knapt 50 milliardar.
Det høyrer òg med å nemna at etter kvart som skattane auka, auka ikkje forsvarsbudsjetta tilsvarande gjennom den kalde krigen. Forsvaret vart altså ikkje prioritert like sterkt som trygder og omsorg i alle åra etter 1960, men det var heller ikkje slik at Forsvaret ikkje vart prioritert. Heilt fram til 1990 låg Forsvaret og vaka på litt under 3 prosent av BNP. Den sterkaste auken kom faktisk under Gros andre regjering mellom 1986 og 1990. Då vart forsvarsbudsjettet på nett 3 prosent av verdiskapinga. Hadde vi nytta like mykje av BNP i år som i 1990, skulle forsvarsbudsjettet ha vore på 96 milliardar kroner, omtrent det doble av det regjeringa Solberg nyttar.
Muren ramla
Vi veit kva som skjedde: Hausten 1989 ramla Muren, og vi byrja etter kvart å få store inntekter frå oljen: BNP gjekk opp og opp, og er i dag over 80 prosent høgare enn i 1990, medan Forsvaret gjekk den andre vegen. Og her møter vi Andøya på ny. Tala som det har vore så mykje debatt om, finn vi i Prop. 151 S: «Kampkraft og bærekraft», som regjeringa la fram før sumaren i fjor. Det er ein litt underleg proporsjon for dei som kan litt om dei historiske løyvingane til Forsvaret. Gong etter gong dukkar nemleg denne og liknande formuleringar opp: «Regjeringen legger opp til en historisk økning av forsvarsbudsjettet». Det er kan henda slik at dei som har skrive dette, ikkje kjenner til historia, for den lovde auken, om han i det heile teke finst, er ikkje i nærleiken av å vera historisk. I høgda er langtidsplanen for Forsvaret eit lite brot på den store kuttlina, men korkje som del av stasbudsjettet eller BNP skal Forsvaret verta større. Andøya vert til dømes lagt ned nettopp for å spara pengar. Og det er store summar det er snakk om.
Lykelformuleringa kjem tidleg, regjeringa listar opp prioriteringane, men så skriv dei: «For det første må det skapes balanse mellom oppgaver, struktur og økonomi.» Det er ein finare måte å seia «kutt, kutt og kutt» på. «Noen av de største utfordringene i dagens Forsvar er knyttet til drift og gir seg utslag i utilstrekkelig vedlikehold og beredskapslogistikk, samt manglende bemanning, tilstedeværelse, trening og øving.» Og for å få ting i balanse, ja, så vedtek Stortinget at ei mengd basar og stasjonar og våpenklasser skal bort. Innanfor rammene regjeringa legg fram, har dei enkelt og greitt ikkje råd til å halda på Andøya.
Når Frp får pressa gjennom høgare trygder til gifte pensjonistar, kan dei ikkje samstundes seia at dei har råd til nytt luftvern i Nordland. Eller som forfattarane skriv: «Regjeringen vil prioritere de kapasitetene som samlet gir best forsvarsevne, selv om dette innebærer konsekvenser for lokalisering og endringer av Forsvarets struktur.»
Nye kampfly
Det meste i planen handlar om dei 52 nye F-35-kampflya vi skal kjøpa. Det meste skal byggjast rundt desse. Flya er ikkje berre dyre i seg sjølve, dei må òg vernast. Det fører til at Ørlandet og Evenes må gjennom ei storstilt ombygging, ei ombygging som er vorten mykje dyrare enn tidlegare planlagd. Ørland kommune har drive ein hard lobbykamp mot Bodø for å halda fram som hovudflyplass for kampfly. Men med éin gong Stortinget sa ja, fekk den vidgjetne fløyta ein annan låt. Staten kunne ha nytta ein statleg reguleringsplan for å få det som han ville, regelverket for statleg reguleringsplan er verkeleg mynta på å halda opp statens valdsmonopol. Men i staden for å halda seg til den opphavlege kostnadsplanen gjekk regjeringa med på at Ørland kommune skulle få laga sin eigen reguleringsplan. Dette har ført til at stasjonen skal få mykje mindre støy og at omliggande tomter i staden for å verta kjøpte til marknadspris, no får ein pris som liknar dei prisane som vert oppnådde i pressområde. «Vedtaket innebærer en vesentlig økning av kostnadene», som regjeringa så lakonisk skriv. Ombygginga av Ørlandet vert dimed 850 millionar dyrare enn tenkt.
Å leggja basen til Trøndelag i staden for Bodø fører òg til at Forsvaret har trong for ein framskoten base for kampfly i Nord-Noreg, nemleg Evenes, som då må få nytt luftvern og forsterka hangarar. Difor ryk Andøya, for regjeringa har ikkje råd til luftvern både på Andøya og på Evenes. Dei nye investeringane på Evenes kjem på 3,5 milliardar, for Andøya er den tilsvarande kostnaden 8,7 milliardar. Desse vel fem milliardane seier regjeringa at ho ikkje har. Ei delt løysing hadde også auka driftskostnadene. Over 20 år vert ein slik meirkostnad på over fire milliardar. Dessutan er arbeidsmarknaden dårleg i nærområdet for Andøya, og god i nærområdet til Evenes, slik at ektefellane lettare kan få seg arbeid ved Evenes.
Må òg ha vern
Ei delt løysing der Andøya får dei maritime overvakingsflya, er heller ikkje aktuell, sidan Andøya ikkje kan gje overvakingsflya vern. Dimed må Evenes i tilfelle ein uroleg situasjon i alle høve få overført desse flya. Og då vert Evenes den basen som må ha flya i tilfelle krig. Rett nok er det i høgste grad usikkert om Noreg i det heile teke har trong til slike bemanna overvakingsfly. Forsvarssjefen meiner dei burde verta bytt ut med billige og effektive dronar, og skriv: «Proporsjonen legger i mindre grad enn det jeg anbefalte opp til at Forsvaret skal utnytte de muligheter som åpner seg ved å bruke ubemannede farkoster.» USA til dømes nyttar no droner over store delar av den islamske verda. Men her har kanskje ikkje regjeringa våga å leggja seg endå meir ut med Nord-Noreg enn ho alt har gjort. Overvakingsflya utgjer ein stor arbeidsplass.
Forsvarssjefen får heller ikkje gjennom sitt ynske om å samla hæren i Nord-Noreg: «Fornying av Hærens ildkraft og beskyttelse utsettes og samling av ildkraften i nord prioriteres ikke.» Forsvarssjefens kapittel er lite anna enn hard kritikk presentert med milde ord. Særleg misnøgd er han med dei økonomiske vurderingane og alle innsparingane regjeringa meiner å ha funne. Formuleringar som dette er det fleire av: «Jeg er bekymret for at manglende konsekvensvurderinger kan bidra til et vel optimistisk innsparingspotensial.»
Tala til slutt
Som journalist lærer ein at det mest viktige skal koma fyrst i ein artikkel. Slik tenkjer ikkje regjeringa. Fyrst på side 110 dukkar det opp ein tabell for dei økonomiske rammene, som altså skal syna ei «historisk satsing.» Som vi har fått med oss, har kjøpa av F-35 pluss ein del anna ført til at Forsvaret i nokre år no har fått ekstraløyvingar utanfor budsjett. Når flya er ferdigkjøpte, får dimed Forsvaret mindre enn budsjetta for tida gjev inntrykk av. I 2016 var det ordinære budsjettet på 42,5 milliardar før ekstraordinære kjøp, med kjøpa vart det reelle forsvarsbudsjettet på 49,7. Kor mykje skal så forsvarsbudsjettet aukast med i den røynlege verda dei neste fire åra, som er den perioden regjeringa har laga konkrete budsjett for? Det salderte og inflasjonsjusterte budsjettet skal opp frå 48,9 milliardar i 2016 til 53,0 milliardar i 2020. Den historiske auken vert altså på 4,1 milliardar, eller drygt 8 prosent.
Om Noreg får vanleg vekst – vel 2 prosent per år – dei fire komande åra, vil Forsvaret halda fram med å verta redusert som del av BNP. Det er òg vanskeleg å sjå at Forsvaret skal veksa som del av statsbudsjettet. I 2013 var utgiftene på statsbudsjettet nett 1 billion, i år er utgiftene på 1,3 billionar. Sjølv om vi justerer for inflasjon, har veksten i statens utgifter vore på langt meir enn 8 prosent. Berre om veksten i norsk økonomi vert svak, og statsbudsjettet utsett for relativt store kutt, kan vi seia at langtidsplanen for Forsvaret er ei reversering av manglande vekst. Å berga Andøya innanfor dei rammene som det er planlagt for framover, er truleg òg umogleg.
NATO har som kjent eit relativt blygt mål om at medlemsstatane skal nytta 2 prosent av BNP på Forsvaret. Skal Noreg nå det målet, må vi truleg opp i 70 milliardar 2016-kroner i 2020. Slik stoda er no, vil Forsvaret mangla 17 milliardar når denne stortingsperioden er over, og det same kor ofte regjeringa snakkar om «en historisk økning.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slik stoda er no, vil Forsvaret mangla 17 milliar-
dar når denne stortingsperioden er over, og det
same kor ofte regjeringa snakkar om «en histo-risk økning.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.