JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kan terroristar igjen få makt i Raqqa?

RAQQA: Ei svartkledd kvinne med nikab løftar høgrehanda og gjer V-teiknet mot oss. Eg sit midt i ein bilkolonne på veg til Raqqa stadion. Arabarar, kurdarar og andre skal markere frigjeringa av byen sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Krigsfangane frå Daesh lagar leiker og pyntegjenstandar på fengselsverkstaden i Qamishlo. Familiane får litt av salsinntektene. Det var kanskje ikkje ein slik karriereslutt dei heilage krigarane hadde tenkt seg.

Foto: Erling Folkvord

10229
20171027

Bakgrunn

SDF (Dei demokratiske styrkane i Syria) vart oppretta for to år sidan. Utgangspunktet var dei kurdiske forsvarsstyrkane som frigjorde Kobanê. SDF har rekruttert kraftig. Rundt halvparten av SDF-soldatane er kurdarar. Den neste største gruppa er arabarar.

Føderasjonen Nord-Syria vart oppretta i desember 2016 og omfattar Rojava og dei frigjorde arabiske områda som har slutta seg til. Føderasjonen skal i januar 2018 gjennomføre val av ei lovgivande forsamling. Føderasjonen bygger opp ei demokratisk samfunnsordning etter modell av Rojava. Målet er eit samla, demokratisk og føderalt Syria.

Syria

erfolk@online.no

Dagen er historisk. Ein dag for dei som forandrar verda, i handling og ikkje berre i ord. Dei demokratiske styrkane i Syria (SDF) har frigjort Raqqa. Med flystøtte og tunge våpen frå USA. Daesh er knust. Berre dei mange minene ligg att.
I éin forstad ser eg ingen utbomba hus. Mange vinkar til oss. Men ikkje alle. Fleire går forbi utan å ense korkje bilane eller dei som ser ut vil å vere glade. Det er ulmande konfliktar under overflata.

Alt er ikkje øydelagt

Raqqa var ein av dei vakraste byane i Syria. Før krigen var byen langt større enn Trondheim. Øydelegginga er verst i sentrum, der Daesh forskansa seg i bustadhus, skular og sjukehus. Men heller ikkje her er alt øydelagt. Ein og annan bygning har små skader. To minaretar peikar mot himmelen, slik dei alltid har gjort.

Det eg såg i Kobanê etter frigjeringa der, var verre. Men Raqqa er minst fem gonger større enn Kobanê. I Raqqa kan dyktige fotografar lage endelause og sanne biletseriar av ruinar og tragediar. Det treng likevel ikkje vere heile sanninga. Eg synst ikkje lidingane blir mindre om vi nøkternt vedgår at ikkje alt er øydelagt.

Daesh er der likevel

Kvelden før vi reiste til Raqqa, møtte eg Hedya Yosef. Den 38 år gamle kurdiske kvinna frå småbyen Derik er medleiar i Føderasjonen Nord-Syria som vart oppretta i 2016.

Den andre medleiaren er arabar. Dei hevdar at Føderasjonen kontrollerer ein tredjedel av Syria. Stort sett nord og aust for Eufrat. Føderasjonen er no ein maktfaktor i Syria, sjølv om Tyrkia, USA og Russland har stengt dei ute frå alle fredsforhandlingar.

– I Midtausten kan det vere så mange som tusen Daesh-grupper som har gått under jorda. Dei kan slå til igjen, og gjerne med nye namn, seier Yosef.

Ho slår fast at kampen mot Daesh og terroren ikkje er slutt.

Alt er ikkje svart eller kvitt. Raqqa var i kaos før Daesh tok over byen i januar 2014. Jihadistgrupper og andre skapte kaoset etter at Assad og den lovlege regjeringa gav opp byen. Daesh innførte eit terrorregime, men dei skapte òg orden. Kvardagen vart på nokre vis betre, i alle fall for dei som innretta seg etter krava til Daesh. Eg ser ingen grunn til å moralisere over dei som fekk ein motvillig sympati for gruppa.

– USAs baby

Eg har i eit par veker reist rundt i Nord-Syria og snakka med folk på gata og med styresmaktene i byar der Daesh er nedkjempa: Kobanê, Manbij, Tal Abyad, Tabqa, Ayn Issa. Med unnatak av i Kobanê er dei fleste arabarar. Men tsjerkessarar, armenarar, jezidiar og turkmenarar har òg levd her i generasjonar. Ingen av byane har fått nemneverdig gjenoppbyggingshjelp utanfrå.

Dagen etter vi var i Raqqa, tok eg farvel med Kardo, som var kjentmann og tolk for meg. Før eg reiste frå Qamishlo lengst nord i Syria og til Hewler i Nord-Irak, bad eg Kardo svare på eit spørsmål som framleis kvernar rundt i hovudet mitt:

– Kven skal skaffe ressursane som trengst for å bygge opp Raqqa?

Syria er rikt frå naturen si side. Landet har både ingeniørar og bygningsarbeidar. Men no trengst meir enn naturressursar og dyktige fagfolk. Anleggsmaskinar og bygningsmaterialar finst nesten ikkje i Raqqa. Sjukehus og elektrisitetsverk manglar det meste. Ein ingeniør viste meg korleis Daesh hadde sprengt eller knust alle vitale delar i turbinane på Tabqa-kraftverket ikkje langt frå Raqqa. Til no hadde dei klart å få i gang to av åtte turbinar.

Og alt blir verre fordi verdssamfunnet handhevar ein beinhard blokade av heile Syria. Det er ikkje lov å selje turbindelar til Syria. Samtalen med ingeniøren minte meg om at hundretusenvis på 1990-talet døydde på grunn av FN-blokaden mot Irak.

– Dei som øydela byen, svara Kardo kort.

– USA, føydde han til.

Kortversjonen av det han sa vidare, er denne: Rett nok hadde Frankrike, Russland og Assad bomba byen tidlegare. Frankrike sleppte til dømes 20 bomber over Raqqa i 2015. Den franske presidenten viste handlekraft etter Daesh-terror i Paris. Men amerikanske pilotar sleppte dei fleste bombene.

Kardo seier òg at Daesh voks fram på grunn av den amerikanske invasjonen i Irak i 2003.

– Daesh er USAs baby, seier han.

– Men babyen vart så stor og sterk at USA bestemte seg for å ta livet av han.

Kardo er ikkje aleine om slike synspunkt. Lawrence Wilkerson, som under Irak-invasjonen var stabssjef for regjeringa i USA, sa i fjor at «IS (Daesh) er ein direkte konsekvens av den amerikanske invasjonen i 2003».

Det sivile rådet i Raqqa

Arabiske Leyla Mustafa heldt ein kort tale under frigjeringsmarkeringa Raqqa. Ho snakka på vegner av Det sivile rådet i byen. Rådet vart oppretta før SDF i juni starta offensiven mot Daesh. Rådet er ikkje demokratisk valt. Slik liknar det litt på heimefrontleiinga i Noreg under den tyske okkupasjonen.

Rådet har til no hatt hovudkvarter i Ayn Issa fem mil nord for Raqqa. Dei har ytt hjelp til flyktningane. No vil rådet organisere gjenoppbygginga av byen. Leyla Mustafa snakka ikkje berre om sigeren over Daesh. Ho snakka òg om at målet er eit samla, demokratisk, pluralistisk og desentralisert Syria. Ho snakka om fredeleg samfunnsendring og håp.

For to år sidan møtte eg Nesrin Abdullah i den kurdiske delen av Syria. Ho er leiar av YPJ (Dei kvinnelege forsvarsstyrkane). Det hadde gått ni månader sidan frigjeringa av Kobanê.

– Når vi har slåst mot Daesh og ytt så store offer, er det ikkje berre for oss sjølve, sa ho den gongen.

– Vi har tatt denne kampen for heile verda.

Etter frigjeringa av Raqqa heldt ho ein tale på torget som var viktigaste avrettingsplassen for Daesh: «Vi påførte bandane det tyngste slaget her i byen som dei kalla hovudstaden sin. Under den historiske Raqqa-kampanjen har 30 kvinnelege soldatar falle som martyrar. Vi dediserer frigjeringa av Raqqa til alle verdas kvinner.»

Korkje ho eller turkmenaren Talal Silo, som er pressetalsmann for SDF, legg skjul på at hjelpa frå USA var nødvendig for å knuse Daesh. Men på frigjeringsdagen snakka dei mest om og til sine eigne. Dei som i 135 dagar kjempa frå hus til hus.

Tilbake til samfunnet?

Mange eg har snakka med i Irak og Syria dei siste to åra, seier det ikkje er muleg å fjerne Daesh-sympati med militærmakt. Flyåtak som drep sivile, har gjerne motsett verknad. Ei jente frå PKK-geriljaen ved Kirkuk-fronten la i fjor vår vekt på at ein må diskutere islam og misbruk av islam med dei som har sympati med Daesh.

– Vi må snakke med slike folk, sa ho.

– Ikkje øydelegge husa og truge med å drepe dei.

I den frigjorte byen Tabqa, fem mil frå Raqqa, er det mange Daesh-sympatisørar. Dei fleste har ikkje krigsbrotsverk på samvitet:

– Dei vil vi ha tilbake i samfunnet igjen, sa ein av dei sivile leiarane.

I Manbij fortalde ei politikvinne om korleis dei for ein månad sidan hindra ein terroraksjon. Ein Daesh-sympatisør ringde og fortalde kva ei terroristgruppe planla. Kanskje hadde han merka at det nye styret i byen har det vi vil kalle ei inkluderande haldning. Politiet som omringa huset der Daesh-gruppa heldt til, fann våpen, ammunisjon og sverd som er laga for halshogging. Utdanningssenteret dei skulle øydelegge, er framleis i drift. Dei som planla terror, vart sleppte fri etter kort tid. Den anonyme innringaren er kanskje på veg vekk frå Daesh.

I Qamishlo besøkte vi fengselet som Assad-regimet dreiv fram til april i fjor. Dei nye styresmaktene som da tok over, sleppte fri dei politiske fangane.

I fengselsverkstaden møtte vi 15 krigsfangar frå Daesh. No produserer dei leiker og pyntegjenstandar for sal. Kanskje litt uvant for heilage krigarar? Fengselsfunksjonæren som viste oss rundt, sa at familiane får ein del av pengane. Fangane var sivilkledde og verka avslappa. Det eg såg her, fekk meg til å tenkje på den omstridde forsoningslinja Nelson Mandela stod for etter apartheidregimet i Sør-Afrika.

Nye terroristar?

Vi må ikkje gløyme korleis Daesh voks fram. Sjefen for den amerikanske okkupasjonsmakta skapte kaos da han i mai 2003 oppløyste hæren og storparten av statsapparatet i Irak. I dei neste åra med arbeidsløyse og ekstrem fattigdom grodde jihadistgrupper opp som sopp etter regnvêr. Innbyrdeskrigar dei i mellom gjorde vondt verre. Til slutt vart Daesh sterkast. Arbeidslause offiserar frå Saddam-tida fekk toppverv i Daesh.

Under frigjeringsmarkeringa i Raqqa stilte ein journalist to spørsmål til pressetalsmann Talal Silo: Kva tid kan folk kome heim? Kven skal bygge opp Raqqa?

– Så snart vi har rydda vekk alle minene, kan folk flytte heim og ta fatt på gjenoppbygginga, svara Silo.

Men flyktningane kan ikkje berre ta fatt når dei kjem tomhendte til ein kvardag som på mange vis er verre enn Bagdad i 2003. Dei møter husnaud, ekstrem fattigdom og sjukdom – og traumatiserte, foreldrelause og underernærte born. Sjukehus og vassforsyning er øydelagt. Det betyr år med konfliktar og alle slags kriser.

Daesh-sympatisørane kjem sjølvsagt òg tilbake. Det sivile rådet i Raqqa treng all mogleg ryggstøtte frå omverda i dei nærmaste åra. Det kan gå bra, om viss statane som har øydelagt Syria, ikkje prøver å overta styringa enda ein gong, men stiller opp med hjelp på Raqqas eigne premissar. Gjer dei ikkje det, kan terroristar igjen få vekstgrunnlag i Raqqa.

Erling Folkvord er tidlegare sosialarbeidar og representant for Stortinget og i Oslo bystyre for partiet Raudt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I Midtausten kan det vere så mange som tusen Daesh-grupper som har gått under jorda. Dei kan slå til igjen, og gjerne med nye namn.

Hedya Yosef, medleiar i Føderasjonen Nord-Syria

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis