Den nyttelause språkopplæringa
Norske styresmakter meiner flyktningane har ei framtid i heimlandet så snart dei har fylt 18 år. I mellomtida vert dei flytta frå stad til stad i Noreg og tilbydd intensiv språkopplæring – i norsk.
Frøydis Skjold ved Bryne vidaregåande underviser i norsk for fleire einslege mindreårige som har fått avslag på asylsøknad, men opphald fram til dei er 18 år. Opplæringslova gjev dei rett til «særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen».
Foto: Eva Aalberg Undheim
Bakgrunn
Einslege mindreårige asylsøkjarar
Under 18 år og kjem til Noreg utan foreldre.
Utgjorde over 17 prosent av dei 31.150 som søkte asyl i Noreg i 2015, 9 prosent av dei 3460 som søkte asyl i 2016 og 5 prosent av dei 2865 som har søkt asyl i Noreg så langt i år.
I dag er det 302 einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg som har mellombels opphald fram til dei vert 18 år. I tillegg er det over 100 som ventar svar på asylsøknaden, ifølgje UDI.

NORSKOPPLÆRING
eva@dagogtid.no
Tenk deg at du er 17 år og sit på skulebenken. Du har reist frå heimlandet utan foreldra dine og har hatt ei lang og farefull ferd gjennom fleire land og over ope hav. Du mista kameraten din av syne i Tyrkia og vart fråstolen alt du hadde i Bulgaria. Nett no er du på ein trygg stad, men du søv dårleg og vaknar om nettene av høge lydar og menneske som ropar og græt. Du må ha sovemedisin for å få ro og har vanskar med å stå opp når du skal. Du kan skvette til av ei dør som slår, eller om nokon dreg pulten litt for brått over linoleumen i klasserommet.
Utanfor klistrar lett haustregn seg til vindaugsruta og på jernbanelina går toget forbi med jamne mellomrom. Det er stort sett i rute. Det er ikkje du. Du må reise herifrå når du vert 18, tilbake til heimlandet. Nokre av klassekameratane dine har fått opphald og kan busetje seg her. Du er mellombels.
Læraren les eit eventyr på norsk. Etterpå får du i oppgåve å øve på rett ordstilling: «her. håper, vil du Jeg trives», «fint. greier det Vi». «Skriv ordene i riktig rekkefølge», seier læreboka Migranorsk 1.
Hadde du hatt nytte av det, om det var deg?
Over 300 som skal ut
I dag er det ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) 302 einslege mindreårige asylsøkjarar i alderen 15–18 år i Noreg som ikkje har opphald i landet lenger enn til 18-årsdagen. I tillegg er det over 100 einslege mindreårige asylsøkjarar som ventar svar på asylsøknaden.
Til saman har 676 einslege mindreårige fått såkalla mellombels opphald sidan i fjor. Over 90 prosent av dei kjem frå Afghanistan. Tala er eit resultat av at UDI i fjor vurderte fleire område i Afghanistan enn før som trygge. I tillegg gjekk Stortinget inn for å fjerne vilkåret om at retur til ein annan stad i heimlandet enn der asylsøkjaren kjem frå, må vere «rimeleg». Det må framleis vere «trygt og tilgjengeleg», men ikkje «rimeleg». Det vil seie at fleire, ifølgje regelverket, kan returnerast til heimlandet så snart dei har fylt 18 år.
I mellomtida tilbyr norsk skule og lovverk elevar med anna morsmål enn norsk eller samisk «særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen», i inntil to år.
Ungdomane norske styresmakter meiner har ei framtid i Afghanistan, vert altså utstyrt med intensiv språkopplæring – i norsk.
Lågt læringsutbytte
Dømet innleiingsvis er konstruert, men ikkje urealistisk, ifølgje Frøydis Skjold. Ho underviser i norsk og er kontaktlærar ved Bryne vidaregåande skule for ungdomar som nyleg har kome til landet. Dei siste åra har ho vore lærar for fleire einslege mindreårige som har fått avslag på asylsøknaden, men opphald fram til dei er 18 år.
– Når nei-vedtaket kjem, er det mange som går rett i bakken. Fråværet vert stort. Enkelte dagar er dei sengeliggande. Det er psykologtimar, sovemedisin og i nokre tilfelle innleggingar. Dei har lågt læringsutbytte i alle fag. Er du traumatisert, tek du ikkje til deg læring. Vi merkar også at dei får dårlegare hugs. Hovudet er i kriseberedskap. Skulen er likevel viktig. Her får dei faste rammer og møter andre. Men eg har ofte tenkt at dei kunne ha fått noko som var meir praktisk retta. Det å gå to år for å lære norsk når framtidsutsiktene er å verte send tilbake til Afghanistan, verkar meiningslaust, seier ho.
– Dei har så mykje å tenkje på. Då er det ikkje berre, berre å fokusere på bøying av norske sterke verb, seier Chantale Haussler, som er kontaktlærar ved same skule.
På skulen er det undervisning 30 timar i veka: 16 timar norsk, to timar matte, fire timar samfunnsfag, to timar naturfag, to timar gym og fire timar engelsk. Læreboka Migranorsk 1 følgjer innvandrarjenta Nita som flyttar til Noreg, og har kapittel om «Nita flyttar inn», «Nærbutikken», «Nita kjøper maling», «Utdanning» og «På jobb». Temaa passar bra til entusiasmen og motivasjonen mange av elevane har i byrjinga, fortel Skjold. No er stemninga snudd, seier ho.
– Mange kan verke deprimerte. Andre stengjer det heilt ute og vil ikkje snakke om korleis dei har det. Men historiene kjem fram når dei skriv fritekst på språktestane. Oppgåva er til dømes «Fortell om første møte med Norge». Når eg les dei historiene der, klarar eg ikkje meir enn eit par om gongen, seier Skjold.
«Tullar med oss»
– Dei opplever det som at «Noreg tullar med oss».
Det seier Marthe Soma, som jobbar på avdelinga for einslege mindreårige asylsøkjarar på Hå mottakssenter på Jæren.
Det sennepsgule internatbygget ligg ut mot Nordsjøen, der vinden tek som best når det bles. Det er hol i asfalten på parkeringsplassen, hol i eitt av vindauga og for nokon er det er hol i logikken. «– gjør en ny framtid mulig», fortel slagordet til driftsoperatøren av mottaket frå eit skilt på veggen. «Do more of what makes you happy», seier visdomsordet som heng ramma inn i gangen innanfor. Halvparten av dei 27 einslege mindreårige som bur her no, har derimot vedtak om at dei må ut av landet når dei vert 18.
Soma fortel det same som kontaktlærarane på Bryne vidaregåande skule: Aktivitetsnivået til ungdomane går drastisk ned når dei får avslag på søknaden om asyl. Mange droppar ut av skulen. Somme får sjølvmordstankar.
– Vi har hatt sjølvmordsforsøk, innleggingar og personar vi ikkje vågar å ta ansvar for lenger, seier ho.
– Då dei kom, var dei veldig entusiastiske, ønskte å gå på skule og lære. Så byrja vedtaka om mellombels opphald å kome, og då rimeleg-kravet fall i fjor, vart det merkbart tyngre stemning. Dei spør kva dei skal med norskopplæring når dei likevel skal ut. Men skulen er jo også viktig for å lære matematikk, samfunnsfag og andre fag, og det å trene opp evna til å lære, har dei utbytte av uansett. Nokre er også sjølv opptekne av å kome seg på skulen framleis, fordi det gjev ei avveksling frå det å vere på mottaket. Det er likevel ikkje alle som har fagleg utbytte av det.
– Ville dei hatt meir utbytte av anna type undervisning?
– Dei burde ha fått noko praktisk retta, som kan gje kvalifikasjonar dei har interesse for og som kjem til nytte der dei skal bu, seier ho.
Lite tilpassing
Det å tilby ungdomar med mellombels opphaldsløyve meir praktisk retta og individuelt tilpassa opplæring var ei av dei klare tilrådingane i ein rapport Fafo-forskar Silje Sønsterudbråten laga på oppdrag frå UDI i 2010. Den gongen var det gjeve mellombels opphaldsløyve til 71 einslege mindreårige i Noreg. Dei hadde ein todelt skuledag med vanleg skule med undervisning i norsk og om norsk samfunn halve dagen, og eige tilpassa såkalla returførebuande opplegg andre halvdelen.
– Utdanningsopplegget førebudde dei både på integrering og på retur. Dei levde i ei dobbelrolle som eg var kritisk til i rapporten, seier Sønsterudbråten.
Ho tilrådde mellom anna «opplegg som gir dokumentert konkret kompetanse eller ferdigheter innenfor tiden som er til rådighet (for eksempel bilkjøring og systematisk opplæring i yrkesfaglige felt som frisør, mekaniker og kokk)» og «systematisk engelskopplæring med mulighet for å oppnå vitnemål, i tillegg til norskopplæringen».
Lite av konklusjonane ser derimot ut til å vere følgt opp i dag, seier Sønsterudbråten. Ho jobbar for tida med ein ny studie av omsorgssituasjonen for dei einslege mindreårige asylsøkjarane.
– Vi er midt i feltarbeidet framleis, men hovudbiletet er at dei med mellombels opphaldsløyve følgjer same opplegg som dei som får opphald. Dei vert slusa inn i norskopplæring og grunnskule eller vidaregåande utan at det er tilpassa situasjonen deira, seier ho.
– Inga arbeidsro
UDI har sett av midlar til individuelt tilpassa opplæring som skal «bidra til at flere enslige mindreårige returnerer ved at deltakerne får en kompetanse som de kan bruke i hjemlandet». Midlane vert kalla «returfremmende» på UDI-nettsidene og vert delte ut etter søknad frå mottaka, til opplæring som er tidsavgrensa og som må gjennomførast før den einslege mindreårige er 18 år. I 2017 har regionane samla fått tildelt 1.050.000 kroner til slike tiltak.
– Meininga med midlane er å gje tilpassa opplæring som både har ein verdi i heimlandet ved retur, altså kunnskap som kan brukast når dei returnerer til heimlandet, og ein verdi i form av aktivitet på mottaket her i Noreg, seier Anders Aakhus ved retureininga i UDI.
Så langt i 2017 er det løyvt midlar til 19 tiltak i fire regionar. Ti av tiltaka gjeld kurs i data og mekanikk som inkluderer fagleg praksis i bedrift for ti personar i region Nord. Dei opplæringstiltaka er ferdig gjennomførte. Dei ni andre er i gang eller skal snart i gang, ifølgje UDI.
Aakhus nemner også seksvekers kurs som sykkelreparatør og datareparatør som døme på opplæring som er støtta.
Ved Hå mottakssenter er det i samarbeid med Bryne Raude Kross starta eit liknande kvalifiseringstiltak, oppretta særleg med tanke på dei som har mindre enn eitt år att før dei må reise ut. Dei har fått ein gamal bil som kan byggjast om til motocross. Prosjektet kjem likevel ikkje til å verte gjennomført. Nyleg vart det kjent at avdelinga for dei einslege mindreårige på Hå skal avviklast innan 1. desember.
– Dei har mista heile motivasjonen til å prøve å gjere det ferdig. Dei får inga arbeidsro, seier Soma.
Ungdomane skal flyttast til mottak anten på Sandnes eller på Stord. For enkelte av dei inneber det å verte flytta for sjuande gong sidan dei kom til Noreg, ifølgje Soma. For nokon av dei inneber det også å skifte skule.
– uhaldbart
Etter at det utover i 2016 synte seg å kome langt færre asylsøkjarar til Noreg enn det styresmaktene fyrst hadde trudd, har UDI lagt ned stadig fleire mottak og avdelingar også for einslege mindreårige. Det gjev manglande arbeidsro fleire stader i landet.
Nordland er fylket som i dag har flest einslege mindreårige med mellombels opphaldsløyve.
Kjersti Beddari, som leiar elevtenesta på Aust-Lofoten vidaregåande i Svolvær, kallar situasjonen uføreseieleg og uhaldbar for alle partar.
– Vi starta opp med innføringsklasse for dei som nyleg hadde kome i fjor. Då hadde vi lite planleggingstid og var ganske dårleg førebudde. Vi lurer jo også på kva vi skal lære dei. Kva har dei bruk for seinare i livet? Vi diskuterer det heile tida. Samstundes er ikkje handlingsrommet stort for kva vi kan gjere ut frå læringsressursane og lokalitetane vi har, seier ho.
I haust fekk skulen melding frå fylkeskommunen om å starte opp ein ny innføringsklasse, fordi det hadde kome ein del asylsøkjarar frå andre mottak til Svolvær i løpet av sommarferien. To veker ut i skuleåret kom det så ny beskjed om at mottaket i Svolvær også skal leggjast ned. Dei 14 elevane på mellombels opphald skal flyttast til ein annan skulekrins.
– Ganske mange av dei kom altså til Svolvær i sommar frå andre mottak som vart lagde ned. Dei kjem hit, får etablert eit skuletilbod, og så er det oppbrot igjen. Det er trist og ganske forferdeleg. Og det er klart at motivasjonen for å sitje på skulen og lære er dårleg. Dei er på vent og i ein svært uføreseieleg situasjon, seier Beddari.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det å gå to år for å lære norsk når framtids-
utsiktene er å verte send tilbake til Afghanistan,
verkar meiningslaust.»
Frøydis Skjold, kontaktlærar
ved Bryne vidaregåande skule
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.