JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk landbruksstøtte i spel i WTO

Det er lite som tyder på stor framgang i forhandlingane om liberalisering av verdshandelen på den komande ministerkonferansen i Verdshandelsorganisasjonen, men konferansen kan få ein del å seie for norsk landbrukspolitikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11321
20171006

Bakgrunn

Verdshandelsorganisasjonen (WTO)

Vart etablert som ein permanent organisasjon i 1995, og har i dag 164 medlemsland.

Skal fremje verdshandel gjennom å fjerne handelshindringar og tilby reglar og mekanismar for konfliktløysing.

Gjeldande regelverk vart lagt i 1994 i den såkalla Uruguay-runden.

Har sidan Doha-møtet i 2001 jobba for å kome fram til ein ny, global avtale, med mål om å løfte økonomien til utviklingslanda.

Landbruk

eva@dagogtid.no

Neste veke møtest representantar for EU og rundt 40 av landa i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i Marrakech i Marokko. Der skal dei diskutere kva det kan vere mogleg å kome til semje om på WTO-ministerkonferansen i Buenos Aires i Argentina i desember. At det vert store greier, er slett ikkje gjeve.

Heilt sidan 2001 har det gått føre seg forhandlingar om å få til eit nytt globalt regelverk for handel, utan stor framgang. Med framveksten av stadig fleire regionale og tosidige handelsavtalar har aktiviteten i WTO dei siste åra i stor grad handla om å berge tilliten til det multilaterale forhandlingssystemet.

Under førre ministerkonferanse i 2015 vart det semje om å fase ut eksportsubsidiar og redusere andre former for støtte til eksport av landbruksprodukt. I ei slutterklæring plikta medlemslanda seg også til å halde fram forhandlingar om landbruk, industrivarer, tenester, regelverk, utviklingsspørsmål, handel og miljø.

Så vart Donald Trump president i USA, og det kom meldingar om at USA verken ser seg bunden av avgjerder frå WTO eller kjem til å prioritere multilateralt samarbeid.

Forventningane til kva som kan kome ut av den komande ministerkonferansen, er forsiktige. Møtet kan likevel få ein del å seie for norsk landbrukspolitikk. Fleire land ønskjer å redusere såkalla handelsforstyrrande støtte til landbruket, og per no er det lagt fram to framlegg til avtalar som forpliktar WTO-landa til å kutte i bruken av landbrukssubsidiar. Begge framlegga råkar Noreg hardt.

– Skulle dei gå gjennom, kjem vi til å måtte leggje om jordbrukspolitikken fullstendig. Det kjem til å endre stort sett alt ved den tradisjonelle politikken vår, seier Arne Ivar Sletnes, som er fagsjef for internasjonale spørsmål i Norsk Landbrukssamvirke.

To forslag som kan svi

Etter gjeldande WTO-regelverk kan Noreg årleg støtte landbruket med nær 11,5 milliardar kroner knytte direkte til produksjon av landbruksprodukt. Mesteparten av støtta er skilnaden mellom maksprisen bøndene forhandlar fram med staten i jordbruksoppgjeret, og verdsmarknadsprisen i 1986–1988. I tillegg kjem grunntilskot per produsert kilo av lam og geit, distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær og grønsaker og transportstøtte for storfe, svin, lam og egg, mellom anna. Noreg brukte i 2015 nær 11,2 milliardar – over 97 prosent – av tillaten støtte. Summen utgjer 46 prosent av den samla støtta til norsk landbruk som vart rapportert til WTO same år, ifølgje Landbruksdepartementet.

I WTO-sjargong vert støtta omtala som «gul» og handelsforstyrrande – fordi ho påverkar prisnivået på verdsmarknaden og stimulerer til meir produksjon. Dessutan held ho oppe prisnivået nasjonalt og kan bidra til redusert marknadstilgang for produsentar utanfrå. Det er i hovudsak landa som brukte denne forma for landbruksstøtte då WTO-regelverket vart laga i byrjinga av 90-talet, som har løyve til å gje slik støtte i dag. Det inkluderer EU og land som USA, Brasil, Japan, Canada, Sveits, Australia og Island, i tillegg til Noreg. Noreg er blant landa som brukar mest av sin del av støtta i dag. Land som Kina og India kan etter regelverket berre gje slik støtte i avgrensa grad.

Kina og India protesterer mot asymmetrien i regelverket og har føreslege at ingen skal kunne gje handelsvridande støtte over eit visst minimum. Dei to landa set det som krav for å vere med å vurdere noko som helst reform av handelen med landbruksvarer. Framlegget vert derimot omtalt som fullstendig urealistisk i og med at det kjem til å råke så mange av dei store landa.

Annleis er det med avtaleframlegget EU og Brasil har lagt fram med støtte frå Colombia, Peru og Uruguay. Det inneber å avgrense den handelsvridande støtta til ein fast, men endå ikkje bestemt prosent av produksjonsverdien.

Noreg subsidierer mest

I motsetnad til framlegget frå India og Kina, kan modellen EU og Brasil føreslår, gjennomførast utan å råka dei store eksportretta landa i særleg grad. EU har gjennom landbruksreformer alt redusert bruken av den gule handelsvridande støtta til 2 prosent av produksjonsverdien og lagt om til meir bruk av det som i WTO vert kalla «grøn» støtte. Det vil seie produksjonsuavhengig arealstøtte og miljøprogram som ikkje er vurdert til å ha handelsvridande effekt. I USA ligg bruken av handelsvridande støtte på langt under 15 prosent av produksjonsverdien.

Forslaget frå EU og Brasil er derimot svært krevjande for Noreg, som har eit støttenivå som svarar til over 30 prosent av produksjonsverdien. Vert den handelsvridande støtta i WTO til dømes avgrensa til 14 prosent av produksjonsverdien, må Noreg kutte over halvparten av støtta i dag, medan EU og USA slepp reelle kutt.

Modellen skremmer Norges Bondelag som fryktar dei store landa kan verte samde om ein prosentsats dei sjølve kan leve med, men som kjem til å råke land som Noreg hardt.

Nestleiar Bjørn Gimming og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal i Bondelaget seier at alle former for reduksjon i den gule støtta, kjem til å slå direkte ut på norske marknadsordningar og målprissystemet for korn, mjølk, svinekjøt, poteter, eple og grønsaker. Målprisane vert sette i dei årlege jordbruksforhandlingane, og er prisen bonden reelt sett skal kunne oppnå for eit produkt under føresetnad av at marknaden er i balanse.

– Reduksjon i støtta kjem til å svekkje høva vi har til å regulere marknaden og føre ein politikk som gjer det mogleg å ha landbruk i heile landet, seier Gimming.

– EU og andre land har lagt om frå gul til grøn støtte. Kunne ikkje Noreg teke liknande grep?

– Det som har skjedd i andre land, er at dei held seg til verdsmarknadsprisen på produkta og kompenserer med andre typar støtteformer, som betaling for miljøgode og miljøverdiar til dømes. Det sikrar ikkje nødvendigvis produksjon. Skal vi halde oppe norsk matproduksjon og ha landbruk over heile landet, må vi også ha verktøya som trengst for å klare det, seier han.

«Klart ubalansert»

Gjengedal seier framlegget frå EU og Brasil råkar feil land og ikkje kjem til å ha stor effekt på verdshandelen.

– Føremålet med å kutte i landbruksstøtta er å unngå forstyrringar i verdshandelen. Då må det ramme dei store eksportaktørane som verkeleg betyr noko i verdsmarknaden, som EU og USA. For å få gjennom eit framlegg i WTO må dei nok likevel leggje seg på eit slikt nivå at det ikkje får betyding for dei store aktørane. Det kjem likevel til å råke nokre få små og nettoimporterande land. Noreg kjem til å verte aller hardast råka, for vi brukar ein så stor del av den i dag tillatne støtta. Men vi produserer jo i all hovudsak for den nasjonale marknaden, og forstyrrar ikkje verdshandelen på same måte som dei store aktørane, seier ho.

Noreg har i møte i WTO-forhandlingskomiteen for landbruk gjeve uttrykk for at framlegget frå EU og Brasil er «klart ubalansert». Det går fram av nyhendebrevet Geneva Watch, som følgjer forhandlingane i WTO. I tillegg har Sveits, på vegner av gruppa av nettoimporterande land som Noreg, Japan, Mauritius, Korea, Island, Israel, Liechtenstein og Taiwan, teke til motmæle mot framlegg som råkar medlemslanda skeivt, og som ser vekk frå «verdien av å tillate medlemmene å halde oppe eit variert landbruk».

Det har ikkje lukkast Dag og Tid å få kommentarar frå Utanriksdepartementet om saka denne veka.

Seine nattetimar

Land som Australia og Canada har også kritisert framlegget frå EU og Brasil, og det vert snakka om at dei to kan kome til å leggje fram eit eige framlegg, som inkluderer tre alternativ for korleis landa kan kutte i den handelsvridande støtta.

Gjengedal seier fleire alternativ til korleis landbruksstøtta skal reduserast kan gjere situasjonen mindre krevjande for norsk landbruk.

– Det er også betre at det ligg fleire framlegg på bordet når det skal forhandlast. Det er få som eigentleg trur det vert semje om nokon landbruksavtale alt no i desember, men faren er om diskusjonane for framtida om reduksjon av støtta vert låste om ein modell som den EU og Brasil har føreslege, seier ho.

Bondelaget vågar heller ikkje å avskrive ein avtale i Buenos Aires enno.

– Det er aldri godt å vite kva som kan skje på slutten av slike møte. Ved ministerkonferansen i 2015 var det også stor avstand mellom landa og lite truleg med ein avtale. Så sette dei fem stormaktene seg saman til langt utpå natta og vart samde. Resultatet vart ein avtale om utfasing av eksportsubsidiar som råka Noreg, Sveits og Canada, medan alle dei store landa gjekk klare. Den store frykta vår er at det same skal skje igjen no, seier Gimming.

Avstand mellom partane

Sletnes i Norsk Landbrukssamvirke vil heller ikkje gamble på at det ikkje vert ein ny avtale om landbruksstøtte i desember.

– Nett no er det lite som talar for eit forhandlingsresultat, for partane står for langt frå kvarandre, og det finst store aktørar som ikkje har tona flagg i spørsmålet enno. I tillegg er det pågåande konfliktar mellom USA og Kina. Når det er sagt, er det lite som er meir uføreseieleg enn presidenten i USA. Det skal berre ei twittermelding til før forhandlingane kan få ny dynamikk, seier han.

Dersom ingen andre land legg fram eit tredje framlegg til korleis landbruksstøtta skal reduserast, må Noreg sjølv gjere det, for å unngå at modellen til EU og USA vert tonegjevande, meiner Sletnes.

– WTO-avtalar krev semje mellom partane. Kva er sjansen for at Noreg signerer ein avtale som råkar norsk landbruk så hardt som EU-Brasil-modellen gjer?

– Dersom alle andre land går inn for eit framlegg og Noreg står åleine, har vi eit problem. Norske styresmakter vil nok ikkje blokkere ein avtale til kva pris som helst, men dei må jo jobbe for at resultatet som vert vedteke, ikkje vert skadeleg for Noreg.

– Må Noreg vente seg reduksjon i landbruksstøtta på eitt eller anna tidspunkt uansett?

– Det skal eg ikkje seie noko om, men at ballen vert lagd død i Buenos Aires, skal mykje til. Det finst dei som vil jobbe hardt for at det skal diskuterast vidare.

Sjølv meiner Sletnes det er eit blindspor å i det heile teke diskutere landbruksstøtte i WTO.

– Verda står overfor heilt fundamentale utfordringar med ei veksande befolkning som treng stadig meir mat, mangel på alle naturressursar, enorme klimautfordringar og forureining. I handelsavtalar burde vi då konsentrere oss om korleis vi kan bidra til å løyse desse problema og nå FNs berekraftmål. I den samanhengen er ikkje landbruksstøtta problemet. Å redusere støtta bidreg ikkje til å ta verda i rett retning. Det er berre gamalt tankegods som heng att, og noko nokon oppfattar som ein måte å gjere WTO relevant på igjen, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Noreg kjem til å verte aller hardast råka.»

Hildegunn Gjengedal, Norges Bondelag

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis